Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a
Hensfjellet (1776 moh.) i Vang. Elva Begna i framgrunnen.

Hensfjellet (1776 moh.) i Vang. Elva Begna i framgrunnen. (Foto: Nils Rogn)

Artikkel

Valdres som merkevare

Av: Roar Werner Vangsnes, 12.08.2009

Valdres Natur og Kulturpark vart stifta ved at alle seks kommunane i regionen vart samde om ein 10 årig avtale om lokalsamfunnsutvikling.

”Vi skal vera ein arena for samhandling mellom reiseliv, kultur og friluftsorganisasjonar, bønder og andre næringsdrivande. Vidare skal vi samhandle om å lage produkt og opplevingar som er unike og som vi kan bygge ei sterk merkevare på - Merkevara Valdres”, seier Kjell Arne Berntsen, daglig leiar i Valdres Natur- og Kulturpark.

Regionen har utfordringar knytt  fleire år med nedgang i folketalet og det tradisjonelle landbruket, og ein sette difor i gang arbeidet med å sjå på korleis ein kunne organisere utviklingsarbeidet på tvers av kommunar og sektorar.

Valdres Natur og Kulturpark (VNK) vart  stifta i juli 2007 som den første natur- og kulturpark i landet etter fransk modell. Dette førte med seg ei  omorganisering og vidareføring av Regionrådet for Valdres, etter at alle seks kommunane i regionen  same våren vart  samde om en 10 årig avtale om VNK om lokalsamfunnsutvikling. Prosjektet fekk støtte frå fire departement, Fylkesmannen i Oppland, Oppland fylkeskommune og næringslivet gjennom Valdres Næringsforum. Hausten  2007 vart  dette følgd  opp ved at kommunane vart samde om vedtekter/samarbeidsavtale for VNK gjeldande for valperioden 2008-2011.

Visjonen for prosjektet er:

Valdres skal ha eit lønsamt, variert og framtidsretta næringsliv tufta på høg kompetanse.
Valdres Natur- og kulturpark – landets sterkaste regionale merkevare.
Hovudstrategien i handlingsprogrammet er:
Alle tiltak skal bidra til å byggje merkevaren Valdres, og såleis fremje auka  verdiskaping og livskraft.

Distriktssenteret meiner:

Prosjektet utmerkar seg på fleire måtar. Først og fremst er det eit godt døme på vektlegging og av langsiktig, regionalt forpliktande samarbeid på tvers av dei vanlege sektorane. Vidare skal ein få på plass ein inkluderande og heilskapleg  strategi for å etablere Valdres som en bygdeutviklingsregion med økt verdiskaping og livskraft i lokalsamfunna som mål.

 

Publisert: 12.08.2009    Endret: 12.08.2010

Relatert innhold
Relevante prosjekt
Handler om
Tilhører tema
Prosjektrelasjon