Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a
Det årlege bygdeforumet i Sogn og Fjordane var i år lagt til Borgund i Lærdal.

Det årlege bygdeforumet i Sogn og Fjordane var i år lagt til Borgund i Lærdal. (Foto: Roar W. Vangsnes)

Artikkel

Bygdeutviklingsprosjekt delte erfaringar på bygdeforum

Av: Roar Werner Vangsnes, 22.09.2009

Bygdeforumet for bygdeutviklingsprosjekt i Sogn og Fjordane har hatt si årlege samling. Eit variert program over tre dagar gav dei seks bygdelaga både inspirasjon, samhald og ny kunnskap.

Bygdeforumet var denne gongen lagt til Borgund og eitt av bygdelaga i Lærdal kommune, som er på veg ut etter tre år i programmet.

BU-program med 17 års erfaring

Geirmund Dvergsdal frå fylkesmannen i Sogn og Fjordane er programkoordinator for BU-programmet. Han fortel at programmet har pågått kontinuerleg sidan 1992. To nye bygdelag blir tekne opp i programmet gjennom ein søknadsprosess kvart år, og vert med i ein trårsperiode. Samstundes må kommunen som bygdelaget høyrer heime i, forplikta seg både økonomisk og ressursmessig til å vera med. På den måten meiner Dvergsdal at bygdelaget er godt forankra til å vera med på det felles utviklingsarbeidet som skjer i Bu-programmet.

I tillegg til eit tettpakka program med mange foredrag, er bygdeforum ein arena for å bli godt kjent i eit av bygdelaga med synfaringar og turar i nærområdet.

Inspirasjon frå andre

BU-progammet hadde invitert fleire andre prosjekt til å fortelja om sine erfaringar. Mellom desse var Folgefonnlandsbyen i Jondal eit av prosjekta som fekk sleppa til. Dette prosjektet er med i småsamfunnsatsinga til KRD, og i tillegg er dei kome med som ein av dei seks områda som har fått status som nasjonalparklandby. Marit Sigurdson som også vert kalla ”landsbylos” kunne visa til stort engasjement i bygda, og håpa på ei ein sterkare fokus på næringsutvikling i tida som kjem.

Ein engasjert Leif Inge Hauge frå Stalheim landskapspark, fortalde om arbeidet i dei sju landskapsparkane i Hordaland og korleis dei hadde arbeidd så langt i sitt lokalsamfunn.

Kontinuitet og fornying på same tid

- BU-programmet har vorte evaluert to gonger i denne perioden, og mykje godt arbeid er blitt og blir gjort, meiner Dvergsdal. Samstundes er det viktig å sjå på nye moglegheiter som gjer at BU-programmet kan fornyast. "Difor har vi på dette bygdeforum lagt vekt på å få innspel frå fleire prosjekt både frå eige fylke og andre fylke, og innlegg med nye og spennande innfallsvinklar. Det som er spennande både med Folgefonnlandsbyen og Landskapsparken i Stalheim, er at dei viser andre inngangar til den felles utviklinga som vi alle treng å få til i lokalsamfunna", seier Dvergsdal.

Meir informasjon:

Bygdeutviklingsprogrammet i Sogn og Fjordane inngår som eit prosjekt i programområdet Landbruk og bygdeutvikling. Programmet er forankra i fylkesplanen i Sogn og Fjordane.

Målet er lokal mobilisering og næringsutvikling i utvalde bygder. Bygdene som blir tatt opp, deltek i programmet i tre år og mottek årleg støtte gjennom BU-midlane og løyving frå kommunen.

 

Publisert: 22.09.2009    Endret: 01.11.2010