«Skapar kultur attraktive stader?» spør Knut Vareide og Lars Ueland Kobro i Telemarksforsking sitt første notat i 2012. Det er eit godt spørsmål, eigna til å dra i gang ein svært interessant debatt. Vareide og Kobro har teke utgangspunkt i Norsk kulturindeks og i SSB sine flyttetal. Slik dei argumenterer er svaret eit klart «nei». Kultur skaper ikkje attraktive stader.
Hadde det berre vore så enkelt. At vi kunne måle og rekne ut kvar enkelt faktor som påvirker det lokale utviklingsarbeidet. Då hadde det vore mykje enklare å drive ein målretta distriktspolitikk og få dei resultat vi ynskjer. Men verkelegheita er vel heller at alt heng saman med alt og at det å isolera ein innsatsfaktor på denne måten kan vere interessant utan at det gir fasiten.
Kan og skal kultur målast?
Det er likevel interessant å sjå på statistiske resultat. Å sjå kva folk gjer, utan å blande inn det dei meiner. Telemarksforsking argumenterer godt for modellen dei har utvikla, og eg skal ikkje argumentere mot den. Med det utgangspunktet dei har, er konklusjonen deira heilt rett. Men er utgangspunktet riktig? Telemarksforsking nyttar sin eigen kulturindeks som grunnlag for undersøkinga. Den rangerer kommunane statistisk, og gir eit heilt anna resultat enn andre som vurderer kommunane sin kulturinnsats. Sandnes vart kåra til Noregs kulturkommune i 2011 av Norsk kulturforum. På kulturindeksen er dei rangert på 159. plass. Dei to andre nominerte kulturkommunane, Bodø og Lindås er i indeksen rangert som nummer 50 og 263. Dette er ikkje eit forsøk på å seie at den eine eller andre vinnaren er riktig, men eit døme på korleis ulik innfallsvinkel til kulturaktiviteten endar i svært ulike konklusjonar.
Dette heng saman med, som Telemarksforsking sjølv påpeiker, «kanskje femner vi ikkje ein gong dei viktigaste elementa ved lokal kultur». I indeksen gjer Telemarksforsking eit godt forsøk på å kvantifisere og måle kultur. Men det er ein del som ikkje er mogleg å måle og som ikkje kjem fram i statistikken. Det aller vanskelegaste er kanskje frivilligheita, som andre forskarar fortel oss at i større grad flyttar ut frå det organiserte kulturlivet – utan at dugnadsanda forsvinn. Festivalar og enkeltinitiativ nyt godt av dette uorganiserte engasjementet. Statistikken femner det kanskje ikkje.
Gjennom vårt arbeid i Distriktssenteret har vi mellom anna møtt Malakoff rockfestival i Nordfjordeid og Bluesbygda Skånevik. Kultursatsingane her skapar merksemd og trivsel. Korleis det ville sett utan desse satsingane, veit vi ikkje. Men dei er gode døme på at samfunnsutvikling ikkje handlar om enkelttiltak og at alt heng saman med alt. Vi er ikkje i tvil om at desse kultursatsingane har hatt verdi for desse lokalsamfunna – saman med andre utviklingstiltak. I studien ”Kommunen som vert for festivalar” som Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR) snart kjem med på oppdrag frå Distriktssenteret, ser vi at festivalar som kulturtilbod ikkje isolert sett har betydning for tilflytting. Men dei har andre viktige effektar for staden, mellom anna for reiselivsutvikling og gjenbesøk.
Korleis måle attraktivitet
I tida fram til 12. februar er det mogleg å nominere stader til Statens pris for attraktiv stad. Dette er ein pris kommunal- og regionalministeren skal dele ut til ein stad som har gjort eit godt arbeid for å utvikle staden og gjere den meir attraktiv. I statuttane er ikkje tilflytting nemnt. Prisen skal delast ut til ein stad som har gjennomført tiltak som har bidrege til å auke stadens attraktivitet og folk si oppleving av trivsel, tilhøyrigheit og stoltheit for staden. Vurderinga er det ein jury som står for.
Akkurat som i kåringa av Noregs kulturkommune, er det subjektive faktorar som speler inn. Å berre bruke statistikk er ikkje alt. I bu- og flyttemotivundersøkinga (SSB/NIBR) frå 2008 seier 30 % at kulturtilbodet har noko å seie for val av bustad. Den same undersøkinga viser at det er dei som flyttar internt i ein region som legg mest vekt på dette, ikkje dei som flyttar til ein region.
Meir enn statistikk
Eg skulle gjerne ha kome med svaret på korleis vi skal måle attraktivitet. Når vi i Distriktssenteret studerer det lokale utviklingsarbeidet som vert gjort rundt om i landet, er effektar noko av det vi ser etter. Eg skal ikkje leggje skjul på at det då er lett å sjå etter dei tydelege statistiske opplysningane. Når vi ser etter det, slit vi og med å fange opp dei immaterielle verdiar og livskvalitet.
Har eit tiltak, om det handlar om kultur eller noko heilt anna, då mislukkast om fleire flyttar frå enn til staden? Erfaringane vi gjer oss er at så enkelt er det ikkje. Eit tiltak som kan få folk til å trivast meir, eller det kan bremse fråflyttinga utan å stoppe den. Samstundes ser vi gang på gang at dei som lukkast med samfunnsutviklingsarbeidet sitt er gode på mange ting – ikkje berre kultursatsinga eller andre enkelttiltak. Til det heng ting for godt saman.
Å finne den rette modellen for å måle om samfunnsutviklingsarbeidet – og enkeltdeler, det har vi ikkje fått til. Eg trur vi må ta tak i meir enn statistikk. Vi må også snakke med folk. Dette må vi diskutere vidare. Både vi og Telemarksforsking og mange andre vil ha stor nytte av å kome fram til alternative måtar å måle korleis eit lokalsamfunn utviklar seg.