I boka Bikubesong brukte Frode Grytten historier frå si eiga bygd, noko som nesten har gjeve dei ulike arenaene kultstatus.
Litteratursymposiet i Odda har gått frå dugnadsbasert til profesjonell satsing. Kva gjer det med identitetskjensla og omdømet til industribygda?
- Symposiet betyr mykje for eit industrisamfunn i utvikling. Det gir både sjølvtillit og stoltheit til oss som bur i bygda. Det genuine med Odda er nettopp det at litteratur og stad er knytt så tett saman. Bygdefolk føler tryggleik og sterk eigarskap til arrangementet, fordi det er kjende forfattarar frå eiga bygd. Det er heller ikkje vanskeleg å få andre kjende forfattarar til å kome og delta. Det gjer også noko med sjølvbilete til folk. Odda har noko som er spesielt og som gjer at folk vil kome hit, seier Marit Eikemo. Frå 1.mars har forfattaren hatt jobben som festivalleiar for symposiet. – Ein veldig meiningsfull jobb, seier ho, og tykkjer det er flott at bygdefolket støttar så godt opp om arrangementet og at mange har gjort deltaking til ein tradisjon.
I år er temaet ”Litterære bilete”. Dei fem dagane i oktober får Odda besøk av forfattarar, illustratørar og eit aukande tal publikum. Skulane nyt også godt av dagane i form av teikneseriekurs og forfattarbesøk.
Starta med ein provokasjon
"Hva er det med Odda, dette nitriste stedet innerst i Sørfjorden, knuget av høye fjell, som er i stand til å få frem slike dyktige forfattere?" Dette spørsmålet stilte Arvid Bryne i Dagbladet hausten 2001. Frå det vaks arrangementet "Ka e det med Odda?" fram. Det sette fokus på forfattarar og skribentar frå Odda, og inspirerte til fleire litteraturarrangement. Kanskje også til at fleire blei forfattarar, skriv dei på heimesida www.litteratursymposiet.no.
- og ei bok…
Litteratursymposiet i Odda spring ut av Frode Grytten sin forfattarskap. Med den moderne klassikaren Bikubesong dikta han Odda inn i norsk litteraturhistorie i 1999. Den karakteristiske forteljartradisjonen frå Odda blir halden i hevd både i romanen – og i Grytten si årlege byvandring Bikubegang. Då tekhan publikum med på guida tur rundt til dei stadane han skriv om i Bikubesong. Turen inneheld historier om dei litterære karakterane i romanen og om faktiske personar og hendingar. Slik fortel han samtidig historia til industristaden Odda, som har vore ein av spydspissane i utviklinga av det moderne Noreg.
Seinare har fleire forfattarar og skribentar frå Odda oppnådd nasjonalt gjennombrot: Lars Ove Seljestad, Marit Eikemo, Bjørn Ingvaldsen, Hallgeir Opedal, Knut Olav Åmås.
Fleire av arenaene på symposiet er alt legendariske både i industrihistoria, lokalhistoria – og etter kvart også i litteraturhistoria.
Frå dugnad til profesjonell drift
Etter fem år med idealistisk innsats og utrygg økonomi, fekk Litteratursymposiet i Odda i 2009 prosjektstøtte frå Visjon Vest. Midlane er øyremerka profesjonalisering av drifta av litteratursymposiet. Marit Eikemo vart tilsett som festivalleiar. Ho vil mellom anna arbeide med å få på plass ein profesjonell organisasjon og sikre den vidare økonomiske plattforma for Litteratursymposiet. Arrangørane i Odda tek sikte på at symposiet skal bli ein vesentlig litteraturformidlar og premissleverandør i det norske litterære festivallandskapet.
Publisert: 10.07.2009 Endret: 12.08.2010