Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet - undersøking 2011
Fellestrekk ved BLU på Vestlandet
19.01.2012
Alle dei fire fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har ei brei forståing av kva bygde- og lokalsamfunnsutvikling (BLU) skal dreie seg om; alle er opptekne av at det er eit arbeid som i prinsippet skal gjelde heile fylket, både by og land.
VESTLANDETfrå sør til nord:
ROGALANDFolketal: 441.000 Kommunar: 26 Mest folkerike kommunar:
Areal: 9.377 km2
HORDALANDFolketal: 489.000 Kommunar: 33 Mest folkerike kommunar:
Areal: 15.441 km2
SOGN OG FJORDANEFolketal: 108.000
Areal: 18.623 km2
MØRE OG ROMSDALFolketal: 256.000
Areal: 15.115 km2 Kjelde: SSB okt. 2011. |

Stavanger spelar ei sentral hovudrolle blant dei 10 byane i Rogaland. (Foto: Guillaume Baviere, CC2.0, flickr.com)
Med unnatak av Rogaland, der BLU er integrert i infrastrukturtiltak innafor regional utvikling, har det har likevel vist seg vere vanskelig å få med prosjekt frå dei største byane og deira omland. Det kjem truleg av at lag og organisasjonar i desse område ikkje har tradisjon for å opprette slike prosjekt og for å få dei delfinansiert av det regionale nivået. Dei som jobbar med BLU har heller ikkje tradisjon for å fokusere på sentrale område eller område i vekst.
Miljøa som jobbar med bygde- og lokalsamfunnsutvikling er oversiktlege i alle fylka. Dei har utvikla eit godt fungerande partnarskap som virkar godt på tvers av organisasjonane. I Rogaland og Sogn og Fjordane det står att noko arbeid for å klare å opptre samordna ut mot brukargruppene; slik dei i stor grad har klart i Hordaland og Møre og Romsdal.
Arbeidsmåtane varierer noko også. I Rogaland (gjeld fylkeskommunen meir enn fylkesmannen) og Sogn og Fjordane er dei i mindre grad enn dei to andre fylka opptekne av å vere proaktive ut i kommunane for å heie fram og hjelpe til med å få i gang gode utviklingsprosjekt. Dei sit i større grad å ventar på søknader frå aktørar på lokalt nivå. Møre og Romsdal og Hordaland har nokså like måtar å arbeid på innanfor dette feltet.
- Rogaland – marginal og integrert del av ‘regional utvikling’
- Hordaland – «ei dør»-politikk i vel-utvikla partnarskap
- Sogn og Fjordane – tilbaketrekt rolle som finanisør av utviklingsprosjekt
- Møre og Romsdal – «ei-dør»-politikk med proaktiv rolle i lokale utviklingsprosjekt

FOLKELIV: Frå Gladmatfestivalen i Stavanger.
(Foto: Gladmat, CC2.0, flickr.com)
Studiet “Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet”:
- Om denne undersøkinga
- Om bygde- og lokalsamfunnsutvikling (BLU)
- Fellestrekk ved BLU på Vestlandet (denne sida)
- Ulik senterstruktur og fordeling av ressursane mellom sentrum og periferi
- Tabell: Vestlandet sin måte å arbeide med bygde- og lokalsamfunnsutvikling
- Sogn og Fjordane - tilbaketrekt rolle som finansiør av utviklingsprosjekt
- Hordaland – «ei dør»-politikk i vel-utvikla partnarskap
- Rogaland - marginal og integrert del av ‘regional utvikling’
- Møre og Romsdal - «Ei-dør»-politikk med proaktiv rolle i lokale utviklingsprosjekt
- Fullstendig rapport i PDF-utgåve (utan illustrasjonar og eksterne lenker)
Publisert: 19.01.2012 Endret: 21.01.2012
