Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a
Naustdal sentrum i Sunnfjord, Sogn og Fjordane. Her har kommunen og utbyggjarar gått saman i eit felles prosjekt, "Fjordlandsbyen", for å auke tilflyttinga til kommunen.

Naustdal sentrum i Sunnfjord, Sogn og Fjordane. Her har kommunen og utbyggjarar gått saman i eit felles prosjekt, "Fjordlandsbyen", for å auke tilflyttinga til kommunen. (Foto: Arild Nybø, mediebruket.no)

Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet - undersøking 2011

Om bygde- og lokalsamfunnsutvikling

19.01.2012

Med bygde- og lokalsamfunnsutvikling – BLU – meiner vi arbeid og tiltak som stimulerer til at bygder og andre lokalsamfunn skal bli gode stader å bu i.

Bygde- og lokalsamfunnsutvikling, eller lokal kapasitetsbygging, er summen av all utvikling gjennomført av enkeltindivid og grupper, og har i lang tid handla om tilrettelegging og myndiggjering for å utnytte lokale ressursar og engasjement. Utviklingsarbeid kan sjåast som målretta innsats for å utvikle det gode samfunnet for dei som bur der, og omfattar det samfunnsbyggande arbeidet både «innanfrå» (innbyggjarane sjølv) og «utanfrå» (t.d. staten gjennom omfordeling).

Offisielt handlar det om å utfordre lokalsamfunn til å ta tak i eigne utfordringar (St.mld.nr. 25 2008-2009), og stimulere til utviklingsarbeid for å auke vekstkrafta nedanfrå på ein berekraftig måte. Denne definisjonen av kva bygde- og lokalsamfunnsutvikling er, gir også rom for tolkingar og regionale tilpassingar.

Arbeidet er kopla til eit sett verkemidlar som skal mobilisere aktørar i lokalsamfunna til å ta tak i lokale ressursar for å utvikle gode sosiale arenaer og næringsverksemder.

Det ligg såleis eit bottom-up perspektiv til grunn for satsinga. Bygde- og lokalsamfunnsvikling er kollektive tiltak; det skil seg frå vanleg næringsutvikling ved at tiltaket skal komme lokalsamfunnet til gode, og ikkje berre entreprenøren/bedriftseigaren. Ein satsar med andre ord på å stimulere kollektivt entreprenørskap.

 


Studiet “Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet”:

  • Fullstendig rapport i PDF-utgåve (utan illustrasjonar og eksterne lenker)

Publisert: 19.01.2012    Endret: 21.01.2012