(Foto: Pål Bugge)
Artikkel
Få ungdomen inn i landbruket
12.08.2009
Ei nettside skal formidla ledige gardsbruk til ungdom. Dette skal auke rekrutteringa til landbruket og føre til auka bustetnad i bygdene.
Rundt omkring i Norge står titusenvis av gardsbruk tomme, utan folk til å bu og drive. Samstundes finst det mange unge som ynskjer å etablere seg og drive landbruk, men utan å vere odelsjente eller – gut er ikkje dette så lett.
Nasjonal gardsformidling
I 1998 starta eit samarbeid mellom Noregs Bonde- og småbrukarlag, Natur og Ungdom og Norges Bygdeungdomslag der målet var å utnytte dei ubrukte ressursane som ligg i dei tomme gardsbruka og å auke rekrutteringa til landbruket. Saman etablerte dei marknadsplassen www.gardsbruk.no der ledige gardsbruk kan formidlast for kjøp, sal og utleige. På nettstaden kan også dei som leitar etter ein gard registrere seg med annonser. Begge tenestene er gratis.
Stor etterspurnad
Nettstaden har hatt jamn auke sidan oppstarten. Ein av hovudutfordringane har vore å skaffe nok gardsbruk til formidling. Så langt viser erfaringane at etterspørselen er større enn tilbodet av ledige gardar. Det blei difor prøvd oppretta fleire fylkeskontaktar med kontakt ut i bygdene for å gjere tilbodet kjendt, kartlegge ledige gardsbruk og bidra med informasjon og rådgjeving til bønder som vurderer å selge.
Sidan oppstarten av det nasjonale prosjektet har det vakse fram fleire slike regionale og lokale gardsformidlingsprosjekt, som brukar erfaringane frå kvarandre og gardsbruk.no for å få til betre utnytting av den ressursen som tomme hus og småbruk representerer for gardar og grender. Nyleg blei også Facebook-gruppa "Bruk mulighetene" etablert, eit virtuelt nettverksforum for alle som driv eller er interesserte i "småbruksprosjekt".
Publisert: 12.08.2009 Endret: 03.03.2011