Finn på nokon tilleggsaktivitetar når de først har eit arrangement i bygda seier meisterskapsagent Per Lund (Foto: Stein Magne Os)
- Eit arrangement er ei gåvepakke til bygda, men de må tenkje samarbeid og skape ein meirverdi av arrangement, seier Per Lund.
”Mesterskapsagenten skal stimulere arrangører av nasjonale og internasjonale idrettsarrangement og kulturelle begivenheter til å søke å gjennomføre opplevelsesrike arrangement. Agenten skal også sørge for kompetanseheving på området,” står det i stillingsinstruksen.
- Eg er mannen med den heftigaste tittelen i Norge, seier Per Lund, tilsett i Sør-Trøndelag fylkeskommune. - Tittelen er tøff, og ein smule misvisande, innrømmer han som jobbar med lange perspektiv. No er det VM i 2016 som står på planen hans.
Lund vart tilsett i ei halv stilling i to år fra august 2008, som eit resultat av spleiselag mellom Sør-Trøndelag fylkeskommune, kommunane Bjugn og Oppdal. Stillinga er no auka til 80 prosent, og Lund deler gjerne gode råd med andre.
Mange ringverknader med arrangement
- Vi veit at store arrangement betyr utbygging av anlegg, frivillegheit og rekruttering, samhald og identitet. Eit arrangement er rett og slett ei gåvepakke til bygda, men de må tenkje meir samarbeid og skape ein arena der de kan møtast og få ut meirverdi av arrangement, sa Lund til publikum på Vågå-seminaret 2011.
Fleire i salen nikkar. I pausen er det mange som har døme på arrangement som har eit langt større potensiale. Heller enn å tenkje at ein konkurrerer, kan ein tenkje at samarbeid gir betre resultat for heile bygda. Kvifor ikkje kombinere idrettsarrangement med andre aktivitetar for heile familien?
Få næringslivet på bana
- Finn på noko meir når de først har eit arrangement i bygda. Ikkje forvent at hovudarrangøren skal gjere det. Det er ofte vanskeleg å få næringslivet med. Dei trur det blir dyrt, men eg veit dei vil oppleve noko anna om dei kastar seg med, seier han og tek fram eit godt døme: jenterittet på Røros. Deltakarane vart møtte av stengde butikkdører då dei var ferdige med løpet – og klare til shopping. I år hadde butikkane forlenga opningstida, og dei handelsdrivande smilte breitt. Det er eit tydeleg teikn på at det var smart å samarbeide, konkluderer Lund.
Meirverdi for bygdesamfunnet
Meirverdien av arrangement er fleire besøkande, auka omsetnad, anleggsutvikling, arbeidsplassar, trivsel og bulyst for fastbuande som får nye og betre tilbod, gjenbesøk, meir omtale og styrking av omdømme.
- Ikkje undervurder vertsskapsrolla
- Alle i kommunen bør vite om arrangement som skal skje i løpet av året. Eit nyttig verktøy er årshjulet der all aktivitet blir lagt inn. Ha fokus på totalopplevinga, og ikkje gløym vertsskapsrolla – anten det er kommunen eller bensinstasjonen på hjørna. Lag arena der folk og miljø kan møtast og planleggje saman, er utfordringa agenten gir bygdeutviklarane i salen.
To tankar i hovudet - samstundes
- Det kan vere nyttig at kommunar tenkjer både på dei fastbuande og tilreisande når arrangement skal planleggast. Dei same faktorane gjeld i samband med destinasjonsutvikling. Det er viktig med kompetanse og erfaring i kommunane for å sjå moglegheiter og gjere nytte av potensialet som ligg der, seier rådgivar Inga Marie Skavhaug ved Distriktssenteret.
Publisert: 14.09.2011 Endret: 28.09.2011