Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a
I Hardanger-regionen er det stor skilnad på kommunane, målt etter attraktivitet.

I Hardanger-regionen er det stor skilnad på kommunane, målt etter attraktivitet. (Foto: Flytt til Hardanger)

Artikkel

Nærings- og attraktivitetsanalyse for Hordaland

Av: Trude Risnes, 01.03.2011

Ei nærings- og attraktivitetsanalyse frå Telemarkforsking viser store skilnader mellom og i regionar i Hordaland.

Rapporten ”Næringsutvikling og attraktivitet i Hordaland” er laga av Telemarksforskning på oppdrag frå Hordaland fylkeskommune. Rapporten rangerer regionane og kommunane i Hordaland etter kor attraktive dei er for tilflyttarar, besøkande og bedrifter. Rapporten er ein av fleire slike regionale rapportar frå Telemarkforsking.

Samanlikna med resten av landet blir Hordaland rekna som ein attraktiv region, men her er store skilnader mellom, og i regionane. Medan Bergens-nære regionar kjem høgt på den nasjonale "attraktivitetsrankinga", plasserer Hardanger seg i nedste delen av lista. Regionaldirektør i Hordaland fylkeskommune, Jan P. Styve forventar ikkje at alle regionar kan vere attraktive på alle område, men er oppteken av at Hordaland ikkje skal få ei utvikling der all tilflytting og næringsutvikling kjem kun nokre få regionar til gode. Han meiner rapporten gjev nyttige indikasjonar på kva Hordaland skal prioritere i det vidare arbeidet med regional utvikling.

Rapporten inneheld òg ei rekkje andre mål og rangeringar av fylker, regionar og kommunar. Hordaland plasserer seg på femteplass i folkevekst frå 2000 til 2010, andreplass i sysselsettingsvekst frå 2005-2009, andreplass i nyetableringar i næringslivet og tredjeplass i Nærings-NM.

Les meir om nærings- og attraktivitetsanalysa hjå Hordaland fylkeskommune.

 

 

 

 

 

Publisert: 01.03.2011    Endret: 08.03.2011

Relatert innhold