Erfaringar frå tiltak for å auke busetting og aktivitet på ubebudde landbrukseigedomar skal no samlast. Arbeidet skal bidra til meir liv på fleire landbrukseigedommar.
Omlag 34.000 landbrukseigedomar i Noreg har i dag ikkje fast busetting. Samstundes kan mange tenkje seg å kjøpe og bu på slike gardar og småbruk. Dei tomme landbrukseigedommane kan altså representere store verdiar med tanke på auka busetting og aktivitet på gardar og i grender. Landbruks- og matdepartementet vil no samle kunnskap frå erfaringane med tiltak som rettar seg mot å "få liv" i desse eigedommane.
Norsk senter for bygdeforskning skal på oppdrag frå departementet greie ut og systematisere erfaringane av alle lokale og/eller regionale tiltak, som har mål om å skape busetting eller ny aktivitet på ubebudde landbrukseigedomar i Noreg. Arbeidet skal bidra til departementet sitt arbeid med å legge til rette for auka aktivitet og busetting.
Saman med bl.a fylkesmennene og fylkeskommunane, har Distriktssenteret gitt innspel til arbeidet med å få oversikt over lokale og regionale tiltak.
Publisert: 02.12.2010 Endret: 09.12.2010