Representantar frå dei 15 naturarvprosjekta samla på Litle Færøy i naturskjønne omgivnader, flott vær og ikkje minst eit fantastisk vertskap (Foto: Roar Werner vangsnes)
Naturen er det viktigaste reiselivsproduktet i Norge. Det betyr hårfin balanse mellom bruk og vern.
- Vi skal ta vare på naturen, samstundes som vi skal leggje til rette for at fleire får gode opplevingar, seier prosjektleiar Bente Rønning i Direktoratet for naturforvaltning.
Vern hindrar ikkje bruk
Hovudmålet med programmet "Naturarven som verdiskapar", er å bidra til at verneområda og andre verdifulle naturområde blir ein viktig ressurs i samfunnsutviklinga. Det er difor avgjerande med godt samarbeid mellom næringsaktørar innafor reiseliv, lokalsamfunn, forvaltningsstyresmakter og kunnskapsinstitusjonar.
Millionsatsing for lokalt næringsutvikling
Dei siste tre åra har Miljøverndepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet løyvd 60 millionar kroner for å leggje til rette for næringsutvikling. Det er også eit mål at programmet skal bidra til:
- verdiskaping i miljøet - i høve til å ta vare på verdifull natur og kultur
- kulturell verdiskaping ved å løfte fram lokal identitet og stoltheit
- sosial verdiskaping som skal stimulere til lokalt medvit og engasjement for naturområda
Prosjekt frå heile landet
I to omgangar har programmet opna opp for prosjekt. Desse er i hovudsak knytt til geografiske område, spreidd over store delar av landet. Enkelte prosjekt er tematisk samarbeid mellom område med same type problemstillingar.
Totalt er det 15 prosjekt som fungerer som gode eksempel på verdiskaping med natur som den viktigaste råvara.
Samarbeid på tvers
Programmet er eit samarbeid mellom Miljøverndepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet. Programmet skal ikkje overlappe, men verke saman med andre offentlege tilskotsordningar, med ei føresetnad om ein eigendel på minst 50 prosent.
Direktoratet for naturforvaltning har ansvaret for programmet, som skal vare ut 2013.
Publisert: 15.08.2011 Endret: 01.09.2011