Carina Nerland (Sogn Regionråd), Synnøve Aabrekk (Segel AS.) og Noralv Distad (leiar i regionrådet og ordførar i Aurland) har tru på ein god Sognefjordmodell for reiselivet
Sogn Regionråd er i gang med eit arbeid for å finna ny kurs for reiselivet i Sogn. Kva skal til for å få til ei sterkare felles plattform i denne viktige reiselivsdestinasjonen?
Synnøve Aabrekk i selskapet Segel AS, har fått madatet til å styre dette arbeidet, som skal leggast fram for Sogn Regionråd den 1. mars 2012. Nyleg la ho fram resultat frå intervjurundar i dei aktuelle kommunane. Samstundes brukte ho tid på å visa fram andre modellar, som t.d. Nordfjordmodellen og Hardangermodellen og Stavangermodellen for reiselivsorganisering,
Dårleg inntening i næringa
Synnøve Aabrekk viste mellom anna til tal frå SSB, der innteninga pr. hotellseng i Sogn er nesten 200 kroner dårlegare betalt, enn ei seng i Nordfjord og 100 kroner lågare enn ei seng i Hardanger. Distriktssenteret stiller spørsmålet: Har sogningane sove i timen eller har dei det for godt? Er det skilnad på produktet, eller har dette med organiseringa av regionen å gjera? Uansett er det eit faktum at Sogn er taparane når det gjeld inntening tili bedriftene.
Styrking av reiselivet
Innspelet om eit felles reisemålsselskap er kome frå kommunane, og difor har vi tatt tak i dette arbeidet, seier Karina Nerland i Sogn Regionråd. Rådet ønskjer å utvikla næringar vi er sterke på, og her inngår reiselivsnæringa. Reiselivet sin betydning for framtidig utvikling av livskraftige og attraktive lokalsamfunn blir også trekt fram i prosjektet ”Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane”. Her blir det konkludert med at framtidig satsing må avgrensast til eit sett av næringar, reiseliv inkludert, og/eller kompetanseområde der dei ressursmessige føresetnadene ligg til rette for å skape verdiar og lukkast nasjonalt og internasjonalt. Nerland påpeikar at regionrådet si rolle er å setja i gang regionale prosjekt. Arbeidsmøte der status og moglege modellar vart diskutert, hadde brei deltaking frå næringa og dei ulike reisemålsselskapa i Sogn og representantar frå ni kommunar. Det resulterte i mange konstruktive innspel. Vi håpar det blir ein god prosess i det vidare arbeidet og at det blir semje om ein modell som kan styrka reiselivet i Sogn, seier Nerland.
Reisemålsutviklinga er lokal samfunnsutvikling
Synnøve Aabrekk er glad for at Sogn Regionråd gjennom kommunane vil sjå på korleis ein kan få til ein nyorganisering. Det er ingen tvil om at det må til eit endå betre samspel mellom næringslivet og kommunane. Det handlar om å forstå korleis ein skal arbeide med reisemålsutvikling, og at dette grip direkte inn i den lokale samfunnsutviklinga. Difor er mellom anna rapporten frå Distriktssenteret om kommunane si rolle i reisemålsutvikling eit viktig bidrag,når regionrådet skal ta arbeidet vidare mot ein framtidsretta Sognefjordmodell, seier Synnøve Aabrekk.
Publisert: 13.01.2012 Endret: 11.01.2013