Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a

Blogg

Eldsjelene på "Sørlandsheia"

Av: Roar Werner Vangsnes, 18.03.2009

Arne Mydland er 9. generasjon på Mydland Gard og saman med kona Tone har dei tru på framtida oppe på Naglestadheia 400 m.o.h. i Hægebostad kommune i Vest Agder.

Frå mjølk til hjort

For 9 år sidan tok ekteparet eit strategisk val. Dei selde mjølkekvoten og satsa på hjorteoppdrett. Dette har resultert i moglegheitene til å utvikla eigne lokale produkt på garden, og for 3 år sidan opna dei eigne konferanse- og serveringslokale.

Neste generasjon er med på laget

Arne Mydland og Tone Lien har heilt sidan dei overtok garden, sett på den som ein viktig ressurs både for familien og lokalsamfunnet som dei bur i. Denne positive haldninga har smitta over på ungane Rune og Janne. Både dotter som går på kokke- og servitørutdanning og sonen som er utdanna elektrikar, er med i arbeidet på garden. Begge har fått seg sambuarar og er i gang med planar om å bygga eigne bustader på Mydland.

Synleg produkt  i liten kommune

Odd Arve Kvinnesland som ei årrekkje har arbeidd med næringssaker i Hægebostad kommune fortel at Mydland Gard er ein viktig bedrift for ein liten kommune med 1500 innbyggarar i Indre Agder. Dei er eldsjeler som viser at det går an å tenka nytt, og ikkje minst ser moglegheiter for neste generasjon i det  som mange oppfattar som eit næringssvakt området.

Kopling til gode nettverk

Tone Lien meiner det også er viktig å engasjere saman med dei som vil tenke nytt innanfor landbruket og reiselivet. Difor har ho sagt ja til å bli med i det nye styret for Norsk Bygdeturisme og Gardsmat i Agder. Det er gjennom slike forpliktande nettverk vi har moglegheiter å få utretta større grep innan næringa både lokalt og regionalt, seier ho. Frå Distriktssenteret si side, er det viktig å synleggjere eldsjelene ute i distrikta som viser at det går an, og som samstundes tek eit samfunnsansvar gjennom å delta aktivt i lokale og regionale nettverk. Familien på Naglestadheia er eit godt døme på dette.

 

Skriv kommentar

Relatert innhold
Omtaler
Handler om