Konsert på Fuglesteg med Kevin Steinman. Fuglesteg (630 moh) er ein fjellgard som ligg i Luster kommune, på ei hylle over Fortun. (Foto: Marte Strand)
Kvart år i september vert Fjellfilmfestivalen arrangert på Turtagrø i Jotunheimen. I løpet av helga vart det vist ei rekkje inspirerande filmar og foredrag.
Fjellfilmfestivalen trekk til seg tur- og filminteresserte frå heile Norge. Målet med festivalen er å fremme friluftsliv og fjellkultur på ein positiv måte. På same tid inspirerer festivalen ungdom til å komme seg ut i fjellheimen. I løpet av helga kunne deltakarane gå på tur, sjå filmar og høyre på foredrag i vakre Jotunheimen. Det vart vist alt frå naturfilmar, dokumentarar og spelefilmar til kortfilmar, ekstremsportfilmar og TV program. I tillegg var det inspirerande foredrag frå ekspedisjonsfarar og friluftsfolk frå heile verda. Alt dette med naturopplevinga som ei viktig ramme.
Det er interessant å stille spørsmål om kva for betyding slike arrangement har for eit lokalsamfunn, og om det her ligg eit uutløyst potensial som kan vidareutviklast?
Oppdrag Sognefjorden vann pris
Oppdrag Sognefjorden, ein TV- serie som gjekk på NRK vårparten i 2011, vann prisen for beste fjellfilm. Serien følgde tolv ekstremsport utøvarar på ei reise gjennom Sognefjorden der dei søkte nye utfordringar i den spektakulære naturen. Juryen la vekt på rammene i TV- serien kor lokalmiljøet med historiene, menneska og naturen langs Sognefjorden, blir formidla på ein god måte.
I løpet av festivalhelga var det mogleg å ta ein tur med båten frå TV -programmet, Fjord Vision. Her fekk ein servert lokale spesialitetar som brød frå Lustrabui og eplemost frå Balholm. Ein rundtur på Lustrafjorden gjer i tillegg eit godt inntrykk av det mektige landskapet frå fjord til fjell, ein smak av det regionen har å tilby av naturopplevingar.
Marknadsføring gjennom TV og film
Det er planlagt ein ny TV serie, ”Villmark”, der ein vil vise at naturen i Sogn og Fjordane er ein fantastisk arena for naturopplevingar for ”vanlege” menneske, ikkje berre ekstremsport utøvarar. Fylkeskommunen er med i finansieringa av dei fire episodane som skal filmast i Sogn. I tillegg bidreg kommunane der filminnspelinga skal skje, Luster og Aurland, og reiselivsselskapet i regionen. Fylkeskommunen seier vidare i si grunngjeving for at dei bidreg, at merksemd i media og program som Himmelblå og Farmen aukar turisme til staden TV- seriane vert spela inn.
Fleire aktørar bruker film for å marknadsføre seg sjølv og fortelje dei gode historiene. Dette kan vi mellom anna sjå i ein rekkje filmar om traineeprogrammet Framtidsfylket i Sogn og Fjordane, eksempelvis i formidling av erfaringane frå traineer i Sogn og Fjordane Energi. Eit anna eksempel er filmen som vart laga samband med det nye slagordet til Eid kommune, Eid inviterer. Filmen illustrerer mangfaldet i Eidsamfunnet, og det dei kan tilby besøkande og tilflyttarar.
Betyding for regionen?
Ein kan stille spørsmål i kva for grad arrangement som Fjellfilmfestivalen kan ha betyding for regionen, til dømes i samband med omdømmebygging og tilflytting? Det kan tenkjast at TV- program som Oppdrag Sognefjorden og arrangement som Fjellfilmfestivalen byggjer på eit image fleire ønskjer å bli assosiert med. Til dømes viser Høgskulen i Sogn og Fjordane klipp får Oppdrag Sognefjorden på si heimside under beskrivinga av reiselivsstudiet. Kva for gruppe studentar gjer ein seg attraktiv for?
Kunne festivalen vore arrangert kor som helst, så lenge fjell og vill natur er ein del av ramma rundt arrangementet? Har staden og lokalsamfunnet betyding for deltakarane og besøkande på slike arrangement, og i kva for grad har ein moglegheit til å påverke dette?
Distriktssenteret ønskjer å auke kunnskapen om korleis kommunane opptrer som vert for festivalar. NIBR gjennomfører på oppdrag frå Distriktssenteret ein studie av kommunar som vert for festivalar, som skal ferdigstilles i starten på desember 2011. Det blir mellom anna satt fokus på kommunen som samfunnsutviklar i høve til festivalen, ringverknader som gründerkultur, stadutvikling, bulyst og omdømme og erfaringar med overføringsverdi til andre festivalkommunar. Ligg det eit uutløyst potensial i å ta ein aktiv rolle i arrangement og festivalar som vidare kan skape meirverdi for lokalsamfunnet og forteneste til næringslivet på staden?
Publisert: 25.09.2011 Endret: 29.09.2011