Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a
Strandsitjarstaden Vikøyri er eitt av fleire kulturminne som no blir løfta fram

Strandsitjarstaden Vikøyri er eitt av fleire kulturminne som no blir løfta fram (Foto: Ottar Wiik)

Artikkel

Kulturminnebygda Vik i Sogn

15.09.2009

I Vik i Sogn blir det no satsa på å legge til rette for auka verdiskaping knytt til viktige kulturminne som mellomalderkyrkjer og strandsitjarstaden Vikøyri. Kommunen er på god veg til å skape noko nytt og spanande ut av kulturminna sine.

Viktige kulturminne  i kommunen er mellom anna mellomalderkyrkjene på Hove og Hopperstad og strandsitjarstaden Vikøyri, alle attraktive reisemål for besøkande i bygda.

Betre tilrettelegging for besøkande

Hopperstad stavkyrkje har åleine om lag 40 000 besøkande kvart år. Prosjektet legg opp til å ta i bruk bygningar frå den gamle klokkargarden og prestegarden som serviceanlegg for besøkjande til kyrkja, med servering, salg, informasjon,m.m. Ein ny turveg skal også knyta i hop og gje tilkomst til viktige kulturminne i Flatbygdi i  Vik. Rydding og skjøtsel av kulturlandskapet langs denne kulturminneløypa er ein viktig del.

Sjøfronten på Vikøyri

Opparbeiding og opprusting av sjøfronten på Vikøyri er eit anna viktig delprosjekt. Målet er å sikra og forbetra ramma rundt det verna trehusmiljøet, og skapa attraktive offentlege møteplassar ved fjorden. Strandpark, strandpromenade og badeplass inngår i planane.

Auka kunnskap om kulturminna

Eit anna mål er å auke kunnskapen og kompetansen til alle med ei vertskapsrolle i kommunen slik at ein får utløyst potensialet til verdiskaping og formidling knytt til  kulturminna. Gjennom ei seminarrekkje vert det førelest om historie og fakta om kulturminna, korleis vertskapsrolla kan fyllast og korleis ein bygger ein sterk identitet rundt kulturminneverdiane som ligg i nærmiljøet.

Distriktssenteret ser at ein i prosjektet har teke utgangspunkt i eksisterande verdiar i kommunen og at ein klarar å skape meirverdi knytt til desse. Prosjektet er godt forankra i kommunen og klarar å skape engasjement, kunnskapsauke og bevisstgjering hjå alle med ei vertskapsrolle i kommunen. Viki er på god veg til å skape noko nytt og spanande ut av kulturminna sine. 

Publisert: 15.09.2009    Endret: 18.01.2011

Relatert innhold
Relevante prosjekt
Handler om
Tilhører tema
Prosjektrelasjon