Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a
Erik Plathe ser på samfunnsplanlegging som eit viktig grep for å styrke reiselivet i norske kommunar

Erik Plathe ser på samfunnsplanlegging som eit viktig grep for å styrke reiselivet i norske kommunar (Foto: Roar Werner Vangsnes)

Artikkel

Samfunnsplanlegging må inn i reisemålsutviklinga

Av: Roar Werner Vangsnes, 29.11.2011

- Konkurransedyktige reisemål krev god arealplanlegging og at aktørane jobbar saman. Her har kommunane ein nøkkelrolle, seier Erik Plathe i Asplan Viak.

Han har i mange år arbeidd med samspelet mellom reisemålsutvikling og planlegging etter plan- og bygningslova. Dette gjeld både i høve til kommersielle enkeltanlegg, utbyggingsfelt for ferie- og fritidsbustader, og ikkje minst tilrettelegging for framtidig arealbruk i ein destinasjon. Gjennom kommunen  si involvering, kan dei også kople på andre planmyndigheiter, og i tillegg vera med på å ta eit grep på tilrettelegger-rolla i ein destinasjon.

Distriktssenteret har det siste året, hatt fokus på kommunane si rolle i reisemålsutvikling. Gjennom eigne kartleggingar og ein ekstern rapport på området utført av Mimir AS.

Regionråda bør spela ei viktig rolle

Erik Plathe viser til fleire destinasjonar til dømes i Hallingdal og Telemark. Her er det arbeidd aktivt for å få til eit godt samspel mellom kommunen, utbyggarar og dei som driv kommersiell verksemd i utvikling og drift av reisemåla. Kompetanse er ein nøkkelfaktor både i areal- og samfunnsplanlegginga og i reisemålsutvikling, meiner Plathe. Mange reisemålsselskap vil bestå av fleire kommunar som tilhøyrer ein naturleg region. Difor kan samspelet mellom reisemålsselskap, regionråd og ulike interkommunale samarbeidsordningar bli viktigare når enkeltkommunane skal styrke kompetansen på området.  Samstundes vil ein kunne utfordra kvarandre saman med reisemålsselskapet, når ein skal legga til rette for langsiktige arealdisponeringar for reiselivsutvikling, seier Plathe.

Kompetanseheving er løysinga

Erik Plathe var henta inn som føredragshaldar på ei samling i Bodø, i regi av Innovasjon Norge. Målet med samlinga har vore å styrka kompetansen på reisemålsutvikling for konsulentar som skal vera framtidige prosessleiarar, seier Audun Pettersen i Innovasjon Norge. Han ser på dette som ei god investering. Vi nyttar verktøyet som er utvikla på området gjennom det vi har kalla "Hviteboka". Her har Bård Jervan i Mimir AS vore hovudforelesar på gjennomgangen av planverktøyet, medan Erik Plathe med sin spisskompetanse har fokusert på den samfunnsplanlegginga som må til for å styrke reisemålsutviklinga.

Tilførsel av meir kompetanse både for bedrifter, destinasjonsselskap og kommunar når det gjeld reisemålsutvikling, ser vi på som framtidsretta og viktig, seier Pettersen.

Publisert: 29.11.2011    Endret: 16.01.2012