Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a
Vi satser på nye aktiviteter for ungdom knyttet til sjøen. Sommeren 09 arr. vi båtførerprøven i samarbeid med redningsselskapet for ungdom fra hele Sør-Norge. 4 unge fra Røvær fikk delta på leiren - og bestod eksamen.

Vi satser på nye aktiviteter for ungdom knyttet til sjøen. Sommeren 09 arr. vi båtførerprøven i samarbeid med redningsselskapet for ungdom fra hele Sør-Norge. 4 unge fra Røvær fikk delta på leiren - og bestod eksamen.

Artikkel

Øy søker barn - foreldre ingen hindring

14.09.2009

I det vesle øysamfunnet Røvær i Haugesund kommune opplever ein no eit oppsving i barnetalet etter målretta jobbing med identitetsskaping, bustadpolitikk og infrastruktur.

Den vesle øya Røvær ligg ei 25-minuttars båtreise vest frå Haugesund. Øya er ein bydel i Haugesund, og har for tida 110 fastbuande. For nokre år sidan var folketalet heilt nede i 70. Men i 2007 starta eit prosjekt som tok mål av seg på å rekruttere barnefamiliar til øya og å sikre at ungdommen vart verande.

Mangel på bustader

Den største utfordringa var å skaffe bustad til dei som ville flytte til Røvær. Øya er populær som ferie- og fritidsstad for folk busett på fastlandet. Noko som førte til at prisane på hus og hytter var høge. Prosjektleiar Elin Thorsen fortel at det var få eller ingen tilgjengelege tomter for nybygging, og ingen bustader til leige. Dette har prosjektet jobba målretta med, og no er det fleire leigebustader tilgjengeleg for familiar som ønskjer å "prøve-bu" eit år på Røvær før dei tek det endelege spranget.

Nyskaping av arbeidsplassar har også vore eit fokus, og saman med andre øysamfunn i området har ein gjennomført ei felles satsing på reiseliv. Kompetanseheving og utvikling av fellesproduktet Øyhopping på Utsira, Feøy, Espvær og Røvær har ført til utvida samarbeid og ny kontakt mellom øysamfunna i vest.

Ungdom aktivt trekt med

Distriktssenteret ser at ein på Røvær har lukkast å skape framtidstru, optimisme og resultat . Fleire nye familiar har flytta til øya, barnetalet har auka, nye arbeidsplassar er skapt og nye fritidstilbod til unge er etablert. Viktige faktorar i prosjektet er at ein har trekt ungdom aktivt med i alle prosessar og har satsa på sterk lokal forankring av alle tiltak. Prosjektleiinga peikar også på at det er viktig at politikarar i utviklingskommunar tek ansvar for å delta aktivt i utviklingsprosjekt, og at det trengst politisk handling, gjerne i form av vedtak, for å nå målsetningane. Det har lukkast Røvær å setje fokus på dei positive kvalitetane ved lokalsamfunnet og prosjektet har fungert som katalysator for å bringe folk saman, også på tvers av øysamfunnene i nærleiken.

Les meir på hjemmesiden.

Publisert: 14.09.2009    Endret: 12.08.2010

Relatert innhold
Handler om
Tilhører tema