Jølstringane fyller meter på meter i Eikaasgalleriet. Dei kan til og med kjøpast som tapet – om du skulle ønskje det. Jølster arbeider med omdømet sitt, og har fått god hjelp gjennom denne utstillinga. (Foto: Oddrun Midtbø)
Kan eit fotoprosjekt gjere noko med omdømet til kommunen og sjølvkjensla til innbyggjarane?
Rundt om på alle veggene i Eikaas-galleriet i Jølster, heng dei innramma; unge og gamle, levande og døde
Utstilte i by & bygd
Fotograf Oddleiv Apneseth har kome i mål med eit prosjekt som har resultert i ei imponerande utstilling - i heimkommunen Jølster. Men jølstringane har også hengt på utstilling i Oslo og Bergen. Fotografen er sliten, men lukkeleg over å ha kome i mål.
Imponerande utstilling
Over 6000 menneske har sett utstillinga, berre på Vestlandet. Mange har kome for å finne att seg sjølve, andre for å sjå korleis eit bygdesamfunn kan framstillast. Etter første nølinga, har bygdefolket opna armane for fotografen og gjort prosjektet til felleseige.
Nokon verdi for omdømet til kommunen?
Ordførar Gerd Dvergsdal boblar over av begeistring når Distriktssenteret spør kva verdi fotoprosjektet har for kommunen. "Det har gjort noko med oss alle som bur i Jølster! Det styrkar identitetskjensla vår. Vi føler ei stoltheit og glede over å ha fått vere med på eit slikt prosjekt", seier ho og kjem med ei tilståing:
Pessimistisk ordførar fekk feil
"Då Oddleiv fortalde meg om prosjektet, at han skulle fotografere kvar dag og alle som bur i kommunen, sa eg at det aldri kom til å gå bra. Jølstringen er ein forsiktig type som ikkje likar å stikke seg fram, eller dumme seg ut." Men det synte seg at han klarte det – med glans! Ordføraren er glad for at ho tok feil.
Då kommunestyret sprang
Den stillfarande fotografen fekk til og med heile kommunestyret til å rømme møtelokalet og springe til rundkøyringa i sentrum, for i løpet av nokre minuttar stå flott oppstilte til eit fellesbilete.
"Du kan tru folk lurte, det stakk hovud fram i alle vindauge", ler ordføraren og legg til at prosjektet har gjort dei stolte – og mindre sjølvhøgtidlege. Eigenskapar som er gode å ha i eit kvart omdømeprosjekt.
Publisert: 20.11.2009 Endret: 18.01.2011