Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a
Mykje tyder på at buplikta er ikkje så effektiv som mange trur.

Mykje tyder på at buplikta er ikkje så effektiv som mange trur. (Foto: Trude Risnes)

Artikkel

Verkar ikkje buplikta som forventa?

Av: Oddrun Midtbø, 26.01.2009

Ein ny forskingsrapport frå Norsk senter for bygdeforsking viser like mye busetnad i kommunar utan buplikt som kommunar med buplikt. Dette kan tyde på at buplikta ikkje verkar som forventa. På ny er no den omstridde lova oppe til debatt.

Ein ny forskingsrapport frå Norsk senter for bygdeforsking viser like mye busetnad i kommunar utan buplikt som kommunar med buplikt. Dette kan tyde på at buplikta ikkje verkar som forventa. På ny er no den omstridde lova oppe til debatt.

Ulike typar buplikt

Buplikt på bustadeigedom må ikkje forvekslast med buplikt på landbrukseigedom.

- Ideelt sett burde ein ha samanlikna bupliktkommunane før og etter at dei innførte buplikt for å få heilt sikre konklusjonar, men slike data finst knapt. Vi har gjort målingar berre for heile kommunen og ikkje for ulike soner i kommunen. Sidan buplikta i mange kommunar er retta inn mot soner, kan vi ikkje felle nokon endeleg dom over buplikta. Men det er litt overraskande at så mange kommunar med mykje fritidseigedom og utan buplikt har såpass høg busetnad i einebustadane, seier rapportforfattar og seniorforskar ved Norsk senter for bygdeforsking, Magnar Forbord.

Stor interesse for temaet

Han fekk over 70 spørsmål då han stilte til nettdebatt i Aftenposten nokre dagar etter oppslaget i avisa 8. november. Det er tydeleg at emnet interesserer folk rundt om i heile landet. Tjøme er eit eksempel på ein kommune der buplikta skaper engasjement. Rundt 300 heilårsbustader står tomme deler av året. No har rundt 20 huseigarar fått brev frå kommunen, der dei blir minna om buplikta, og spurt om kva planar dei har for eigedomen.

Neppe nokon dramatisk effekt

- Det kan hende at busetnaden i bupliktkommunar, særleg i dei mest attraktive områda rundt Oslofjorden og langs Sørlandskysten, ville ha gått ned utan buplikt, men truleg ville det ikkje bli nokon dramatisk effekt for kommunen som heilskap.

Buplikt utan meining

Der det ikkje er nokon etterspurnad etter heilårsbustader, er problemet å få nokon til å bu på eigedomane i det heile, det vil seie på fritida. I slike høve har buplikt ingen meining. Eit viktig moment i debatten er òg at omsetjing innan nær familie er unnateke frå buplikt, dersom seljaren har hatt heimel på eigedomen dei siste fem åra.

Mangel på kontroll

- Kor stor del av omsetjinga dette er har vi ikkje undersøkt, men truleg er det eit fleirtal. I så fall er det ein av forklaringane på fråver av skilnad mellom kommunar med og kommunar utan buplikt. Ein annan faktor er at om lag 30 prosent av kommunane ikkje kontrollerer om eigarane etterlever buplikta.

Overvurdert verkemiddel

- Sjølv om vi ut frå denne undersøkinga ikkje kan seie noko endeleg om buplikta, føler eg at buplikta opp gjennom åra har vore noko overvurdert som verkemiddel til å fremje busetnad. Eit slikt verkemiddel kan ha og har truleg ein funksjon under bestemte tilhøve. Uansett er kommunane nøydde til å vurdere andre tiltak som kan gje busetnad i einebustader heile året, til dømes arbeid og ein god stadutvikling. Kommunar med buplikt bør bli litt flinkare til å følgje opp buplikta. Det inkluderer også vurdering av om buplikt er eigna verkemiddel til å løyse det bestemte problemet som det her er snakk om. Innfører ein buplikt må ein vere villig til å følgje den opp, både gjennom tilrettelegging og kontroll.

Kommunane trur det har effekt

Bygdeforsking har spurt bupliktkommunane korleis dei oppfattar ordninga. Eit stort fleirtal svarer at buplikta er avgjerande for busetnaden og at kommunen vil ha dette verkemiddelet også om fem år. Det er rådmenn i regionar kor forskarane hadde forventa minst effekt av buplikta (innlandskommunar) som svarer at buplikta har størst verdi. Samstundes kjem det fram at buplikta er omstridd både politisk, og blant innbyggjarane i kommunen.

Fakta om buplikta:

I 1974 fekk kommunane høve til å innføre buplikt på eigedomar. Målet var å dempe ei utvikling der stadig fleire tok i bruk bustader som hytter. Rundt 100 kommunar har vedteke buplikt dei siste 34 åra, anten i heile eller deler av kommunen. Fleire har oppheva buplikta. I august 2008 hadde 66 kommunar buplikt. 19 av dei hadde buplikt for berre deler av kommunen (soner eller bestemte eigedomar). Buplikta på fritidseigedomar er upersonleg. Det betyr at eigaren ikkje må bu der sjølv.

Kjelde: Landbruks- og matdepartementet, Norsk senter for bygdeforsking.

Publisert: 26.01.2009    Endret: 03.06.2011