"Vi skal bli best på lokal vekstkraft!" seier Jan Per Styve, Ole Bakkebø og Nina Broch Mathisen frå den regionale partnarskapen i Hordaland. Foto: Simon Sortland, Hordaland fylkeskommune
LivOGlyst-program, kommuneprogram og storstila satsing på ny virtuell møtestad - Hordaland vil bli best på lokal vekstkraft!
Kom-an.no er på lufta, søknaden om deltaking i KRD si satsing på lokal samfunnsutvikling i kommunane, snart klar. Og tilbakemeldingane frå entreprenørar og prosjektleiarar er gode: "Vi har stor nytte av deltakinga i LivOGlyst og samarbeidet i Kommuneprogrammet. Kompetansen og nettverka vi får tilgang til er gull verdt", seier prosjektleiar i Samnanger kommune,Tone Tysseland Holmefjord.
Lokal vekstkraft
" Vi skal bli best på lokal vekstkraft!", sa Jan Per Styve, regionaldirektør i Hordaland fylkeskommune, på LivOGlyst-konferansen i Bergen. Og entreprenørskap og lokal samfunnsutvikling er viktige satsingsområde i Hordaland. Det har kommunar og lokalsamfunn erfart dei siste åra, gjennom kompetanse- og utviklingsprogramma "LivOglyst" og "Kommuneprogrammet". Bak står eit sterkt lag med Hordaland fylkeskommune, Innovasjon Noreg og fylkesmannen si landbruksavdeling.
Ny møtestad
No varslar den aktive partnarskapen enno sterkare satsing på kommunar og lokalsamfunn: Den flunkande nye møtestaden og nettsatsinga Kom-an.no kan bli nok eit nyttig verktøy for nyetablerar og samfunnsentreprenørar i Hordaland. Her finst informasjon og forum for alle som treng informasjon og støtte til å starte opp eiga verksemd eller lokale utviklingstiltak.
Deltakarane har ansvar
Innovasjon Noreg, landbruksavdelinga hjå fylkesmannen og fylkeskommunen står ansvarlege for innhaldet, men også kommunar og lokale prosjekt kan få "sine sider" i portalen. Desse, og foruma som høyrer til, styrer kommunane og prosjekta sjølve. "Vi har store ambisjonar, men det er de som avgjer om dette blir eit godt verktøy i arbeidet", sa landbruksdirektør Ole Bakkebø til programdeltakarar og kommunalt tilsette i salen.
Samspel med nasjonale aktørar
Nettstaden vender seg først og fremst mot entreprenørar og lokalsamfunn i Hordaland og vil samspele med den nasjonale møtestaden distriktssenteret.no. No sit det spente redaktørar og prosjektdeltakarar klare til å høyre kva brukarane sjølve seier.
Ta ein kik du også: Kom-an og ta sats - i eller utanfor Hordaland!
Publisert: 04.02.2010 Endret: 08.09.2010