Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a
KRAFTFULL NATUR: Utsyn over Kjøsnesfjorden i Jølster sett frå bekkeinntak til eit stort kraftverk inne i fjellet. Sogn og Fjordane produserer ca. 12 TWh i året, og brukar berre halvparten sjølv.

KRAFTFULL NATUR: Utsyn over Kjøsnesfjorden i Jølster sett frå bekkeinntak til eit stort kraftverk inne i fjellet. Sogn og Fjordane produserer ca. 12 TWh i året, og brukar berre halvparten sjølv. (Foto: Arild Nybø, mediebruket.no)

Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet - undersøking 2011

Korleis arbeider regionnivået med bygde- og lokalsamfunnsutvikling i Sogn og Fjordane

19.01.2012

Sogn og Fjordane er det minste av dei fire fylka i folketal. Fylket har ingen store byar. Fylket har heller ingen kapitalinteresser som dominerande utviklinga av fylket, slik ein ser sterkare døme på i dei andre fylka. Ein manglar slik sett sterke økonomiske aktørar å spele på lag med. I ein slik kontekst er det ingen som konkurrerer om å vere utviklingsaktør og både fylkeskommune og fylkesmann vel ei tilbaketrekt rolle og bidreg heller ikkje med sterke føringar for korlei, eller i kva retning Sogn og Fjordane som fylke bør satse i utviklinga av bygder og lokalsamfunn.


HOVEDANALYSE - INNHALD PÅ DENNE SIDA:

SOGN OG FJORDANE

Fylkesvåpen Sogn og Fjordane fylkeskommune

Folketal: 108.000

Kommunar: 26

Mest folkerike kommunar: Førde (12.300), Flora (11.600), Sogndal (7.300), Stryn (7.000), Vågsøy (6.100).

Areal:  18.623 km2

Sogn og Fjordane

Folketal er avrunda. Kjelde: SSB okt. 2011. Ill.: Wikipedia CC-BY-SA-2.5)

Litt om dei regionale utfordringane i Sogn og Fjordane fylke

Dei største utfordringane for Sogn og Fjordane som fylke er fråflytting, befolkningsnedgang og ein næringsstruktur dominert av primærnæring og industri. Fylket har ein senterstruktur dominert av fleire mindre sentra. For befolkninga i Sogn og Fjordane er det framleis Bergen som er byen, ein konsekvens av at fylket manglar sentra som kan fylle alle dei funksjonane og gi dei tilbod som ein stor by kan.

Næringsstrukturen i Sogn og Fjordane er utfordrande med tanke på framtida Vi finn dei same utviklingstrekka for Sogn og Fjordane som for landet elles; fleire jobbar i undervisning, helse- og omsorgsyrka, medan færre jobbar i industri og primærnæringane. Fylket har fleire einsidige industristader innan konkurranseutsette næringar der skjebnen er avhengig av kva eigarar på nasjonalt eller internasjonalt nivå ønskjer.

Innanfor landbruket skjer ein rask nedgang i talet på bruk, noko som også gir konsekvensar for den landbruksbaserte næringsmiddelindustrien i fylket.

Framveksten av kompetansekrevjande arbeidsplassar, t.d. innan KIFT-næringane har vore svakare enn andre stader, noko som medverkar til at fylket er lite attraktivt for tilflyttarar med høgare utdanning.

Sogn og Fjordane har unike muligheiter å by på for folk som søker vakker natur og naturopplevingar. I den siste tida har eit partnerskap under logoen Framtidsfylket arbeid aktivt, både gjennom å opptre på messer, gjennom eigen nettportal og eigen film, arbeidd aktivt for å trekke til seg unge menneske. (Sjå rammesak lenger nede).

Korleis grip Sogn og Fjordane an arbeidet med bygde- og lokalsamfunnsutvikling – val av arbeidsmåtar

Sogn og Fjordane har heile fylket som satsingsområde for sitt arbeid med bygde-  og lokalsamfunnsutvikling. Det inneberer at ingen delar av fylket er utelete i satsinga, sjølv om busettingsmønster og næringsstruktur varierer. Arbeidet er er organisert i eit partnarskap der Fylkesmannen si landbruksavdeling, Næringsavdelinga og Planavdelinga i fylkeskommunen og Innovasjon Norge tek del. Midlane som blir avsett til bygde- og lokalsamfunnsutvikling er ikkje slått saman i ein pott, men vert administrert av kvar avdeling for seg.  Tilnærminga til bygde- og lokalsamfunnsutvikling skil seg også mellom dei ulike avdelingane. Fylkesmannens landbruksavdeling driv størsteparten av sin aktivitet direkte inn mot bygder og lokalsamfunn, Innovasjon Norge i hovudsak mot bedrifter og etablerarar, medan næringsavdelinga og planavdelinga opererer meir i dialog med kommunar og organisasjonar gjennom arbeid med næringssaker og plansaker. Ein kan såleis slå fast at aktørane innan partnarskapet har ei klar arbeidsdeling – med ansvar for sine felt.

I føringar frå sentralt hald ligg det forventningar om at fylkesmannen si rolle skal vere meir tilbaketrekt, med meir ansvar for kontroll, medan fylkeskommunen skal ha rolla som utviklingsaktør. For Sogn og Fjordane fungerer framleis den gamle rolleinndelinga. Representantar for fylkeskommunen opplever ikkje at dei har vore svært aktive i utviklingsrolla så langt, og dei har heller ikkje oppfatta at landbruksavdelinga si rolle har vorte meir tilbaketrekt. Som leiar i partnarskapet, er dei innforstått med at dei bør ha ei leiande rolle i utviklingsarbeidet, men det betyr ikkje at ikkje landbruksavdelinga må vere med. I tillegg er dei klare på at også Innovasjon Norge må vere med.

Bakgrunn for val av arbeidsmåte – kvifor gjer dei det slik?

Framtidsfylket er næringslivet og det offentlige si felles merkevare for jobb og rekruttering i Sogn og Fjordane.

Framtidsfylket AS tilbyr verktøy for dette gjennom jobbportalen framtidsfylket.no, Framtidsfylket Karrieremesser og programmet Framtidsfylket Trainee.

Initiativet til portalen framtidsfylket.no kom frå traineear i fylket. Dei ni traineeane var tilsette i Vestlandsforsking, Sparebanken Sogn og Fjordane,  Høyanger Næringsutvikling og Sogn og Fjordane Energi.

Då arbeidet med nettportalen var sluttført, valde vertsbedriftene saman med Hotel Alexandra og Domstein å stifte selskapet Framtidsfylket AS våren 2008 med bakgrunn i portalen.

Sommaren 2009 gjennomførte Framtidsfylket ein emisjon, og i 2012 er det totalt  25 verksemder (både offentlege og private), som eig selskapet.

Sjå: www.framtidsfylket.no

Dei fleste satsingar innan bygde- og lokalsamfunnsutvikling i Sogn og Fjordane vert gjennomført som ordningar kommunane kan søke om å ta del i. Dette gjeld mellom anna Bygdeutviklingsprogrammet i regi av Fylkesmannens landbruksavdeling. Andre program som til dømes LUK-satsinga vert integrert i det daglege arbeidet med å støtte opp om og rettleie kommunane i arbeidet med kommuneplanlegging. Arbeidet skjer til dels gjennom oppsøkande verksemd frå fylke si side, men kanskje mest gjennom å tilby råd og rettleiing for dei av kommunane som tek kontakt.  Bakgrunnen for val av denne arbeidsmåten ligg i tanken om at initiativ må kome nedanfrå. Det er kvart einskild lokalsamfunn som må mobilisere sine ressursar til å drive utviklingsarbeid og utvikle eksisterande og nye næringsvegar. Ein er likevel oppteken av at dei lokalsamfunn som tek initiativ til å drive fram utviklingsprosjekt, må ha ei forankring av prosjekta i kommunen.

Ein kan velje ein aktiv eller passiv strategi for å støtte opp om lokale utviklingsprosessar, Sogn og Fjordane har valt ein meir passiv arbeidsmåte enn til dømes Hordaland.

Kva er innhaldet i tiltaka/satsinga deira – dei ulike prosjekta – meir målretta satsingar

I og med at bygde- og lokalsamfunnsutviklingsprosjekta er organisert i regi av ulike avdelingar, blir også tilnærminga forskjellig. Planavdelinga bidreg med utvikling av metodikk, blant anna gjennom LUK, for å gjere kommunane kvalifisert til å støtte opp om engasjementet som finst i lokalsamfunna. Når kommunane sine plandokument er vedtekne, blir oppgåva i neste omgang å prøve å få lokalsamfunnstiltaka inn på økonomiplan og budsjett.

Dei som arbeider med bygde- og lokalsamfunnsutvikling opptekne av behovet for å auke kommunane sin kompetanse til å støtte opp om aktørar som ønskjer å drive bygde- og næringsutvikling. Prosjektet “Kommunal næringsutvikling” er eit viktig tiltak for å rette på dette. Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom Næringsavdelinga, Fylkesmannen si landsbruksavdeling og Innovasjon Norge og målet er at kommunane og det regionale nivået skal bli betre til å samarbeide om næringsutvikling. Gjennom kursing av næringsarbeidarane i kommunen, ser ein føre seg at etablerarar og næringsliv kan få eit betre tilbod på lokalt nivå i kommunane, medan dei store prosjekta vert handsama på regionalt hald i Innovasjon Norge.

Partnarskapet, men særleg Fylkesmannens landbruksavdeling er oppteken av å gi landbruket fleire bein å stå på, gjennom satsing på prosjekt som “Inn på tunet”, frukt og bærdyrking mm. I slike satsingar bidreg dei meir direkte inn mot dei einskilde brukarane med råd og rettleiing om korleis dei skal utvikle sine prosjekt.

Kva ønskjer dei å oppnå? – Mål og framgangsmåte

Fylkeskommunen fordeler midlar etter søknad og Sogn og Fjordane har vore, og er, eit fylke der ein har operert med svært vide satsingsområde. Ein er sett til å drive fram utviklingsarbeid i ein kvardag der ein til ei kvar tid må forholde seg til ei stor søkarmasse, få føringar med omsyn til kva som skal og bør prioriterast, og manglande prinsipp i forhold til søknadsfristar. Ein jobbar no aktivt frå fylkeskommunen si side for å målrette satsingane sterkare både gjennom færre og meir spisse utlysningar, gjennom å vere meir tydeleg på korleis pengane skal brukast og korleis dei skal jobbe for å oppnå vedtekne mål. På denne måten håper ein å unngå at folk skriv søknader som fell utanfor satsingsområdet.

Planavdelinga har som mål at prosjekta dei er inne i så langt det lar seg gjere, skal styrast og utviklast av kommunane.  Planavdelinga si rolle er å informere og motivere. Dei ser det ikkje som si oppgåve å gå aktivt inn i forhold til bygde- og lokalsamfunnsutvikling, men heller å styrke dette arbeidet gjennom kommuneplan og fylkesplan. Såleis er det tydeleg at avdelinga sin måte å jobbe på er fokusert på det metodiske verktøyet til bruk i bygde- og lokalsamfunnsutvikling,og det å få utviklingsprosjekta integrert i kommunale styringsdokument og budsjett.

Snowboard på Stryn sommarskisenter

TILREISANDE: Turistnæringa er stor i Stryn. Cruiseskip kjem inn fjordane og passasjerane blir frakta opp til breane, medan Stryn Sommarskisenter (biletet) tiltrekkjer seg ein annan type turistar. (Foto: Timo_Kaipiainen, CC2.0, flickr.com)

Korleis gjer dei det?

Dei tre aktørane, Fylkeskommunen, Fylkesmannen og Innvasjon Norge har ei klar oppfatning av kva som er deira rolle i forhold til bygde- og lokalsamfunnsutvikling og også kva som er deira oppgåve innan partnarskapen. Fylkesmannen og Innovasjon Norge jobbar konkret opp mot aktørane innan dei ulike prosjekta, støttar opp, organiserer opplegg for kompetanseutvikling og følgjer opp dei forskjellige utviklingsprosjekta med råd og rettleiing undervegs. Arbeidsdelinga mellom lokalsamfunnet som målgruppe og bedriftene som målgruppe er også klar. Nærings- og planavdelinga sitt fokus er retta mot kommunar og organisasjonar og dei er i lite grad i kontakt med sjølve utviklingsprosjekta. I fylkeskommunen opplever dei også at arbeidsdelinga internt innan eigen organisasjon har blitt klarare etter avdelingane har vorte omorganiserte.  Dei nye avdelingane har fått smalare fokus kvar for seg. Det dei ser på som viktig er at dei har ein felles ståstad overfor kommunane og at det skjer ei samordning mellom arbeidsoppgåvene til dei ulike avdelingane.

Næringsavdelinga og plan- og samfunnsavdelinga har felles pengepott og arbeider med beslekta tema. Når det gjeld samarbeid på tvers av avdelingane, vert det hevda at ein har eit stykke igjen å gå før samarbeidet har funne si ideelle form. Dei er likevel i tett dialog om saker som vedkjem kommunane og stiller begge med representantar i styringsgrupper knytt til konkrete prosjekt.

Strategiutforming og utforming av bestillingsbrev og budsjett vert gjort i felleskap mellom Innovasjon Norge og næringsavdelinga. Søknader vert ofte handsama i fellesskap. Ambisjonen er at søkarane skal oppfatte dei som “ei luke”, og målet er å bli enda betre på sørvis og praktisk oppfølging av søkarane. Av same grunn føretrekker dei også å opptre i fellesskap når dei er ute i felt, mellom anna fordi dei erfarer at det herskar mykje forvirring om kven som har ansvar for kva.

Fordelen med å vere eit lite fylke er at det let seg gjere å ha ein praktisk og god dialog, kort avstand og god flyt. På leiarnivå omtalar sjefane samarbeidet som eit firkløver som har jamlege møter, men som også har ein svært god dialog i det daglege. Også tilsette i andre delar av systemet møtast ofte uformelt, og løyser saker i lag. Både Innovasjon Norge og Næringsavdelinga hevdar at det utformelle samarbeidet og den låge terskelen for kontakt, er den viktigaste føresetnaden for at dei lykkast i arbeidet.

I eit lite fylke vert det utformelle viktig, og ein møter dei same folka i fleire samanhengar. I fylkeskommunen ser dei på dette som eit gode, men dei er også bevisste på at dei som offentleg forvaltningsorgan må ha det formelle i orden.

Fylkesmannen, landbruksavdelinga jobbar også tett med fylkeskommunen, men til tider kanskje meir av plikt enn av lyst. Dei legg heller ikkje skjul på at dei er skeptisk til kva dei oppnår som følgje av dette samarbeidet. Noko er nødvendig for å ha ein prosess og ein plan opp mot eit vedtaksorgan som Fylkestinget. Deira erfaring er at når ein jobbar med Innovasjon Norge og grossistar som BAMA og liknande,er det mykje kortare veg frå prat til handling. Slik sett er både dialogen og samarbeidet mellom landbruksavdelinga og Innovasjon Norge både meir lystfengt, og også meir handlingsretta; skal leie fram til at IN får søknader om bedriftstilskot.

Å stå fram som ein aktør, og i tillegg gjerne kunne samordne dei økonomiske verkemidlane, er eit bra grep for å bli meir målretta og tydeleg som utviklingsaktør.  Små forhold, korte avstandar mellom organisasjonane og rutinar for dialog med kommunane er viktige grep. I kva grad dette også utkrystallisera seg til å fange og formidle dei lokale tilhøva tilbake til dei regionale strategiane, er noko meir uklart.

Utfordringar

Skilnader mellom politisk og administrativt nivå i korleis ein ønskjer handlingsrommet skal vere utforma, medfører utfordringar.  Medan administrasjonen ønskjer seg forutsigbare og langsiktige programløyvingar med ein klar start og slutt, og gode muligheiter til å spisse bruken av midlar, er den politiske dimensjonen opptekne av å ha fleksible ordningar.

Handlingsrom til Innovasjon Norge blir opplevd som vidt og dei har større økonomiske rammer enn dei har gode prosjekt å bruke dei på. Dei har såleis muligheiter til å gå aktivt ut og oppfordre entreprenørar til å søke midlar. Utfordringa blir dårlege prosjekt og dårlege effektar.

Det vil alltid vere ein balansegang mellom det å vere pådrivar, og det å bli styrande. På den eine sida prøver Innovasjon Norge å bygge opp ei førstelinjeteneste i kommunane, på den andre sida skal dei vere ein kompetanse- og kunnskapsleverandør til bedrifter og utviklingsprosjekt der tett dialog og kommunikasjon med brukarane er viktig. Utfordringa er å kle begge rollene, då på ein måte som gjer at kommunane får styrka sin legitimitet på same tid som brukarane finn fram til Innovasjon Norge når det er nødvendig.

Erfaringane med å ta del i internasjonale prosjekt er delte. Det fins ei rekke døme på internasjonale prosjekt som fylket har vore engasjert i, gjennom prosjekt knytt til verdsarvproblematikk, prosjekt innan vidaregåande skule osb. Mange er positive og meiner at slike prosjekt er viktige, særleg med tanke på den internasjonaliseringa som finn stad i aukande tempo. Fleire vurderer det likevel slik at det kjem lite ut av å delta i desse prosjekta. Ein viktig årsak er truleg at prosjekta er lite forpliktande.

Oppsummering

Gjennom kartlegging av BLU-aktiviteten i Sogn og Fjordane sit vi igjen med eit inntrykk av at dei fire avdelingane meir opptrer som støttespelar og instans for fordeling av økonomiske midlar og støtteordningar enn ein utviklingsaktør/pådrivar for kommunar og lokalsamfunn.  Fylkesmannen ser det som viktig å myndiggjere dei som skal drive tiltaka ute i lokalsamfunna. Fylkeskommunen er oppteken av å styrke kommunane i deira utviklingsarbeid gjennom å auke deira kapabilitet. Få konkurrerar med dei offentlege aktørane i Sogn og Fjordane om rolla som utviklingsaktør – det offentlege inntek etter vår oppfatning ei litt tilbaketrekt rolle som støtteapparat for kommunane – dei er mindre proaktive enn dei andre fylka.

Ingen gjer krav på tittelen som bygdeutviklar – men fylkesmannen vert av dei andre aktørane oppfatta som den som har sterkaste eigarskapet til rolla. Elles er bygdeutviklingsarbeidet i Sogn og Fjordane prega av ryddig arbeidsdeling, og klar rolledeling i partnerskap, gode samarbeidsrelasjonar og låg terskel for samarbeid og dialog. Eit klart ønske om færre satsingsområde, å utvikle klarare strategiar for korleis ein handterer søkjarar, særleg hos fylkeskommunen er tydeleg, men her kan eigne politikarar bidra meir enn staten.

INNHALD PÅ DENNE SIDA (I TEKSTEN OVANFOR):

Studiet “Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet”:

  • Fullstendig rapport i PDF-utgåve (utan illustrasjonar og eksterne lenker)

Publisert: 19.01.2012    Endret: 21.01.2012