Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a
Ordførar Gunn Åmdal Mongstad ynskjer ei sterkare satsing på natur- og kulturav velkomen, og er glad for at øykommunen hennar får ta del i dette arbeidet.

Ordførar Gunn Åmdal Mongstad ynskjer ei sterkare satsing på natur- og kulturav velkomen, og er glad for at øykommunen hennar får ta del i dette arbeidet. (Foto: Roar Werner vangsnes)

Artikkel

"Naturarven som verdiskapar" formar seg

Av: Roar Werner Vangsnes, 12.05.2011

Sidan sommaren 2009 har programmet Naturarven som verdiskapar vore operativt. Totalt er 15 ulike prosjekt spreidd over heile landet, kome med i programmet. Den 3-5 mai d.å. var dei samla på nettverkssamling vest i havet av Sogn og Fjordane.

Spennande spleiselag

Bruk og vern-debatten har til tider gått høgt på mange frontar. Dette fordi nye verneområde og utvidingar av verneområde har kome på bana. Trongen for større deltaking av kommunane og ikkje minst befolkninga, har vore eit kjernepunkt i denne utvikling. Fleire pionerprosjekt vart initiert på byrjinga av 2000-talet. I dag haustar ein fruktene av resultata frå denne perioden, og eit spleiselag mellom Miljøvern- og Kommunal- og regionaldepartementet skapte ” Naturarven som verdiskapar”. Løyvinga var på 10 milionar første år og 25 millionar kroner deretter i totalt fem år til arbeidet. Programansvarleg er Bente Rønning frå Direktoratet for Naturforvaltning.

Nettverkssamling på kysten av Sogn og Fjordane

Dette er fjerde samlinga etter at programmet kom i gang, fortel Rønning. Eit viktig grep er relasjonsbygging mellom dei ulike prosjekta, seier ho. Denne gongen er vi her ute i kystarvprosjektet i Sogn og Fjordane, eit samarbeid mellom dei fem kommunane, Askvoll, Hyllestad, Solund, Fjaler og Gulen. Eit eventyr å koma til Bulandet og Værlandet i det vestlegaste fastbuande øysamfunn i Norge. I dag har vi besøkt delprosjekt på Litle Færøy og Gåsvær i Solund.

Representantar frå dei 15 naturarvprosjekta samla på Litle Færøy i naturskjønne omgivnader, flott vær og ikkje minst eit fantastisk vertskap Representantar frå dei 15 naturarvprosjekta samla på Litle Færøy i naturskjønne omgivnader, flott vær og ikkje minst eit fantastisk vertska.

Vi ser at fleire prosjekt har fellesnemnarar, som kan utnyttast godt i programperioden. Eit døme er arbeidet som går på fugleinteressene. Her er prosjekta i Finnmark, Trøndelag og på Sørlandskysten allereie i gang med eit eige samarbeid. I tillegg er Kystarvprosjektet her i Sogn og Fjordane også svært interessert i dette feltet. I dag har vi mellom anna sett på sjøfuglsenteret på Værlandet som er planlagt å stå ferdig neste år, seier Rønning. I tillegg er fagleg påfyll på aktuelle område ei prioritert oppgåve for programarbeidet.

Sterke koplingar til kommunar og lokalbefolkninga

På ei synfaring til Solund, hoppa ordføraren i kommunen Gunn Åmdal Mongstad om bord i båten. Saman med fleire medarbeidarar frå kommunen, guida ho oss inn til den vesle øya Litle Færøy. Der vi møtte vi ein engasjert kar, Roar Moe, som gjennom mange år har ivra for å synleggjere kystkulturen sine verdiar. Det har resultert i at ein etter kvart har opp ei satsing på eit nasjonalt kystkulturakademi i Solund. Mongstad meiner at den innsatsen og formidlinga som skjer på desse små øyane med ressurspersonar som til dømes Roar Moe, har vore med å gi eit nytt syn på dei natur- og kulturkvalitetane vi har. Dette gjeld folk både lokalt , regionalt og nasjonalt. Eit døme, er at sauetalet gjennom satsinga på villsau, har auka betrakteleg i kommunen. Aktiv lyngbrenning har gitt betre beite. Sauen som kulturlandskapsarbeidar på den eine sida og matauke på den andre sida, er ein god kombinasjon, seier Mongstad. Ordføraren håpar og trur at denne satsinga som skjer gjennom Naturarven som verdiskapar, vil setja spor. Ho er glad for at to departement er med, men saknar Landbruks- og matdepartementet i programsatsinga. Gjennom bygdeutviklingsarbeidet i Sogn og Fjordane som endå pågår, og naturbruksprosjektet som vart avslutta for nokre år sidan, er det landbruksavdelinga som er og har vore motoren. Mongstad nemner også reiselivssatsinga som kanskje er den viktigaste drivaren for næringsutvikling i område, der bruk og vern-debatten står sterkt. Ho utfordrar til ein endå betre samordning på toppen mellom fleire departement, som igjen vil styrka den regionale og lokale satsinga på naturarven som verdiskapar.

Publisert: 12.05.2011    Endret: 18.05.2011