Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a

Studien Langtidseffekter av omstillingsprogram

1565 omstillings-arbeidsplassar

Av: Dan-Erik Aggvin, 26.10.2010

388 millionar kroner i offentlege omstillingsmidlar har ført til 1565 ekstra arbeidsplassar. Det viser ein rapport om langtidseffektar av omstilling som Trøndelag Forskning og Utvikling har laga etter initiativ frå Distriktssenteret.

- Det er tydeleg at omstillingstatus gir kommunar og regionar kommunar eit løft med langsiktige resultat. Omstillingsprogramma vi har studert har likevel ikkje vore kraftige nok til å kompensere fullt ut for negativ utvikling som følge av langvarig nedgang i basisnæringar, nedbemanning i hjørnesteinsbedrifter og generelle sentraliseringsprosessar, fortel seniorforskar Roald Sand  i Trøndelag Forsking og Utvikling.

Omstilling ikkje nok

I studien har Trøndelag Forskning og Utvikling sett nærare på ti område som hadde omstillingsstatus rundt tusenårsskiftet for å finne ut om omstillingsprosjekta har hatt langvarig effekt. Til saman fekk dei ti prosjekta 388 millionar kroner i tilskot frå Kommunal- og regionaldepartementet, fylka og kommunane. Ved utgangen av 2009 hadde omstilling i dei ti områda  bidratt til 1565 fleire arbeidsplassar. Det er likevel grunn til å legge merke til at studien viser at desse områda  har 3900 fleire arbeidsplassar enn ein kunne ha venta om utviklinga var som i samanliknbare kommunar og næringar. Ei rekkje andre forhold har såleis også vore viktige for utviklinga.

Sjølv om omstillingsprosjekta har hatt ein tydeleg positiv effekt, er det ein negativ befolkningsutvikling i desse områda. Tilbakegangen her er på 2,7 prosent, medan det har blitt 12,9 % fleire innbyggjarar i landet totalt sett. Sysselsettingsveksten har også vore lågare i omstillingsområda (12,1 prosent) enn i landet elles (35,7 prosent). Rapporten viser at det hadde stått endå dårlegare til i omstillingsområda utan den målretta satsinga. Evna til å utvikle nye og eksisterande verksemder i omstillingsområda er styrka, også på lang sikt. Dei ulike omstillingsområda har også fått eit meir robust og variert nærinsliv, konkluderer forskarane.

Nyttig lærdom

I studien er det sett på dokumentasjon frå omstillingsprogramma, forsking på effektar av verkemiddelbruk, statistiske opplysningar og intervju med nøkkelpersonar i alle omstillingsområda. Til saman gir dette eit godt bilete av dei langsiktige effektane av omstilling. Erfaringar frå dei ulike omstillingsprogramma er samanstilt, slik at det er mogleg å trekkje felles lærdom. - Funna i rapporten gjer at vi meiner det er grunn til å sjå nærare på tida som vert sett av til denne typen omfattande utviklingsarbeid, seier direktør Halvor Holmli ved Distriktssenteret. - Dei ti omstillingsprogramma varte i seks år kvar. Signala om at det hadde vore fornuftig med meir, er tydelege. Det passar dårleg med dagens praksis, som stort sett er å tildele omstillingsstatus for to-fire år.

Innovasjon Noreg, som har ansvaret for å sikra kvaliteten og følgje opp omstillingsarbeidet i den einskilde kommune er godt fornøygd med resultata.
- Dette syner at det systematiske arbeidet som er gjort i omstillingsperioden har gjeve langsiktig resultat. Mellom anna i arbeidet med å profesjonalisera det lokale næringsarbeidet, tilføre det lokale næringslivet kompetanse og ikkje minst medverke til eit meir variert og robust næringsliv, sier spesialrådgivar Kjell Åge Sire hos Innovasjon Noreg.

Fakta:

Eit omstillingsprogram er ein tidsavgrensa, ekstraordinær innsats for å få snudd en svært negativ utvikling i sysselsetting og folketal. Finansieringa skjer med offentlege midlar frå stat, fylkeskommune og en eigendel frå kommunane som gjennomfører programma. Hovudmålet med omstillingsmidlane er å utvikle lønsame arbeidsplassar, få ein meir robust og variert næringsstruktur og å styrke næringsutviklingsevna. Før 2004 var det Kommunal- og regionaldepartementet som tildelte slik status. Etter 2004 er det fylkeskommunane som administrerer verkemiddelet.

Områda som er med i studien:

Kommune   
Omstillingsperiode   
Tilskot   
Arbeidsplassar pr 2009
Arbeidsplassar utan omstilling
Odda   
1998-2003 53,5 MNOK 199-248 5-7 % færre
Røyrvik   
1994-2000 32 MNOK 19-28 8-13 % færre
Dalane (Eigersund, Bjerkreim, Lund og Sokndal kommunar) 1997-2002 10,4 MNOK 30-38
Sokndal   
1997-2002 28 MNOK 68-101 5-8% færre
Narvik   
1996-2001 78,5 263-394 3-4% færre
Vaksdal   
1997-2002 26 MNOK 102-128 7-8 % færre
Sigdal   
1996-2001
19,5 MNOK 60-75 4-5 % færre
Bremanger   
1998-2003 32 MNOK 75-113 5-7 % færre
Oppdrift (Nome, Kragerø, Risør og Tvedestrand kommune) 1997-2002 57 MNOK 173-216 1,4-1,7 % færre
Glåmdalsregionen (Nord-Odal, Sør-Odal, Eidskog, Kongsvinger, Grue, Åsnes og Våler kommune) 1998-2003 50 MNOK 150-225 1 % færre

Kolonna ”Arbeidsplassar pr 2009” viser kor mange arbeidsplassar omstillingsarbeidet har bidratt til frå oppstart og fram til 2009.
Kolonna ”Arbeidsplassar utan omstilling” viser kor mange prosent færre arbeidsplassar området ville hatt om ikkje omstillingsarbeidet hadde vorte gjennomført.

Publisert: 26.10.2010    Endret: 02.02.2011