Ein debattkveld om omdømmebygging og folketals- og næringsutviklinga i Sogn og Fjordane har teke spalteplassen i lokalavisene siste veka. Journalist og innleiar Anne Viken drog med spiss penn fram fleire sider ved Sogn og Fjordane, som ho meiner hindrar utvikling.
Sjølv var eg ikkje tilstades under debatten, men har lese innlegget. Bodskapen, slik eg les han, avgrensar seg neppe til å gjelde kun Sogn og Fjordane, men famnar distriktsnoreg generelt; Om omdømmet til og kulturen i Bygda.
Viken nemner særleg:
- Sogn og Fjordane fortel ikkje, eller klarer ikkje å få verken folk i eller utanfor fylket til å tru på at her finst gode mulegheiter for interessante jobbar og karriere.
- Turistbransjebiletet av naturskjøne Sogn og Fjordane tek all plass og skaper vrengebilete av by- og bygdelivet, slik det verkeleg er
- Sogn og Fjordane er og framstår som trongsynte, med liten endringsvilje og manglar takhøgd for nye idear, stemmer og tiltak.
- Sogn og Fjordane veit ikkje kva ein vil; kva som er utfordringane og korleis ein vil løyse dei
Anne Viken veit heller ikkje kva som er dei rette grepa, seier ho og etterlyser nokon som har svaret på kva Sogn og Fjordane og distrikta treng. Distrikts- og regionforskinga verkar på henne "som ei rekke spekulasjonar".
Kven ville vel ikkje like å kunne strekke handa i veret - "Ja - eg veit svaret på kva som må til"? For distrikts- og regionalpolitikken her til lands, er meir enn symbolpolitikk.
Men tilbake til det vi veit om kva som betyr noko når folk vel å flytte hit eller dit. Eg vel å sjå distriktsforskinga som meir enn spekulasjonar.
Bu- og flyttemotivundersøkinga frå 2008 (NIBR) viser at jobbmulegheiter framleis er pri 1 når vi snakkar motiv for å flytte. Men: jobben åleine er ikkje lenger avgjerande for om du flyttar og kvar du flyttar. Folk vil leve det "gode liv" både før og etter klokka fire ettermiddag. Og mulegheitene for "det gode liv" blir vurderte ut frå det forskarane kallar "Kvalitetane ved staden", herunder tilgang til gode offentlege og private tenester, fritids- og kulturtilbodet, mulegheiter for sosiale nettverk. Og - sist, men ikkje minst: kjensla eller oppfatninga av at staden er eller har noko du kan/vil identifisere deg med.
Framtidsfylket har også undersøkt kva som må til for at folk skal bli eller flytte til fylket. Svaret er det same: Jobb og karriere er viktigast. Og: undersøkinga viser at mange av dei spurde ikkje heilt stolar på at fylket gjev slike mulegheiter. Fylkeskommunen varsla i fjor haust sterkare omdømesatsing med bakgrunn i desse resultata. Behovet no altså også understreka i den offentlege debatten.
Noko meir fast grunn under føtene enn lause spekulasjonar har nok Sogn og Fjordane og distrikta elles, om dei legg dette og anna relevant kunnskap til grunn i framtidige strategiar for fylket.
Om omdømmebygginga i Sogn og Fjordane ser på merkevara "unike opplevingar i verdas vakraste reisemål" med problemauge, er kanskje meir usikkert. Og gjerne med rette? I Framtidsfylket si undersøking framstår koplinga attraktiv jobb/karriere og aktivt friluftsliv som sikker vinnar. Og før "aktiv i verdas vakraste natur-imaget" blir parkert, kan det vel vere lurt å finne ut meir om kva som er fakta? Tilflytta eller andre staders "ski- og surfeelitistar" kan kanskje bidra?
Truleg kan dei, saman med "opera- og design-galningar" også gje konkret innhald til oppfatninga av eit "bakpå og intolerant " Sogn og Fjordane? Intoleranse og verdsmeister-kjensla har generelt gode vilkår i "verdas rikaste", tenkjer eg. Men – igjen ut frå Framtidsfylket si undersøking – det er vanskeleg å finne der at folk oppfattar haldningar hjå folk i fylket som viktig hinder for å flytte hit. Kun 7% av ikkje-buande i fylket oppgjer dette som grunn. Men for all del: Utan at eg veit at det er slik, så tenkjer også eg at det er mykje rare oppfatningar av distrikta rundt i kring. Kva er unyansert? Mine eller deira haldningar? Eg vil i alle fall finne meir ut av kva som er sagt om haldningar i den landsomfattande undersøkinga som blei lagt fram like før jul. Overraskande mange hadde ei positiv haldning til ei liv i distrikta.
Det betyr likevel ikkje at mangfald- og toleransedebatten ,verken i Sogn og Fjordane eller distrikta elles, bør avlysast. Tvert imot. Innvandring er svaret for distrikt og land, hevdar samfunnsforskarar. Fleire hender og nye tankar trengst. Og i Nordland t.d har dei bestemt seg: "Med det nye prosjektet
Det går sjeldan "troll i ord" – her krevst knallhard jobbing. Men eg vil følgje Nordland framover. For stader som dyrkar mangfald, openheit og bygger nytt på gamalt har fortrinn, seier innovasjonsforskinga. Så får vi sjå – kva tiltak vel Nordland i si jobbing med kultur og haldningar?
Eg heiar på mangfald og takhøgd som drivkraft for lokal samfunnsutvikling. Men svara på kva som må til for den enkelte bygda eller byen er nok mangfaldige. Eg trur på å ta utgangspunkt i "det vi veit" - på koplinga mellom forsking og erfaring. Og å ha "store øyrer og liten munn" for det folk på staden, og folk andre stader, meiner. Negativitet som passifiserer og gjer folk til statistar i eigne liv, derimot, blir det lite utvikling av.