Innbyggerrekrutterer Dag Arnesen er ein kjend figur i Kongsvinger-traktene og har erfaring frå sal, marknadsføring og kommunikasjon, i tillegg til stor kontaktflate etter mange år innafor fotballmiljøet i byen. Det kan kome godt med når han no skal hanke inn nye innbyggjarar til byen (Foto: www.kongsvinger.no)
Kongsvinger er i støtet og bruker nettside for å gjere byen til ein betre stad å bu.
Bypolitikarane fatta eit konkret vedtak, med klart mål: "Skaff 170 nye innbyggjarar til byen – ved hjelp av web som medium!"
Åleine om tittelen
Sommaren 2009 oppretta byen stillinga som "innbyggerrekrutterer". Googlar du det nye omgrepet er det berre Kongsvinger som poppar opp. Entusiastiske Dag Arnesen fekk jobben. Han har bakgrunn frå næringslivet, kommunikasjonsbransjen og fotballmiljøet, med andre ord; ein mann med stort kontaktnett.
Får dei minste i tale
Sidan i sommar har han vore på jakt etter innspel og kommentarar frå innbyggjarar og innflyttarar, og nettsida www.kongsvinger.no tek form. Alt frå dei minste i barnehagen til ordføraren får plass på nettsida. Med film på YouTube kan folk lære meir om Kongsvinger, og dei minste syng og fortel kva dei ønskjer heimstaden skal vere og ha. Ordføraren går høgt ut og lovar barnehageplassar til alle innan to veker.
"Kongsvingerfilene"
Eit av tiltaka er filmserien "Kongsvingerfilene". Overraskande korte, spennande og humoristiske filmsnuttar som syner alle mulegheitene kommunen kan tilby. - Vi trur desse filmane gir eit nytt og annleis syn på ein spennande kommune i vekst og utvikling, skriv dei sjølv på nettet.
Kommentar frå innbyggerrekrutteraren
- Det er mange utfordringar, seier Arnesen. - Korleis skal vi snu ein negativ trend i folketalet? Kongsvinger er for dei som bur her. Trivst dei, vil også andre trivast. Ein fin by gjer noko med oss. Det skjer ting i byen; nytt toppmoderne bibliotek er opna, sentrumsmiljøet er pussa opp, hotell skal byggjast på festninga, ny golfbane er på plass og dei har fått Statens Bymiljøpris for 2009.
Fem kafear betre enn to
- Utfordringa er å leggje til rette for næringsverksemd i sentrum, og vi må ha personar som våger å satse. Eg har tru på teorien om at to kafear kan slite, men fem kan gå i pluss. Det høyrdes rart ut, men er det gode tilbod kjem folk til å bruke det. Det er bevist i andre byar, som ikkje nødvendigvis er større enn Kongsvinger.
Viktige ambassadørar
- Får vi mange innbyggjarar til å seie noko positivt i staden for å rakke ned på heimbyen, har vi fått gode ambassadørar, som eg og byen er avhengig av om skal vi lukkast. Arnesen har sin eigen blogg, og vil vere ein lyttepost og vidareformidle ønskje til politikarane som har makt til å gjere endringane. Til beste for folket. Og han får respons.
Kommentar frå nettredaktør
- Er dette eit smart trekk? Eller vil det drukne i jungelen av nettsider?Spørsmålet går til Nina Furu, som mellom mykje anna innafor webverda driv Nettredaktørskolen i Oslo, og er rådgivar for fleire av dei største nettstadane i landet.
- Kongsvinger kommune er ein av dei aktørane i Norge som arbeider mest framtidsretta med sin nettstad. Dei knyter webben direkte opp mot konkrete målsetnader, noko som er bra. Dei har ein nettredaksjon med svært dyktige menneske, seier ho og legg til at ho kjenner satsinga til Kongsvinger godt ettersom kommunen har brukt Webkvalitet as som rådgivarar i sine prosessar.
Web er reaktiv medium
-Samstundes er det viktig å hugse at web i sin natur er eit reaktivt medium, og ikkje proaktivt. Vidare at marknadsføring gjennom eige nettstad alltid vil vere etterspurnadsmarknadsføring. Effekten av webben i rekrutteringsarbeidet vil dermed vere avhengig av i kor stor grad dei klarer å nytte sin "propaganda" opp mot dei emna som brukarar i flyttemodus søkjer etter, mellom anna på søkjemotorar.
Om prosjektet:
Kongsvinger.no er eit spleiselag mellom Kongsvinger kommune og næringslivet for å auke folketalet i kommunen. Målet er 170 fleire innbyggjarar pr. år, anten det er å hindre folk å flytte frå eller lokke folk å flytte til kommunen. Prosjektperioden er frå sommar 2009 til 2011. Dag Arnesen er tilsett i rolla som innbyggjerrekrutterer – og bruker web som viktig verktøy.
Publisert: 04.11.2009 Endret: 29.06.2010