Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a
Yngve Brakstad og Steinar Sørli deler gode historier, og sjarmerer seg veg blant operafiffen og store internasjonale reiselivsagentar og media.

Yngve Brakstad og Steinar Sørli deler gode historier, og sjarmerer seg veg blant operafiffen og store internasjonale reiselivsagentar og media.

Artikkel

Operabonde deler gode råd

Av: Oddrun Midtbø, 29.08.2011

Sjølv eldsjeler, bygdeutviklarar og byråkratar treng inspirasjon og påfyll. Det får dei ved å lære og dele på Vågåseminaret.

Under tittelen ”Med høge hælar og champagne i grisefjøset” begeistra operabonde Steinar Sørli dei rundt 150 distriktsutviklarane som er samla på Lemonsjø fjellstue under Vågåseminaret 2011. Seminaret har tradisjon som ein møteplass for kultur, næring og lokal samfunnsutvikling.

Garden er ein unik ressurs

– Vi er personlege, ikkje private, seier Sørli, når han fortel om livsverket sitt i Sunnfjord. Han kan framleis minnast dei gode luktene, minna, lydane frå den gongen han besøkte og arbeidde for tanta si på garden – på 80-talet. Mykje er blitt endra, og dei nye eigarane har skapt eit heilt anna livsverk. På ein gard, i ein låve der taket ikkje er tett og med ein akustikk som ikkje er perfekt, har dei fått dei beste superlativa frå nasjonale og internasjonale operamiljø.

Lærer mykje av handelsmannen i bygda

Han kan syne til avgjerande samarbeid med den lokale kjøpmannen, Jarle Tyssekvam. Kultur og næring i tett samarbeid har blitt ein suksess, og begge partar kan dra nytte av kvarandre. – Då vi skulle arrangere ei førestilling med Dame Kiri, tenkte eg at ein billettpris på rundt 400 kroner, i tillegg til sponsormidlar, ville resultere i balanse. Kjøpmannen fekk oss til å innsjå at vi hadde eit unikt produkt som folk var villige til å betale for. Billettprisen på 4.990 skremte ikkje! Vi har lært av han at det er botnlinja som er viktig.

Operakarane fekk medieoppslag og alle billettane vart selde; ikkje berre til byfolk, men rundt halvparten var folk frå eige fylket. – Folk i bygda har pengar, smiler Sørli, og fortel at det også var mjølkebønder blant publikum. Samarbeidet mellom operabonden og kjøpmannen resulterte i at dei for nokre dagar sidan fekk den nasjonale kultur- og næringslivsprisen 2011, utdelt av næringsminister Trond Giske.

­-Media elskar oss

I staden for å vente på velsigning frå Innovasjon Norge og fylkeskommunen, tok dei sjølv initiativ til å fortelje om produktet – i dei rette miljøa – i Oslo og New York. – Vi tok med oss ein smak av Sunnfjord, og kommuniserte direkte på marknadsmøte på Manhattan.. Vi skal lage eit levebrød av garden, og vi kan ikkje drive storskala. Vi har ikkje 25 soverom å leige ut, men dei tre vi har skal vere unike. Fordi vi har ein god historie, er dyre og frampå, elskar media oss. Det har ført til spalteplass i millionklassen. Er det ikkje deiligt, spør han og får publikum til å klappe og le.

- Det finst ikkje strategi for denne type reiseliv i Norge. Garden er ein ressurs. Bygda er ramma, og du må vere ein del av bygda, seier han og konkluderer med at den største utfordringa er at det ikkje finst salsledd som får produktet deira ut. Råda han deler er: Ha ei god historie, pakk produktet og sett god pris på det.

Innspel frå businessmenn

Også Arne Hjeltnes og Jakob Lund, (sponsorsjef i DnB Nor) stod på programmet den første dagen. Med tema ”Norge i den store verda” og ”frå varemerke til merkevare” fekk deltakarane innspel til vidare diskusjonar.

 

Publisert: 29.08.2011    Endret: 01.09.2011

Relatert innhold