Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a

Blogg

Eldsjelene i fokus

Av: Trude Risnes, 18.02.2010

Ver merksame på eldsjelene og ha kontakt med vekstkreftene lokalt. Det sa statsråd Magnhild Meltveit Kleppa då ho besøkte Kompetansesenter for distriktsutvikling i Sogndal i dag.

- Kompetansesenteret for distriktsutvikling må kople erfaringar og praktisk kunnskap i lokalsamfunna saman med forsking, og slik bidra til ei heilskapleg tenking rundt distriktsutvikling. Statsråden var også oppteken av at kommunane og eldsjelene på lokalnivå vert ei viktig målgruppe for det nyoppretta Distriktssenteret sitt arbeid.

Avdelingsleiar Steinar Fredheim hadde i samband med statsråden sitt besøk invitert samarbeidspartnarar frå regionalforvaltning, vertskapskommune og forskingsmiljø til å komme med innspel og forventningar til Distriktssenteret sitt arbeid framover. Fleire av dei inviterte peika på at verkemiddelaktørane også har eit sjølvstendig ansvar for å bidra til at kompetansesenteret lukkast i sitt arbeid.

-Mykje kunnskap og erfaring ligg lokalt, og vi  er glade for at Distriktssenteret er på plass og kan hjelpe oss med å raffinere og formidle denne kunnskapen vidare.Ved å samarbeide med dei regionale partnerskapa kan kompetansesenteret bidra til å samordne eit fragmentert verkemiddelapparat. Dette var fylkesordførar Nils R. Sandal sin viktigaste bodskap, då han talte på vegne av Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Innovasjon Norge.

-Vi skal stimulere dei lokale vekstkreftene og gje dei inspirasjon. Både ved å gje dei kunnskap og erfaringar, men også gjennom å formidle til sentrale og regionale styresmakter korleis røyndomen ser ut frå lokalt nivå, seier avdelingsleiar Steinar Fredheim.

 

Skriv kommentar

Relatert innhold