FOLKEFEST: Jazzparaden i Storgata opnar den årlege jazzfestivalen i Molde. (Foto: Sigurd Gartmann, CC2.0, flickr.com)
Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet - undersøking 2011
Møre og Romsdal - «Ei-dør»-politikk med proaktiv rolle i lokale utviklingsprosjekt
19.01.2012
Gjennom «Einskapsfylke» har avdelingane på fylkesnivå fått god kjennskap til kvarandre sine arbeidsområder og metodar. I likskap med Hordaland er Møre og Romsdal oppteken av å vere ein kompetanseinstitusjon for kommunane i fylket. Dei ønskjer ikkje berre å bli sett på som ein bank eller ein pengesekk, men vil først og fremst vere etterspurt på grunn av kompetansen.
MØRE OG ROMSDAL
Folketal: 256.000
Folketal er avrunda. Kjelde: SSB okt. 2011. Ill.: Wikipedia CC-BY-SA-2.5) |
HOVEDANALYSE: Bygde- og lokalsamfunnsutvikling i Møre og Romsdal
OPPSUMMERING:
Pengane dei disponerer skal smørje systemet. Dei ønskjer å vere ein aktiv og tydeleg medspelar i arbeidet med å sikre bærekraftig vekst, verdiskaping, nyetablering, forsking og utvikling, attraktive og dynamiske lokalsamfunn.
For å oppnå dette ser dei det som naudsynt å vere i dialog med kommunane og avdekke både kva som er felles utfordringar og kva som er spesifikt for den einskilde kommune.
Arbeidet med bygde- og lokalsamfunnsutvikling i Møre og Romsdal blir fronta under ein felles paraply – Hoppid – som partnarskapen har definert som eit felles «varemerke».
Dei ulike avdelingane på fylkesnivå står samla om å ha ein tett dialog og samarbeid med kommunane.
Dei har ei brei tilnærming til lokalsamfunnsutvikling gjennom å involvere både byar og omlandskommunar; i likskap med Hordland ser dei at dette har vorte viktig for å auke bustadsattraktiviteten og såleis også rekrutteringa av høgt kvalifisert arbeidskraft.
Brei mobilisering gjennom Sunnmøre i framtida og tilsvarande prosess i Romsdal og på Nordmøre, skal bidra til at regionane finn fram til viktige satsingsområde og likeeins utviklar ei erkjenning av nytten av å dra lasset i lag.
Studiet “Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet”:
- Om denne undersøkinga
- Om bygde- og lokalsamfunnsutvikling (BLU)
- Fellestrekk ved BLU på Vestlandet
- Ulik senterstruktur og fordeling av ressursane mellom sentrum og periferi
- Tabell: Vestlandet sin måte å arbeide med bygde- og lokalsamfunnsutvikling
- SOGN OG FJORDANE:
- tilbaketrekt rolle som finansiør av utviklingsprosjekt (oppsummering) - Korleis arbeider regionnivået med bygde- og lokalsamfunnsutvikling i Sogn og Fjordane? (hovedanalyse)
- HORDALAND:
– «ei dør»-politikk i vel-utvikla partnarskap (oppsummering) - Korleis arbeider regionnivået i Hordaland med bygde- og lokalsamfunnsutvikling? (hovedanalyse)
- ROGALAND:
- marginal og integrert del av ‘regional utvikling’ (oppsummering) - Bygde- og lokalsamfunnsutvikling – Rogaland (hovedanalyse)
- MØRE OG ROMSDAL:
- «Ei-dør»-politikk med proaktiv rolle i lokale utviklingsprosjekt (oppsummering - denne sida) - Bygde- og lokalsamfunnsutvikling i Møre og Romsdal (hovedanalyse)
- Fullstendig rapport i PDF-utgåve (utan illustrasjonar og eksterne lenker)
Publisert: 19.01.2012 Endret: 21.01.2012

