Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a

Artikkel

Tips: Involver dei folkevalde

Av: Oddrun Midtbø, 19.01.2010

Samtlege kommunestyrerepresentantar, rådmann og ordførar i Odda kommune fekk tilsendt følgjande spørsmål av Traa og Gangeskar.

  • Kvifor meiner du Odda må styrke sitt omdøme?
  • Kva målgruppe meiner du er dei viktigaste for omdømearbeidet? Korleis trur du desse oppfattar bygda, kommunen og regionen i dag?
  • Kva kvalitetar/eigenskapar ved Odda-samfunnet set du høgt?
Svara og attendemeldingane tok duoen med seg vidare i omdømearbeidet. – Det er viktig å jobbe heilt reelt med faktiske utfordringar i eigen kommune for å få best mogeleg utbyte av Omdømeskulen, seier dei to.
Kontaktperson: Arild Traa, verdsarvkoordinator, omdømearbeidet og byplanlegging i Odda kommune.

Epost: arild.traa@odda.kommune.no

Ved å klikke på desse linkene, kan du sjå litt av det som er blitt gjort i Odda og regionen:

"Flytt til Hardanger"
Hordaland fylkeskommune har i lag med Hardangerkommunane starta eit større prosjekt som heiter "Flytt til Hardanger". Hardangerkommunane omfattar Kvam, Granvin, Ulvik, Eidfjord, Ullensvang, Odda og Jondal. Prosjektet starta mai 2007 og vert avslutta mai 2010.

Les Distriktssenterets omtale av Flytt til Hardanger her.

Meir om "Oddaprosessen"
Odda er ein av 11 pilotar i programmet "Kulturminne og verdiskaping" 2006 – 2010, som Riksantikvaren og Miljøverndepartementet står bak.

Om verdsarvprosjektet
Odda/Tyssedal og Rjukan/Notodden vart sommaren 2009 ført opp på den offisielle lista over område som Norge har som mål å nominere til den prestisjetunge UNESCO verdsarvlista dei komande åra. Heilskapen i området, forteljinga om vatnet som renn frå Hardangervidda og ut til dei andre områda for å bli gjort om til energi og skaper grunnlag for den moderne industrielle revolusjonen i Norge, er verdifull å ta vare på og formidle.

Publisert: 19.01.2010    Endret: 11.08.2010

Relatert innhold