Eit samarbeid mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane og bransjeorganisasjonen Hanen har nådd ein ny milepæl. 9 studentar frå 4 fylke har no gjennomført kurs i bygdeturisme, med fokus på turisme som vekstkraftig distriktsnæring.
Eit samarbeid mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane og bransjeorganisasjonen Hanen har nådd ein ny milepæl. 9 studentar frå 4 fylke har no gjennomført kurs i bygdeturisme, med fokus på turisme som vekstkraftig distriktsnæring.
Bakgrunnen var eit samarbeid mellom Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF) og Hanen, der ein i 2005 la planane for eit høgskulekurs i bygdeturisme. På den tida var omgrepet Geoturisme sterkt på bana. Difor vart det også kalla; Bygdeturisme- ”Geoturisme i praksis”.
Eit 10 studiepoeng kurs vart testa ut på reiselivsstudentane på høgskulen og etter eit par år vart det etablert som eit obligatorisk kurs for studentane. No har ein gått eit steg vidare med å tilby eit desentralisert bygdeturismekurs. På første utprøvinga vart det med 10 ”pilotstudentar ”, og der 9 av 10 vil ta eksamen.
Eit kursopplegg for mange målgrupper
I utgangspunktet var det tenkt på tilbydarar innan bygdeturisme og gardsmat, men erfaringane viser at det er like relevant for t.d. folk som arbeider i førstelinetenesta i kommunane og på regionalt/nasjonalt nivå. Det vil også vera interessant for reiselivsmedarbeidarar i destinasjonane og for personar som har interesse for fagområdet.
Praktisk-teoretiske koplingar
Kursopplegget har vore prøvd ut i Sogn og Fjordane på 3 ulike stader; Kalvåg (på kysten), Jostedal (dal og fjell) og i Aurland (fjordlandskapet). Ein har nytta mange av verksemdene som er knytte til organisasjonen Hanen – tidlegare NBG, nettopp ved at mange av medlemsbedriftene sit med god fagkompetanse og har tileigna seg mange erfaringar i tillegg til å vera gode pedagogar. Det er også henta inn spisskompetanse på ei rekkje fagområdet både sentralt og regionalt.
Nye samarbeidspartnarar
Kompetansesenter for Distriktsutvikling (KDU) har vore aktiv med i prosessen og i gjennomføringa av kurset. Spørsmålet er om denne type kurs kan gi grunnlag for liknande kurs i andre regionar med samarbeid mellom ulike høgskular og relevante fagmiljø. Ein viktig samarbeidspartnar er kompetansenava for mat som er lokalisert 5 stader i landet. På dette kurset vart det samarbeid med Kompetansenavet for mat i Aurland. Dei har ein sterk matfagleg kompetanse, og her ligg det eit spennande samarbeidspotensiale som bør utnyttast vidare.
Bygdeturismekurset er eit godt døme på korleis ein næringsorganisasjon har fått til eit samarbeid med ein FoU-institusjon, seier Anders Fitje v/HSF og Ole Jonny Trangsrud v/ Hanen. Begge håpar at liknande kursopplegg kan halde fram, og at studentane som har vore med vil vere med å gi innspel på vegen vidare. Det er også ein styrke at Innovasjon Noreg sentralt sin reiselivskompetanse er med som sensor i kurset.