Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a
Gruppearbeid på Distriktssenteret sin omdømmeskule.

Gruppearbeid på Distriktssenteret sin omdømmeskule. (Foto: Oddrun Midtbø/Distriktssenteret)

Artikkel

Godt omdømme som resultat av utviklingsarbeid

Av: Anne Irene Myhr og Birte Fossheim, 14.12.2011

Det finst ikkje ei ”oppskrift” på omdømmearbeid som alle kommunar vil lykkast med, seier rådgivar ved Distriktssenteret, Anne Irene Myhr.

Kommunane er mangfaldige og har eit stort spenn i oppgåver som skal ivaretakast og  som spelar inn på deira omdømme.

Distriktssenteret har fokus på å byggje kompetanse knytt til lokalt utviklingsarbeid. I den samanheng arrangerte vi ein arbeidsverkstad med ulike fagfolk innanfor omdømmearbeid. Presentasjon av dei ulike fagpersonane og deira faglige bidrag, finn du her.

Distriktssenteret ønskjer å dele nokre viktige innspel frå arbeidsverkstaden med aktørar som er oppteken av lokalt utviklingsarbeid og korleis innverknad dette har på omdømme.

Eit godt omdømme er eit resultat av godt utviklingsarbeid i ein kommune

Omdømmearbeid er ein integrert del av kommunen sitt utviklingsarbeid. Det er ein direkte samanheng mellom velfungerande utviklingsarbeid og eit godt omdømme. Felles visjonar,  verdiar og handling i samsvar med desse, skapar positiv utvikling i eit lokalsamfunn.

Det er viktig å vere tydelig på ”kven er kommunen?” Kommuneadministrasjonen eller omfattar arbeidet heile lokalsamfunnet? I samband med Distriktssenteret sin arbeidsverkstad snakka vi om omdømmearbeid retta mot heile lokalsamfunnet.

Eit godt døme er Øvre Eiker.

Samfunnsdelen i kommuneplanen

Omdømmearbeid er ein del av kommunen sitt arbeid med samfunnsdelen i kommuneplanen. Sentrale spørsmål er ”kven er vi og kven vil vi vere”,  som igjen danner grunnlag for kommunen sitt utviklingsarbeid.
Eit godt døme her kan vere å sjå til Fusa kommune sin samfunnsdel.

Eit lokalsamfunn sin identitet

For å bestemme ei felles retning for ein kommune sitt utviklingsarbeid, er det nyttig å gjennomføre ei identitetskartlegging. Prosessen med å definere identiteten til ein stad, krev brei forankring og deltaking hjå innbyggjarane i ein kommune. La innbyggjarane påverke kva kvalitetar dei vil trekke fram om sin kommune. Ein kommune med fleire bygder vil gjerne ha fleire identitetar. Arbeidet med å finne identiteten til ein stad må vere dynamisk. Nye innbyggjarar/tilflyttarar må få sleppe til med innspel. Historisk tilbakeblikk kan vere nyttig for å finne kvalitetar ein kan ta med seg i framtidig utvikling. Det å finne staden sitt lokale særpreg er vorte ein etterspurt ressurs. Eit auka kunnskapsnivå om staden, kan medverke til sterkare samhald og tilhøyrigheit blant innbyggjarane.

Linda Lien ved kunsthøgskulen i Bergen har skrive doktoravhandling om "Visuell identitet" som kan vere til inspirasjon her.

Posisjon som drivkraft for utviklingsarbeidet

Med bakgrunn i identiteten til ein kommune, er målet å finne det unike/eigenarten til kommunen. Det som differensierer din kommune frå andre. Det kommunen kan bruke som sin posisjon, og som ein vil at andre skal forbinde med kommunen. Kommunen sin posisjon skal fungere som drivkraft for lokalt utviklingsarbeid.

Jølster kommune har jobba godt med omdømmearbeid, lokal forankring og beskrivelse av lokalsamfunnet sin posisjon. Dei har presentert ein fagrapport for sitt arbeid vidare.

Lokale utviklingsaktørar må vere involvert i utvikling og beslutning om kommunen sin posisjon. Når lokale aktørar brukar posisjonen i eige utviklingsarbeid og marknadsføring,  startar kommunen å ”byggje” eit omdømme i ein ønskja retning.
I 2006 bestemte Raumasamfunnet seg for at dei skulle vere "verdens beste kommune for naturglade menneske". Denne posisjonen har vore forankra i utviklingsarbeid til lokale aktørar, med gode resultat.

Distriktssenteret medspelar

Distriktssenteret ønskjer å vere ein ressurs og kompetansepart for kommunar i arbeidet med omdømme og heilskapleg utviklingsarbeid. - Ta kontakt om det er utfordringar knytt til dette arbeidet som du ønskjer å diskutere, er oppfordringa frå rådgjevarar i Distriktssenteret Anne Irene Myhr og Birte Fossheim.

Publisert: 14.12.2011    Endret: 20.12.2011

Relatert innhold