Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a
På inspirasjonsseminaret i Jølster var det stor stemning og ”stinn brakke”

På inspirasjonsseminaret i Jølster var det stor stemning og ”stinn brakke”

Artikkel

Omdømmebygging er ikkje luksus

Av: Roar Werner Vangsnes, 04.05.2010

Gjennom 29 inspirasjonsseminar Norge rundt har Distriktssenteret møtt 47 kommunar og om lag 1500 menneske. Lokal omdømmebygging var tema, og no har vi samla kunnskapen frå inspirasjonsseminara i ein rapport som samstundes kan vere ein rettleiar og til inspirasjon for andre som vil ta tak i omdømmearbeidet sitt. Det er ikkje luksus å arbeide for eit godt omdømme.

Kommunal og regionaldepartementet har i Stortingsmeldinga om lokal vekstkraft og framtidstru sagt at omdømmebygging er ein viktig del av satsinga på styrking av lokal samfunnsutvikling. Dette understreka også Statsråd Liv Signe Navarsete under inspirasjonsseminaret som ho var med i Indre Østfold.

I rapporten  ”Omdømmebygging etter 29 inspirasjonsseminar Norge rundt”  ser vi nærmare på 6 av dei 47 kommunane som har delteke (Åseral, Jølster, Nordre Land, Fosnes, Tjeldsund og Lebesby). Dette er kommunar som har ulike ståstader og har ulike vinklingar i sin prosess  rundt omdømmearbeidet.  I tillegg er det stor geografisk spreiing på kommunane og storleiken i folketal varierer frå 600 til 6800 innbyggarar.  Vi trur  erfaringane frå desse kommunane  vil vere til stor nytte for andre kommunar sitt utviklingsarbeid.

Bli inspirert, få kunnskap og nyttige råd

Inspirasjonsseminara hausten 2009 og vinteren 2010 var eit tilbod til kommunar og regionar som hadde sett omdømmearbeid på dagsorden, og som hadde behov for inspirasjon, nye nettverk og fagleg påfyll. I denne rapporten får du innblikk i omgrepet omdømme, kvifor det er viktig å ha eit godt omdømme og korleis drive omdømmebygging.

Tankar om omdømmebygging

Distriktssenteret har brukt ulike fagfolk på inspirasjonsseminara. Dei har delt raust av sin kunnskap, og i tillegg til den faglege delen har vi også hatt eit skråblikk på omdømme, med humor og kultur som viktige element. I rapporten har våre faglege bidragsytarar tilnærma seg omdømmebegrepet frå fleire vinklar. Dette er ein svært nyttig erfaring å ha med seg, når vi ser dei store variasjonane det er mellom kommunane som vi har besøkt.

Gode og konstruktive tilbakemeldingar

Sjølve inspirasjonsseminara har berre vore en del av prosjektarbeidet. Vi har hatt sterk fokus pådialog med kommunane i forkant, og ikkje minst i etterkant av seminaret. Dei umiddelbare evalueringane har vore positive. Vi har også vore i konktakt med alle kommunane/regionråda i etterkant, der dei har gitt tilbakemeldingar på det som har skjedd som ein direkte fylgje av inspirasjonsseminara. Lokale og regionale media har vore tilstades på mange av seminara. I rapporten har vi teke med ris og ros og ein del faksimiler som viser noko av media si interesse.



Ordføraren i Lebesby saman med heimflyttarar til kommunen

Stort engasjement og langsiktig arbeid

Omdømmearbeid i norske kommunar er eit langsiktig arbeid som krev brei forankring og tolmodig innsats over fleire år. Det må forankrast både i toppen i kommuneleiinga og på grasrota ute i lokalsamfunna. Då får ein mange gode ambassadørar og skapar slitestyrke. Vi har opplevd eit stort engasjement gjennom inspirasjonsseminara, og ser ingen grunn til at engasjementet skal slokne i tida som kjem. Distriktssenteret skal gi inspirasjon til lokal utvikling. Eit godt omdømme er ein suksessfaktor for å lukkast med dette.

Ungdommen og ungdomsråda er viktige å ta med på inspirasjonssameinar. Her ser vi  ungdom frå kommunane  Tjeldsund t.v. og Grue  saman med ordførarar og representantar frå inspirasjonsteama til Distriktssenteret.

Publisert: 04.05.2010    Endret: 29.06.2010

Skrevet av
Relatert innhold
Tilhører tema