Bitvis byutvikling i Knarvik
(17.08.2009)
Korleis kan Knarvik sentrum bli triveleg for både bil og folk? Dette er ei hovudutfordring for tettstaden som i dag lever med ein europaveg som deler sentrum i to.
Trafikknutepunkt og regionssenter
I 2007 fekk kommunen midlar frå Hordaland fylkeskommune til å gjennomføre stadanalyse og prosessen opna for nye perspektiv for korleis Knarvik sentrum burde utvikle seg; som knutepunkt for trafikk og eit handelssenter, men også som eit levande og triveleg sentrum å bu og arbeide i. Kommunen har sett på moglegheiten for å få til ei bitvis utvikling, basert på forpliktande samarbeid og fellesinteresser for næringsliv, grunneigarar og kommunen. Dette har ein tru på kan vere ein veg å gå når ein overordna reguleringsplan for Knarvik er på plass.
Knarvik for bil og folk?
Tettstaden er også eit knutepunkt for trafikk, med E39 som går tvers gjennom sentrum og deler tettstaden i to. Mykje areal er også knytt opp mot parkering og for interntrafikken i sentrum. Soleis pregar vegar, bilar og asfalt Knarvik sentrum i dag.
Bitvis byutvikling
So langt har kommunen først og fremst involvert næringsdrivande og grunneigarar i sentrum til dialog rundt nye visjonar for sentrumsutviklinga. BLEST-midlane har også opna for ein brei visjonsprosess, med medverknad frå arkitektmiljø, fylkeskommune, vegmyndigheiter, lokale næringsdrivande, grunneigarar i Knarvik senter og representantar frå ungdoms- og kulturlivet. Etter inspirasjon frå engasjerte arkitektmiljø har kommunen sett nærare på "bitvis byutvikling". I staden for å strebe mot den perfekte reguleringsplanen, kan ein starte opp på ei bitvis utvikling, basert på forpliktande samarbeid og fellesinteresser for næringsliv, grunneigarar og kommunen.
Visjonar treng modning
Ting tek tid, også visjons- og analyseprosessar kring stadutvikling. Prosessen so langt har soleis vore viktig for å auka bevisstheita rundt kva ein faktisk vil med sentrumet og den vidare stadutviklinga. Enno står mykje arbeid att, men kommunen har vore gjennom ei viktig fase med bygging av samarbeid og dialog mellom ulike interessepartar. Sentrumsutviklinga er avhengig av godt samarbeid med vegmyndigheiter, grunneigarane og handels- og servicenæringa. Å sameine interesser og få til jobbing mot felles mål er ei utfordring i prosjektet og viktig læring å ta med seg, også for andre stadutviklingsprosjekt.
Tilbake |

Mer informasjon
Prosjektnavn:
Stadutvikling i Knarvik sentrum
Kontaktperson:
Frøydis Ones, fagleiar arealplan i Lindås kommune
Tlf sentralbord:
56 37 50 00
|