Fokuset i verdsparkområdet ligg på grøne verdiar. Også i bustadplanlegginga. Eit samarbeid med Møre og Romsdal arkitektforening skal bidra til bygging av berekraftige bustader og auke kunnskapen om berekraftig planlegging.
Norddal er ei levande verdsarvbygd og kommune i verdsarvparkområdet rundt Geiranger. Her er eit sterkt lokalt engasjement for å halde liv i staden. Og berekraftige bustader og bustadmodellar er ein sentral del av tilflyttingsstrategien i posjektet "verdsarv og bygdeutvikling".
"Verdsarvbustader"
I prosjektet "verdsarv og bygdeutvikling" skal bygda og verdsarvparken samarbeide med Møre og Romsdal arkitektforening om ein arkitektkonkurranse, for å få fram "verdsarvbustader" med utgangspunkt i berekraftig planlegging og bygging. Prosjektet skal utviklast i dialog mellom flyttarar, lokale entreprenørar, lokalt næringsliv og busette i Norddal.
Prosjektet har også mål om å bidra til ny kunnskap om bruken av trevirke og treprodukt, basert på dei rike skogbruks- og trevirketradisjonane i fylket.
Prøvebu prestebustaden
For tilflyttarar til Norddal som tenkjer på å etablere seg fast i bygda, men treng tid til å prøvebu både hus og stad, finst det også berekraftige tilbod. Den nyleg restaurerte prestebustaden står klar for dei rette tilflyttarane. Blir det "full klaff" mellom hus og "prøvebuar", kan prestebustaden "arvast". Det er verdsarvadministrasjonen som utarbeider kriteria som potensielle prøvebuarar må rette seg etter, og som står for formidlinga.
Publisert: 02.12.2010 Endret: 09.12.2010