Marit Sigurdson fortel gjerne om sine erfaringar frå arbeidet med Folgefonnlandsbyen. Her som innleiar på Bygdeforum i Sogn og Fjordane. (Foto: Roar Vangsnes)
Folgefonnlandsbyen i Jondal er eit bygdemobiliseringsprosjekt med eit todelt siktemål. Prosjektet skal utvikle Jondal til å verte endå meir triveleg og attraktiv som bustad for både born, unge, vaksne og eldre. For det andre skal prosjektet stimulere til vidareutvikling av næringsliv, reiseliv og infrastruktur knytt til Folgefonna.
Prosjektet i Hardanger er midt i perioden der småsamfunnssatsinga er inne med midlar. Prosjektet har vektlagt eigarskap og forankring i lokalsamfunnet, i tillegg til trivselstiltak og arrangement.
Coaching som metode og verktøy i startfasen
Marit Sigurdson som er prosjektleiar og ”landsbylos” fortel at dei har nytta coaching som metode og verktøy. Dette inneber at teama er autonome og har eit tydeleg resultatansvar. Dei meiner at dette har vore gunstig i høve deltakarane si kjensle av forplikting og ansvar. Til saman er rundt 100 innbyggarar direkte involvert i prosjektet, og bygdemobiliseringa er såleis vellukka. Dei har fått stor merksemd i regionale aviser, og får gode tilbakemeldingar frå innbyggarane. Dei ser òg at folk som ikkje har vore særskilt aktive i tidlegare prosjekt, prosessar, dugnad og lagsarbeid no deltar i arbeidet med å gjera Jondal til ein betre stad å bu og flytte til, seier Sigurdson.
Finne den gode balansen for framdrifta i arbeidet
-Utviklingsarbeidet famnar svært breitt og dette er ressurskrevjande både for prosjektleiar og for teamleiarane seier Marit Sigurdson. Det vert ofte skrudd opp høge forventningar til arbeid som skal gjerast i slike utviklingsprosjekt. Difor meiner Sigurdson at det er viktig å finne dei rette avgrensingane som gjer at ein klarar å halde oppe motivasjonen og ikkje minst progresjonen som i måla for prosjektarbeidet.
Ny kunnskap gjennom nettverk
Den største utfordringa i tida som kjem, er sterkare fokus på næringsutvikling. Samstundes nyttar ho sjansen til å formidle om dei resultata som Folgefonnlandsbyen har fått fram så langt. Kunnskapsdeling blir svært viktig med tanke på vidareutviklinga, og her er ho glad for at Folgefonnlandsbyen er ein av dei 6 utvalde nasjonalparklandsbyane. Nettverket mellom desse stadene, håpar ho kan tilføra ny kunnskap til Jondal.
Publisert: 10.07.2009 Endret: 12.08.2010