Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a

Blogg

Vi kan masse, men kan vi dele?

Av: Dan-Erik Aggvin, 24.11.2011

Distriktssenteret er eit statleg kompetansesenter som har brukt mykje tid i oppstarten til å etablere eit stort kunnskapsgrunnlag og nettverk. Noko av kjernen i det vi gjer er at vi skal dele dette, så dei som jobbar med å utvikle lokalsamfunna lærer og blir inspirerte. Når vi blir skildra som ein godt bevart løyndom, er det då fordi vi ikkje har teke kontroll over korleis vi deler?

Det er ikkje vanskeleg å argumentere for at vi er gode på å dele. Vi har lagt alt tilgjengeleg på distriktssenteret.no, vi sender pressemeldingar og skriv ein og annan kronikk. Og endå viktigare: Vi er ofte på talarstolen på konferansar og møte, både nasjonalt, regionalt og lokalt. Vi har ein aktiv dialog med mange av fylkeskommunane. Vi er på Facebook, Twitter, YouTube og Flickr. Vi deler i mange kanalar. Kva meir skal vi forlange?

Del og delta

Nyleg hadde nettredaksjonen vår arbeidsverkstad om sosiale medier, og det var ikkje vanskeleg å setje fingeren på forbetringspunkt. Ein ting er at vi er på sosiale medier, ein annan ting er om vi deltek på sosiale medier. Her kjem nokre refleksjonar rundt det å jobbe for å gjere ein kunnskapsorganisasjon flinkare på å dele kunnskapen på nye måtar.

I Distriktssenteret er eg så heldig at eg har mange kunnskapsrike kolleger. Og dei brenn for å fortelje andre om det dei kan. Når dei tenkjer på korleis dei skal dele, tenkjer dei ofte tradisjonelt. Dei vil møte folk, diskutere med folk - og dei vil «leggje det på nettet». Tankane er gode. Men, det er noko som manglar, og eg lurar ofte på korleis eg skal setje i gang aktivitet for overtyde dei om at å vere aktiv på Facebook og Twitter ikkje treng vere ekstraarbeid, og kan opne ei ny verd av deling, tilbakemeldingar og innspel. For vår del er nok målgruppa lettast å treffe og byggje nettverk med på Facebook, i alle fall der vi står i dag. Eg veit at berre 38 % av kommunane har offisiell facebookside. Talet er stigande, men det er først og fremst enkeltpersonar vi treng nå, ikkje dei offisielle facebooksidene. Vi vil nå ordførarar, rådmenn og alle andre som jobbar med å utvikle lokalsamfunnet sitt. Vi har ein viss aktivitet på både Facebook og Twitter i dag, og det er rundt like mange som følgjer oss på dei to plattformane. Det er nesten berre Facebook som genererer aktivitet, både i form av klikk, deling og tilbakemeldingar. Altså treff vi betre der.

Eg som har mitt faglege interessefelt for kommunikasjon ser eit hav av moglegheiter, og trur god bruk av statusmeldingar på Facebook frå kollegene mine ville ha ført til auka spreiing av kunnskapen vår. Då vil eg ikkje at dei berre skal dele masse lenkjer til distriktssenteret.no, men og at dei skal dele andre ting som er interessante for dei som aktivt jobbar med utviklinga av sine lokalsamfunn. Etter kvart vil då andre dele tilbake til oss, og vi vil få mange fornuftige innspel og lære meir vi kan dele vidare. Det er opp til meg å spreie entusiasmen min vidare i organisasjonen.

Kvifor ikkje?

Eg trur ein del av kollegene mine er redde for at det vert ei uklar grense mellom privatperson og den profesjonelle personen om dei aktivt skal bruke Facebook i jobben. Akkurat dette er vel Thomas Moen sitt argument når han vil frå 800 til 150 Facebookvener. Men etter kvart har Facebook gitt oss gode moglegheiter til å segmentere. Vi treng ikkje fortelje alt til alle. Blir vi flinke å bruke lister kan vi unngå det problemet. Eg er heller ikkje god på det, men ser at eg lett kan gjere grep. For eg veit jo at den pensjonerte onkelen min på Sørlandet ikkje er så interessert i at eg deler Distriktssenteret si melding om bygdeutviklingsprisar - og at sjefen min ikkje treng høyre alt skrytet mitt om den fem månadar gamle sonen min si utvikling. Å gjere noko med det er ikkje vanskeleg. Dette handlar om å møte og dele med brukarane våre på ein stad dei alt er, i staden for å utelukkande jobbe for at dei skal kome til oss. Nettbrukarane i dag legg større og større vekt på det som kjem til dei av informasjon gjennom dei ulike nettverka dei følgjer.

Eg trur ein del av kollegene mine er redde for at dette vil gjere at dei får meir å gjere. Dei må bruke tid på Facebook, dei må lære seg å leggje inn merking av personar og sider (som eg trur er effektivt for å dele), dei må følgje opp tilbakemeldingar. Tek det så mykje ekstra tid å bruke tida på flyplassen til å leggje inn ein facebookstatus om kva møte ein er på veg til, eller dele eit godt poeng frå konferansen vi reiser heim frå? Og å finne relevante facebooksider og -grupper bør vere like relevant som søk elles på nettet før vi skal på tur. I brukarskapte kanalar kan bodskapen vere ein annan, og dialogen ha ei anna form enn i dei offisielle kanalane hos til dømes kommunane.

Eg trur ein del av kollegene mine er redde for at dei skal gjere noko feil. At dei ikkje får delt det rette, at dei sender noko feil, at det dei deler ikkje gjer nytte for seg. Ja, det finst mange døme på blemmer i bruken av sosiale medier. Akkurat som det finst blemmer i lesarbrev, avisintervju, og i praten mellom nokon som møtast på gata. I sosiale medier er det lettare for at ting vert spreidd, også om det går galt. Men det går bra om leveregelen er som eg prøver å ha over alt: Ikkje sei eller gjer noko du ikkje kan stå for - du er uansett alltid litt privatperson, litt yrkesutøvar, litt lokalpolitikar og litt styremedlem i idrettslaget - og andre vel kva rolle dei skal tolke deg i. Du kan prøve å styre det, men ikkje bestemme kven du vert oppfatta som.

Steg for steg

Eg har ingen planar om å sende alle mine kolleger ut i verda med ordre om å dele alt dei gjer på jobb på Facebook. Men eg har planar. Kanskje eg kan få kollegene mine til å leike litt meir. Lage lister, dele filmar og artiklar. Spørje om noko. Kommentere ein blogg. Kanskje til og med leite etter nyttige personar å følgje på Twitter, og sjå kva som rører seg der? Kanskje eg kan få dei til å prøve (og feile). Og med det oppdage nytten av sosiale virtuelle nettverk også på jobb. Vert det noko anna enn vinn-vinn?

Kommentarer

Skriv kommentar

Har vi god nok kontroll på korleis vi deler kunnskapen vår?

Har vi god nok kontroll på korleis vi deler kunnskapen vår?