a | a | a
OmdømmeMedvirkningNyskapingOmstillingStedsutviklingTilflytting
Du er her : Startside  »  Blogg

Distriktsbloggen

okt 12

Postet av: Trude Risnes
12. oktober 2009 

 

 

 

Tidlegare i haust deltok Distriktssenteret på eit seminar i regi av Sogn Jord- og Hagebruksskule, med tittel: Sogn Jord- og Hagebruksskule – ein regional utviklingsaktør. 

Seminaret inviterte lokale og regionale samarbeidspartar til diskusjon rundt spørsmålet Kva kan skulen tilby ungdom av kunnskap om bygd og landbruk og korleis vere ein best mogeleg partnar og utviklingsaktør for kommunane i regionen? Bakgrunnen er eit utgreiingsarbeid som skulen gjer, i samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune.


Viktig for lokal utvikling

Frå lokale seminardeltakarar var bodskapen til skulen klar: Skulen spelar ei viktig rolle som kompetansemiljø for lokale verksemder knytt til reiseliv og verdsarvforvaltning. Fleire viste også til skulen som viktig føresetnad for etablering av andre relaterte kunnskapsmiljø, som Aurland Naturverkstad og Kompetansenav Vest.


Innover eller utover fylket?

I bodskapen kunne ein ane også frustrasjon, eller undring, over at skulen si rolle og framtid framleis er til diskusjon. Og det sier gjerne også noko om utfordringa som Sogn jord- og hagebruksskule har: Denne ”annleis-skulen” inst i Sogn, med landslinestatus innanfor økologisk landbruk,  som rekrutterer nær alle sine elevar utanfrå fylkes- og landegrensene, og som utan tvil er ein stor ressurs lokalt. - Klarer skulen å sjå seg sjølv, også i eit fylkesperspektiv? Vil skulen klare å "selje seg inn" hjå resten av Sogn og fylket elles? Er skulen villig til å gå i takt med, evt. under, eit fylkeskommunalt regime?

 
Satse på "det annleise"?
Og motsett: Når fylkeskommunen, ut frå satsingsområde og næringslivsbehov, skal bestemme seg for kva som er riktig innretning og nivå på opplæringstilbodet i fylket; klarer politikarar og administrasjon å sjå kva Sogn jord- og hagebruksskule sitt bidrag kan vere i ein regional samanheng, også utover utdanningsområdet? Vil fylkeskommunen vurdere betydninga skulen har lokalt, som ein regional verdi? Torer fylkespolitikarar og byråkratar å satse på det som skulen representerer av verdifull  ”annleisheit”?


Nyskaping og "lokale galningar"

Litt tilbake til seminaret: Hovudinnleiar og forskar Dag Jørund Lønning, snakka der om forsking på innovasjonskulturar og bygdeutvikling. Lønning løfta fram betydninga av ”annleisheit” for nyskaping og innovasjon og diskuterte skulen si rolle som utviklingsaktør ut frå desse perspektiva. nnovasjonsforskinga peiker på den kreative krafta som heilt sentral i all nyskaping, og Lønning var oppteken av at bygder og småstader må  evne å opne opp for ”det annleise” . ”Vi må ta vare på dei lokale galningane – dei som ikkje tek etablerte sanningar for gitt – som tek i bruk ”allmenne ressursar” og skaper noko nytt”, sa Lønning. Samstundes peikte han på at denne dynamikken må fangast opp i strukturar eller regionale system som har evna til å vidareforedle den kreative krafta.


Sogn jord- og hagebruksskule - ein regional struktur?

Om hagebruksskulen som utviklingsaktør meinte Lønning at skulen framleis bør halde fram som ein spesiell skule, men balansere det opp mot forståinga av det å bu i og vere del av eit bygdesamfunn. Regionar som dyrkar stadens og regionens kulturelle identitet lukkast betre, sa Lønning og viste til nasjonal og internasjonal innovasjonsforsking.

Spørsmål: Kan jord- hagebruksskulen vere ein slik regional struktur for ”lokal galskap” og innovasjonskraft, innanfor fylkeskommunale rammer og satsingsområde? Ser fylkeskommunen skulen som eit verktøy også i nyskapingssamanheng? I dette nyutnemnte føregansfylket for økologisk frukt- og bærdyrking, forvaltar av unike kultur- og naturlandskap, med reiseliv- og opplevingsnæring som viktig del av næringsstrategien  -  med dei utfordringane, men også mulegheitene som Sogn og Fjordane har – kva rolle spelar kompetansemiljøet ved Sogn jord- og hagebruksskule?


Mange spørsmål - komplekse svar?

Problemstillingane er tydeleg mange og komplekse, for fylkeskommunen og skulen har lenge søkt svar. Allereie i 2005 starta saksførebuinga rundt status og framtidsutsikter for SJH. På oppdrag frå fylkesrådmannen la Vestlandsforsking same året fram ei vurdering av korleis skulen kan fungere som reiskap for Sogn og Fjordane fylkeskommune i deira rolle som utviklingsaktør (VF-notat nr.13/2005).

Vestlandsforsking ser i si utgreiing på skulen som reiskap for å fremje næringsutvikling og verdiskaping i fylket og vurderer skulen si verksemd ikkje berre opp imot utdanningsstrategi, men også mot den overordna strategien, Fylkesplanen for Sogn og Fjordane. Ut frå dette perspektivet finn Vestlandsforsking at verksemda og kompetansen som skulen har, i stor grad fell saman med satsingsområde i fylkesplanen.


Mulegheiter, men også krav

Vestlandsforsking vurderer også i kva grad eit vidaregåande tilbod innanfor natur- og kulturbasert verdiskaping passar inn i fylkeskommunen sine mål og strategiar for opplæring. Her konkluderer utgreiinga med at eit slikt opplæringstilbod har potensial til å bidra positivt til å oppfylle fleire av hovudstrategiane i utdanningsprogrammet til fylkeskommunen.

Samtundes blir det også peikt på viktige føresetnader for at skulen i større grad skal kunne ta og fylle rolla som utviklingsaktør. Slik Vestlandsforsking vurderer det, må skulen innlemmast i fylkeskommunen sine strategiar på området, med planar for styrking av både fagkompetanse og fysisk tilrettelegging. Vurderinga inneber ei sterkare satsing på jord- og hagebruksskulen, men også med tydelege krav.

 
Og no er det altså fylkeskommunen sjølv som skal legge fram sine vurderingar rundt rolla som lokal og regional utviklingsaktør. Snart vert denne lagt fram for fylkes-administrasjon og politikarar. Kva som kjem ut av det heile, blir interessant å sjå.

Tags:

1 comment(s) so far...

Rediger Sv: Sogn jord- og hagebruksskule – regional struktur for ”nyskapande galskap”?

Vi treng absolutt Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) som regional utviklingsaktør, som inspirator og samarbeidspartnar for oss som driv innan landbruk og tilgrensande bygdenæringar. Reint praktisk treng vi eit utdanningstilbod som tek småskala bygdenæringar på alvor. Og vi som har halde på ei stund, treng tilbod om etterutdanning for naudsynt og ynskjeleg fornying av eigne driftsopplegg. Gjerne skreddarsydde, på bestilling frå brukarane! SJH bør dessutan få lov til å vera ei sterk og førande drivkraft for utvikling og gjennomføring av økologisk landbruk!

SJH framstår i dag som ein skule og møteplass for ungdomar i alle aldrar, frå heile landet, og med sterkt utanlandsk innslag. Ulike elevar med ulik bakgrunn og føremål med utdanninga si. Men dei har likevel felles interesser som gjer at dei vel den skulen dei vel. Eg har dei fire siste åra hatt besøk av avgangsklassen, for å presentera mi eiga gardsdrift. Veldig nyttig og lærerikt. Eit sterkt argument for ein "grenselaus skule" !

SJH må satsa vidare på å nytta krafta som ligg i det mangfaldige elevgrunnlaget. Skulen må kunna gje tilbod både om grunnleggjande fagutdanning innan landbruk, og kunnskapspåfyll for dei av oss som har ynskje om det. Sogn og Fjordane fylkeskommune må satsa på SJH som ein viktig ressursbase for landbruk og tilgrensande næringar.Fylkeskommunen må vert flinkare til å sjå verdien av ein slik grenselaus skule, innanfor eigne grenser.................

Ved Jostein Kvåle den   22. oktober 2009

Navn:
Hjemmeside:
Tittel:
Kommentar:
Security Code
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 
 
Om Distriktsbloggen

Dette er blogg for Kompetansesenter for distriktsutvikling. Bloggpostene blir skrevet av våre rådgivere og etter hvert også gjestebloggere. Gjennom denne bloggen deler vi våre tanker rundt tema som er aktuell for distrikts-Norge. I tillegg vil vi dele våre erfaringer som vi får gjennom å besøke ildsjeler ute i distrikts-Norge.

Er du enig, uenig og ønsker å kommentere våre blogger er du hjertelig velkommen til det.
Kommetarer bør være relevante i forhold til den posten de er koblet til. Spam, personangrep og kommentarer utenfor tema er ikke tillatt. Distriktssenteret forbeholder seg retten til fjerne kommentarer hvis vi finner den upassende.


Vi håper så mange som mulig vil finne denne bloggen interessant og inspirerende.

 

 

Søk i blogg


Distriktssenteret - Ogndalsveien 2 - 7713 Steinkjer  |  Tlf: 48 16 82 80  |  E-post: post@kdu.no  |  Admin