Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a
Synnøve Aabrekk t.v. og Beate Vik i reisemål Nordfjord har tru på ei vidareføring av samarbeidet med dei 6 kommunane i regionen.

Synnøve Aabrekk t.v. og Beate Vik i reisemål Nordfjord har tru på ei vidareføring av samarbeidet med dei 6 kommunane i regionen. (Foto: Roar Vangsnes)

Artikkel

Reisemålsutvikling med eit kommunalt perspektiv.

Av: Inga Marie Skavhaug og Roar Werner Vangsnes, 23.03.2011

Distriktssenteret skal bygge og dele kunnskap om distriktskommunane si medverknad og rolle i lokal samfunnsutvikling. I vår handlingsplanen for 2011 er reiseliv sett frå eit kommunalt perspektiv, eit av våre fokusområda.

Distriktssenteret ynskjer m.a. å sjå nærmare på kommunane sin heilskaplege rolle arbeidet med reiselivsutvikling. Dette gjeld t.d. som produkteigar, rammesetjar, utviklingspartnar og kommunen sine vertskapsfunksjonar. Med dette som utgangspunkt skal Distriktssenteret kartlegge to utvalde og fylgja tett i tida som kjem. Det er reisemål Stryn&Nordfjord i Sogn og Fjordane og reisemål Lister i Vest Agder. Dette er to område som begge er reiselivsregionar av 6 kommunar, der reisemål Stryn/Nordfjord har eksistert sidan 1997, medan reisemål Lister vart etablert i 2010.

Distriktssenteret har også inngått eit samarbeid med Mimir AS, om å gjennomføra ein case studie på 7 utvalde reiselivsregionar i Norge, der ca. 35 kommunar blir involvert. Mimir AS har dei siste 10 åra arbeidd med reiselivsutvikling i skjæringsfeltet mellom marknadsforståing, nærings- og destinasjonsutvikling samt kommunal planlegging og medverknad til utvikling av reiselivet på lokalt nivå. Dei har i tillegg ført i pennen Innovasjon Norge si ”Hvitebok for reisemålsutvikling”, som framleis er det einaste heilskaplege ”verktøyet” for formaliserte utviklingsprosessar i dette skjeringsfeltet.

Case studien skal saman med våre eigne kartleggingar, vera ein viktig del av kunnskapsinnhentinga som Distriktssenteret skal gjera på området fram mot sommaren 2011.

Reisemål Stryn & Nordfjord er eit fellesorgan for marknadsføring av Nordfjord som reisemål, og består av kommunane Stryn, Hornindal, Gloppen, Eid, Vågsøy og Selje.

Distriktssenteret vitja Synnøve Aabrekk, som er arbeidande styreleiar for selskapet og Beate Vik Hauge som er marknadssjef . Dei viste til både fordeler og utfordringar med et samarbeid mellom kommunane for å utvikle Nordfjordregionen som reisemål.

Dei ønskjer å ha ei tydeleg stemme inn til kommunane og regionrådet knytt til kva for rammer som må til for å skape utvikling i reiselivsnæringa. Dei meiner regionrådet kan bli ein endå meir sentral formidling - og kommunikasjonskanal, i tillegg til at det er viktig å bistå dei enkelte kommunane som ofte treng støtte, både fagleg og økonomisk. Reisemål Stryn & Nordfjord har også eit mål om nært samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune, noko som kan bli styrka etter utarbeidinga av Reiselivsplanen for Sogn og Fjordane 2010-2025, seier Aabrekk.

Reisemål Lister SA skal vere eit felles organ for koordinering, kvalitetssikring og utvikling av marknadstiltak for bedrifter, kommunar og organisasjonar knytt til Lister-regionen. Kommunane i Lister er Lyngdal, Farsund, Kvinesdal, Flekkefjord, Hægebostad og Sirdal.

Distriktssenteret møtte Tone Marie Nybø Solheim, som er styreleiar i reisemål Lister og rådmann i Flekkefjord. Solheim ser på rolla som styreleiar som både spennande og utfordrande. Spennande fordi det er ei næring i vekst i regionen. Utfordrande fordi det er vakse fram eit behov for å sjå på ein sterkare regional forankring av reiselivet, på same tid som ein må klara å halda oppe og vidareutvikla dei sterke lokale merkenamna.

Solheim meiner det kan vera ein stryke med ein styreleiar frå det kommunale apparatet. På den måten vert dei offentlege eigarane ein bidragsytar med forpliktingar i samarbeidet og samstundes ein tilretteleggar mellom kommunane og bedriftene. Det å forstå korleis reiselivet fungerer, har stor betyding for kommunane. Spesielt gjeld dette når ein no skal få til ei god og framtidsretta samordning av lokale reiselivssjefar sitt arbeid, og få dette til å fungere på ein god måte på tvers av kommunane i Lister.

Rådmannen i Flekkefjord ser positivt på Distriktssenteret sitt arbeid med å fokusere på reisemålsutvikling med eit kommunalt perspektiv. Skal denne kartlegginga bli god, er signala frå rådmenn og ordførarane avgjerande. Vi må ha eit bevisst forhold og tankar om korleis reiselivsnæringa skal utviklast i vårt felles området.

Publisert: 23.03.2011    Endret: 15.06.2011