Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a
Fleire Telemark-kommunar vil gje unge vaksne tilbod om å prøvebu bygda med sosialt bumiljø og særeigne bustadkvalitetar.

Fleire Telemark-kommunar vil gje unge vaksne tilbod om å prøvebu bygda med sosialt bumiljø og særeigne bustadkvalitetar. (Foto: Hamish Moore, www.morgedal.com)

Artikkel

Prøvebustad-prosjekt i Telemark

Av: Trude Risnes, 09.12.2010

I Telemark skal du snart kunne "prøvebu bygda" i heilt spesielle og arkitektteikna bustader. Det er målsettinga for kommunane bak satsinga.

Prøvebustad-prosjektet har mål om at fleire særmerkte bustader skal bli bygde i kommunane Hjartdal, Seljord, Kviteseid, Tokke og Vinje dei komande åra. Prøvebustadane skal vere kommunalt eigde, og skal kunne leigast i 1-2 år. Sosialt bumiljø er også sentralt i konseptet. Bustadane skal byggast i nærleik til sentrale institusjonar som skule, barnehage, grendehus og butikk. Målet er at prøvebustaden og bumiljøet skal vere med å senke terskelen for unge som vurderer å etablere seg på bygda.

Prosjektet vender seg særleg mot ungdom som kan tenkje seg å etablere seg i, eller flytte til distriktet, men som ikkje er klare for å bygge sjølve og heller ikkje ønskjer å bu "kvar som helst, eller korleis som helst." Det er difor eit viktig poeng at prøvebustadane skal kunne revitalisere den lokale byggeskikken og gje impulsar til moderne byggeskikk i distriktsområde. Målet er å bygge 6-7 prøvebustader.

Viktige element i prosjekteringa av dei ulike skisseprosjekta vil vere:

  • Lokal identitet - sett både i eit tradisjonelt og eit moderne perspektiv
  • Skånsam opparbeiding av landskapet
  • Bruk av kortreiste og lokale material
  • Bustadane skal vere arealeffektive og bærekraftige

Prosjektet er eigd av kommunane Hjartdal, Seljord, Kviteseid, Tokke og Vinje og leia av Vest-Telemark Næringsutvikling. VTNU har i 2010 arbeidd med å finansiere skisseprosjektet på 1.120.000 kroner. Pengane skal dekke utgifter til arkitektskisser av prøvebustader i deltakarkommunane. Pengar er so langt løyvd av Fellesfondet for Øvre Telemark, Telemark fylkeskommune og dei fem deltakarkommunane. Det er også søkt midlar frå Telemark interkommunale næringsfond.

Nokre kommunar har kome lengre i planlegginga enn andre. I Vinje er kommunen, i samarbeid med Husbanken, i ferd med å byggje ein kommunal utleigebustad i Øyfjell. Målet er at prøvebustaden skal vere med å senke terskelen for unge som vurderer å flytte frå byen for å etablere seg på bygda.

Prøvebustadprosjektet har allereie gitt resultat: Ei nyinflytta familie bygger parallellt i same stil i same byggefelt, og ein annan familie vil bygge på den siste tomta i feltet. I Hjartdal satsar kommunen på bygging av to prøvebustader, retta mot ungdom.

Prosjektet vil også få eit internasjonalt fokus gjennom arkitektane Rintala/Eggertson/Sondresen, som er engasjerte i prosjektet. Kommunal saksgang er gjeldande og det er soleis ingen automatikk i at der arkitektane først startar sitt arbeid vil det bli bygd hus først. Prosjektleiaren i VTNU, Elisabeth Lid, trur uansett det vil ta to-tre år før bustadane står ferdige.

Distriktssenteret vil samle informasjon og erfaringar om arbeidet frametter.

 

 

Publisert: 09.12.2010    Endret: 03.03.2011

Relatert innhold