Fylkesordførar Nils R.Sandal meiner at Sogn og Fjordane har alle mulegheiter for å få fleire til å bu og etablere seg i Fjordfylket framover. No vil han løfte dette fram, gjennom ei sterkare omdømmesatsing for Sogn og Fjordane.
Det veksande teknologimiljøet langs kysten, Førde som drivande finanssenter og Sogn sitt sterke kunnskapsmiljø blir løfta fram som motorar for regional utvikling. Dette kopla med gode tenester, kulturtilbod og unike naturkvalitetar, skal gje distriktsfylket nye innbyggarar og vekst.
For fylkesordføraren veit kva det handlar om: Fin natur er ikkje nok. Barnehageplassen og jobbtilbodet åleine er heller ikkje avgjerande. Det blir nærast teke for gitt av dei som fylkesordføraren først og fremst ønskjer skal komme flyttande: ungdom under 35, med mykje godt vit og gjerne partnar og born med på lasset. Unge, vaksne vil nemleg ha ”totalpakka” OG ”draumejobben”.
Generasjon Y blir dei kalla, dei som er fødde mellom 1978 og 1990. Dei blir kjenneteikna som sjølvstendige, ressurssterke og ser på verda som ein leikeplass like mykje som ein arbeidsplass. Dei er del av faglege og sosiale nettverk utan fysiske eller kulturelle grenser og lojaliteten deira er sterkare til eiga kompetanseutvikling enn til verksemda dei jobbar i. Samstundes er dei meir opptekne av verdiar og samfunnsansvar enn generasjonen før dei og forventar eit demokratisert arbeids- og samfunnsliv som dei sjølve kan vere med å forme.
Dei er dei fremste verdiskaparane framover, for både by og land. Ser dei ei framtid i Sogn og Fjordane? I ei fersk undersøking bestilt av Framtidsfylket AS svarer om lag 80% av dei spurde i denne målgruppa at dei kunne tenkje seg å flytte til fylket. Spennande jobbmulegheiter for seg og partnar, og god balanse mellom jobb og fritid er viktigaste kriterie for å skulle realisere planane. Men undersøkinga viser også at mange søker større miljø og ikkje trur at desse og gode nok karrieremulegheiter finst i Sogn og Fjordane.
Mulegheitene finst, i følgje fylkesordføraren, som meiner at Sogn og Fjordane ikkje har klart å fortelje omverda kva nyskaping og mulegheiter som eigentleg rører seg i fylket. Det siste vil fylkesordføraren og resten av fylkeskommunen no gjere noko med, gjennom ei sterkare omdømmesatsing. Professor Oddbjørn Bukve ved Høgskulen i Sogn og Fjordane advarer fylkeskommunen mot omdømmebygging utan innhald og stiller spørsmål ved om fylket er tydeleg nok på kva ein vil vere.
I lys av generasjon Y og konkurransen om ”dei gode hovuda” er vel spørsmålet også om fylket veit kva ein vil gjere. Handlar det kun om å bestemme seg for ”fargen på pynteband og pakkepapir” - det gode livet på bygda eller attraktive kompetansemiljø i pulserande senter? Eller inneber omdømmebygginga også strategiske vegval for nærings- og samfunnsutviklinga framover?
Risikoen ved all profilering og omdømmebygging er mottakarar som kritisk konkluderer med ”same shit – new wrapping”. Det er viktig lærdom for både Sogn og Fjordane fylkeskommune og andre omdømmebyggarar.
Distriktssenteret skal vere ein støttespelar for lokale og regionale utviklingsaktørar i distrikta, og gjennom omdømmeskule og omdømmeseminar tilbyr Distriktssenteret kunnskap og erfaringsbygging rundt omdømmearbeid. Her ligg læring som vi trur Sogn og Fjordane fylkeskommune også kan dra nytte av i det vidare arbeidet.