Mai Camilla Munkejord, stipendiat ved Høgskolen i Finnmark, skriv om kvinner som flytter mot straumen i avhandlinga "Hjemme i nord". (Foto: Anita Haslie)
Artikkel
Fleire mulegheiter i Finnmark
29.10.2009
Mange kvinner opplever at dei får fleire mulegheiter når dei flyttar til Finnmark. Det viser eit fersk doktorgradsarbeid frå sosialantropolog og stipendiat Mai Camilla Munkejord.
Doktorgradsavhandlinga "Hjemme i nord" viser blant anna korleis gjennomsiktige og kompakte kyststader har kort veg til makt og innverknad. Mange innflyttarkvinner opplever difor at dette gjev fleire mulegheiter på arbeidsmarknaden, i politikken og i lokalsamfunnet generelt.
Modigare utanfor Oslo
"Birgitta" er ei av kvinnene som fortel si kvardagshistorie frå Vadsø, etter valget om å flytte tilbake. "For min del, så tror jeg aldri at jeg hadde gått så tidlig ut og starta min egen bedrift dersom jeg hadde bodd i Oslo. Hadde ikke turt. For det er så mye lettere å bli synlig her. Det er så mye lettere å få oppdrag" (Birgitta).
Forske på motstraums
"Forskning og media har lenge fokusert på utflytting, men det er mange som også vel å flytte mot straumen", seier Mai Camilla Munkejord til Kilden - informasjonssenter for kvinneforsking. Ho håpar at avhandlinga kan bidra til å bryte ned nokre førestillingar om nordområda som bu og arbeidsområde og til meir variasjon i val av stad og tematikk innanfor distriktsforskinga.
Les meir om avhandlinga "Hjemme i nord" hjå Kilden - informasjonssenter for kvinneforsking.
Hjemme i nord : en analyse av stedsopplevelser med utgangspunkt i kvinnelige og mannlige innflytteres fortellinger om hverdagsliv i Havøysund og Vadsø, Finnmark
Munkejord, Mai Camilla , Universitetet i Tromsø (2009).
Publisert: 29.10.2009 Endret: 06.07.2010