Ja, du las riktig: Bustadmangel i distrikta. Utan spørjeteikn. Eit paradoks, ikkje sant? Det er vel ikkje nett ordet ”press” som sler deg når det er snakk om distrikta. Ja, om vi ser vekk frå pressa offentlege tenester, som sjukehus og slikt då…
Men altså, det er bustadmangel i distrikta. Og det er press på bustadmarknaden. Men ikkje prispress - tvert i mot! Problemet i distrikta har med ubalanse å gjere. Konkret: Bustadtilbodet i mange distriktsområde er ikkje det folk vil ha, eller ofte – det folk torer "å ta”. Er du med? Det handlar om ein bustadmarknad som ikkje synast å fungere. Det er erfaringa vi gjer oss. Bygdelag, kommunar, fylkeskommunar i stort sett alle distriktsregionar melder om bustadutfordringar.
No er det neppe slik at ein betre bustadmarknad vil snu flyttestraumar åleine. Men sjølvsagt betyr bustad noko! "My home is my castle" for Ola og Kari. Vel 75% av tida vår brukar vi i huset og nærmiljøet vårt. Så altså: Bustadutfordringar og bustadmangel må vi ta på alvor - om dei no er i Groruddalen, eller i Rendalen.
Bustadmangel...fordi folk ikkje torer å ta den økonomiske risikoen. Huset kostar gjere like mykje å bygge i Rendalen, som i Groruddalen. Men sel du i Rendalen, blir resultatet ikkje det same. Garantert! Marknadskreftene virkar, på godt og vondt...
Bustadmangel...fordi der ikkje finst leigebustader for dei som ønskjer det. Entreprenørar skal ha ganske så føreseielege rammevilkår for å ta sats i små marknader med låg pris og omsetnadstakt. Og kommunale bustader blir prioriterte til dei som treng det aller mest. Naturleg nok. Men for unge på veg inn i bustadmarknaden, eller ein tilflyttar som gjerne vil ”prøvebu” litt, er dette ei knipe.
Bustadmangel...fordi vi no er blitt så velfødde at vi gjerne kan sitte med både eit og to ”arve-hus”, i tillegg til det vi sjølve bur i. Kanskje er vi i ”arvehusa” våre om sommaren. Kanskje er vi ikkje der i det heile. Likevel; vi nøler med å selje. I vert fall dersom det er ein landbrukseigedom.
Bustadmangel...fordi husa som er ledige, ikkje er dei vi vil ha. Småbruket du ønskjer deg blir ikkje lagt ut til sal (at det er fråflytta, treng ikkje gje håp om å realisere draumen). Tomta som du kan tenkje deg, ligg for nær sjøen. At ho er milevis frå å vere i pressområde, har lite å seie. Lova er lik for alle! Eller huset som kunne vore aktuelt, er nedslite og forsømt. Vedlikehald kan også reknast som tapsprosjekt.
Vond sirkel, ikkje sant? Og truleg ein sirkel som har gått nokre rundar allereie. Men i året som snart ligg bak oss, har bustadutfordringane i distrikta fått merksemd, slik dei fortener. I Bulyst-programmet til Kommunal- og regionaldepartementet deltek fleire ”bustadprosjekt”. "Hus til folk i Østerdalene er eitt. Tun+ i Solund eit anna. Også utanom statlege programrammer pågår det nyskapande arbeid for ei framtidsretta lokal bustadplanlegging. Prøvebustader i Vest-Telemark, og Fortetting og gjenbruk av låvebygningar i Vegårshei, er nokre.
Og snart kjem resultata frå ei utgreiing (NORUT på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet) om bustadmarknader i distrikta og korleis bustadpolitiske verkemidlar blir brukte. I løpet av våren 2011 skal også den nordiske analysa Rural Housing (Tilväxtanalys) vere ferdig. Ho ser på korleis økonomiske, organisatoriske, juridiske og planmessige rammer og verkemiddel virkar inn på bustadområdet. Om det hemmer eller fremjer busetting i distrikta. Også Landbruks- og matdepartementet har behov for meir kunnskap. Bygdeforsking samlar no alle lokale og regionale tiltak som har mål om å få busetting på ”tomme” landbrukseigedomar. Føremålet er å finne ut meir om kva som er resultatet av slike tiltak. Erfaringane lokalt er at etterspurnaden slett ikkje er problemet!
For Bulystprosjektet ”Hus til folk i Østerdalene” er desse utgreiingane midt i blinken. Godt i gang med forprosjektet, byggjer dei no kunnskap som skal hjelpe dei med strategiske val. Tilfeldig ”pumphaglestrategi” er det ikkje snakk om her.
Så står det att å sjå kva Østerdalene og andre lokale bustadprosjekt-pilotar kjem fram til og korleis erfaringane kan takast vidare. Ikkje minst om koplinga mellom ny erfarings- og forskingsbasert kunnskap vil røre ved praksis og den faktiske situasjonen. Somme løysingar finst gjerne gjennom nytenking lokalt. Andre utfordringar må kanskje møtast på anna vis. Ordføraren i Elverum og dei andre i Østerdalsprosjektet, tenkjer det. Føresetnaden er felles problemforståing og samspel om nye løysingar på eit generelt problem: ”Bustadmangelen" i distrikta.