TRADISJONBYGDA RØLDAL: LivOGlyst i Røldal er ein del av Koman.no-prosjektet. Prosjektet konsentrerte seg i 2011 om å vere støttespelar og bindeledd for dei prosjekta som alt går sin gong, slik som pilegrimssenteret, ny bygdebok, reiselivssatsing, og Jakt & Fjellhelg-arrangement. (Foto: Overlandscape, CC2.0, flickr.com)
Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet - undersøking 2011
Hordaland – «ei dør»-politikk i vel-utvikla partnarskap
19.01.2012
I Hordaland har Fylkesmannens landbruksavdeling, Fylkeskommunens regionalavdeling og Innovasjon Norge funne saman i ein partnarskap for å ta seg av arbeidet med bygde- og lokalsamfunnsutvikling (BLU). Dei er opptekne av å stå fram som «ei dør» og frontar ikkje at dei kjem frå ulike institusjonar.
HORDALAND
Folketal: 489.000
Folketal er avrunda. Kjelde: SSB okt. 2011. Ill.: Wikipedia CC-BY-SA-2.5) |
HOVEDANALYSE: Korleis arbeider regionnivået i Hordaland med bygde- og lokalsamfunnsutvikling?
OPPSUMMERING:
I praksis driv dei utviklingsarbeid gjennom å reise ut i lokalsamfunna – saman - for å informere, mobilisere og bidra med kompetanse. Prosjekta dei støttar skal vere kollektive tiltak, drive av fleire lokale aktørar, og kommunen skal ha ei forpliktande rolle i arbeidet.
Satsinga er samtidig fylkesnivået si satsing på Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK), og er sett saman av tre element (eksterne lenkjer):
- Kom-an.no - nettportal
- LivOGlyst - prosjekt initierte og drivne av kollektive entreprenører for å auke verdiskaping og trivsel på lokalt nivå
- Kommuneprosjektet - prosjekt for å styrke førstelinetenesta for næringsutvikling i kommunane.
Partnarskapen er aktive ute i felten for å vere i dialog og få opp de gode prosjekta. I motsetning til Rogaland er Bygde- og lokalsamfunnsutvikling er eit tydeleg satsingsfelt i Hordaland.
Dei er også opptekne av å få bynære strøk med i satsinga, men hittil er minst 95 % av midlane brukt til tiltak i distrikta.
Studiet “Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet” - innhald:
- Om denne undersøkinga
- Om bygde- og lokalsamfunnsutvikling (BLU)
- Fellestrekk ved BLU på Vestlandet
- Ulik senterstruktur og fordeling av ressursane mellom sentrum og periferi
- Tabell: Vestlandet sin måte å arbeide med bygde- og lokalsamfunnsutvikling
- SOGN OG FJORDANE:
- tilbaketrekt rolle som finansiør av utviklingsprosjekt (oppsummering) - Korleis arbeider regionnivået med bygde- og lokalsamfunnsutvikling i Sogn og Fjordane? (hovedanalyse)
- HORDALAND:
– «ei dør»-politikk i vel-utvikla partnarskap (oppsummering - denne sida) - Korleis arbeider regionnivået i Hordaland med bygde- og lokalsamfunnsutvikling? (hovedanalyse)
- ROGALAND:
- marginal og integrert del av ‘regional utvikling’ (oppsummering) - Bygde- og lokalsamfunnsutvikling – Rogaland (hovedanalyse)
- MØRE OG ROMSDAL:
- «Ei-dør»-politikk med proaktiv rolle i lokale utviklingsprosjekt (oppsummering) - Bygde- og lokalsamfunnsutvikling i Møre og Romsdal (hovedanalyse)
- Fullstendig rapport i PDF-utgåve (utan illustrasjonar og eksterne lenker)
Publisert: 19.01.2012 Endret: 21.01.2012

