Sogn Mediaservice UB. Her med elevane, frå v.: Nicolai Lie Kortner, Linn Christina Leirdal, Julia Morenda Rosenlund, Janne Kathrin Håland, Karen Kvamen, Ingeborg Hauge Vindedal og Johnny Flaten (lærar). (Foto: Roar Werner Vangsnes)
Sogn Mediaservice er eit samarbeid mellom to ungdomsbedrifter på medium og kommunikasjon ved Sogndal vidaregåande skule. Dei tilbyr produkt innan film, foto, lyd, journalistikk, reklame, marknadsføring og grafisk design som logoar, plakatar og invitasjonar.
Nettoverføringa av Distriktssenterets dialogseminar
Under dialogseminaret som Distriktssenteret arrangerte på Fylkeshuset på Leikanger den 7. april, stod Sogn Mediaservice UB for streaming av møtet. Fleire kunne følgje seminaret sjølv om dei ikkje hadde moglegheit til å reise til Leikanger. Under seminaret kom det inn fleire meldingar om ein svært god ”streamingproduksjon”.
Tidlegare har Sogn Mediaservice UB blant anna vore ansvarleg for direktesending av Næringslivskonferansen i Sogn og Fjordane og overføringa av Nasjonal breibandskonferanse, arrangert av IT- forum Sogn og Fjordane på Gardermoen 4. april. Før fylkesmessa til Ungt Entreprenørskap i Sogn og Fjordane 17. mars produserte dei messeavisa ”PitStop”, ei avis som handlar om ungt entreprenørskap i Sogn og Fjordane i 2011. I ei pressemelding frå fylkeskommunen i Sogn og Fjordane kan ein lese at avisa kom ut i heile 19 000 eksemplar og vart distribuert som innstikk i Sogn Avis og Firda.
Teknologi gir nye moglegheiter
På arrangementet var det fritt fram å senda inn spørsmål på sms og twitter. Dette ga dei som ikkje var til stades på Leikanger, moglegheit til å delta i dialogen. Sjølv om ein kunne registrera at mange var innom for å fylgje med på seminaret, kom ikkje så mange innspel frå ”cyberspace”. Nokre tok likevel mot til seg og vart med i debatten.
Ungt Entreprenørskap
Bedrifta er eit godt døme på arbeidet med ungt entreprenørskap, knytt til samspelet mellom skuleverket, næringslivet og andre aktørar. Gjennom dette arbeidet får ungdommane opparbeida seg ein brei kompetanse på eit arbeidsfelt, og dei får moglegheit til å vera kreative.
Publisert: 01.04.2011 Endret: 06.04.2011