Det var stort engasjement på oppstartssamling for bygdeutviklingsprogrammet i Sogn og Fjordane. (Foto: Inga Marie O. Skavhaug)
Oppstartssamling for bygdeutviklingsprogrammet
Nye bygder tek sats
Av: Inga Marie Skavhaug, 30.09.2011
Engasjementet var stort og ideane mange når Instedalen Krins og Nye Bremanger var samla til oppstartssamling for bygdeutviklingsprogrammet i skulebygget i Instedalen i Naustdal kommune, Sogn og Fjordane.
Nye bygder i bygdeutviklingsprogrammet
Instedalen Krins og Nye Bremanger er dei to nye bygdene som skal delta i bygdeutviklingsprogrammet. Dei har ein rekkje tankar om utviklingsarbeid i eiga bygd, og på oppstartsmøte vart planane presentert. På møtet var representantar frå dei to bygdene og prosjektstyret for bygdeutviklingsprogrammet samla. I tillegg deltok Eikefjord Grendalag for å fortelje om sine erfaringar, Wenche Eikum frå Nynorsk Mediesenter hadde fokus på korleis ein kan nå fram i media og Distriktssenteret viste relevante eksempel og formidla erfaringer frå arbeidet som støttespelar i lokal samfunnsutvikling.
Målretta bygdeutvikling
Bygdeutviklingsprogrammet har sida 1992 vore eit tilbod til bygder og kommunar i arbeidet med målretta og systematisk bygdeutvikling. Bygdene som blir teke opp deltar i tre år. Dei får økonomisk stønad, deltek i nettverk og møtast for å utveksle erfaringar. Programmet er eit samarbeidsprosjekt mellom Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sogn og Fjordane bondelag, Sogn og Fjordane bonde- og småbrukarlag og deltakande kommunar.
-Hovudmålet med bygdeutviklingsprogrammet er å skape attraktive lokalsamfunn. Det er viktig å setje tema på dagsorden og skape ei stemning og holdning kor folk tør å satse, seier landbruksdirektør i Sogn og Fjordane Christian Rekkedal.
Løvetannsbygder
Wenche Eikum samanlikner små vestlandsbygder med løvetann.
-Det er viktig med djupe røter, i tillegg til å spreie seg ut. Livskraft og stå-på-vilje er ord eg tenkjer på i samband med små bygder, seier ho.
I sitt innlegg fokuserte Wenche S. Eikum på korleis ein kan få merksemd i media. Det er sentralt å få fram dei gode historiene og i samband med dette må ein ofte by på seg sjølv. Kva er det som skjer i bygda som kan vere interessant for media? Dette var tankar som vart teke med inn i gruppearbeid på slutten av dagen.
Tek sats
Både Nye Bremanger og Instedalen Krins har fleire spennande idear og begge er allereie i gang med utviklingsarbeidet. Dei vart utfordra til å skissere planane for førstkomande år. I tillegg la dei planer for korleis dei ynskjer å informere bygda og profilere seg i media.
I prosjektet Nye Bremanger skal dei tre bygdene Bremanger, Kalvåg og Berle arbeide saman. Dei ynskjer å opne eit treningssenter, då dette er noko mange i bygda ynskjer. Samstundes skal dei byrje å planlegge eit nærmiljøanlegg. I anlegget skal det vere fokus på å sosialisere og aktivisere ungdom og lage eit tilbod til foreldra mens barna er på trening. Dei skal i tillegg starte å utvikle Bremangerportalen. Portalen vil bli viktig i arbeidet med å marknadsføre ledige tomter. Dei vil arbeide for å få prosjektet på nett, men påpeiker at det vil ta tid å planlegge ein god struktur på heile portalen.
Instedalen Krins skal lansere ny heimside i oktober (instedalen.no). I samband med lanseringa planleggjast eit folkemøte kor dei vil demonstrere bruken. I løpet av det første året skal dei mellom anna utvikle planane og jobbe med finansiering for bygging av ei strengebru og rasteplass. Dei skal engasjere bygdefolk, informere og organisere dugnad. Trimrom og arrangering av idrettsarrangementet ”Inistiaden” i bygdas flotte skianlegg står også på plakaten.
-Det er spanande å høyre om alle planane i bygdene, og eg ser fram til å følgje dei i det vidare arbeidet, seier Randi Erdal, prosjektleiar for bygdeutviklingsprogrammet hos Fylkesmannen.
Distriktssenteret har kontakt med Fylkesmannen og ønskjer å følgje med på dei ulike prosjekta og hente ut erfaringar som kan ha læringsverdi for andre utviklingsprosjekt. Møreforskning og Ideas2evidence arbeidar i tillegg på oppdrag frå Distriktyssenteret med ein kunnskapsstudie og kartlegging av regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet. Arbeidet vil gje viktig innsikt i korleis det blir arbeida med bygde- og lokalsamfunnsutvikkling på Vestlandet og kva effektar ein ser av dette arbeidet. Resultata frå dette arbeidet skal vere klart innan 1. oktober.
Publisert: 30.09.2011 Endret: 07.10.2011