Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a
Både bygdene og byane prøver på ulikt vis å tiltrekkje seg nye innbyggjarar.

Både bygdene og byane prøver på ulikt vis å tiltrekkje seg nye innbyggjarar. (Foto: Asbjørn Floden, CC2.0, flickr.com)

Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet - undersøking 2011

Om undersøkinga “Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet”

19.01.2012

Rapporten «Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet» er ein kunnskapsstudie og ei kartlegging av arbeidsmåtane for bygde- og lokalsamfunnsutvikling i dei fire vestlandsfylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal hausten 2011.

Rapporten er basert på intervju av tilsette som arbeider med dette tema hos Fylkeskommunen, Fylkesmannen og Innovasjon Norge.

Studiet “Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet” - innhald:

  • Fullstendig rapport i PDF-utgåve (utan illustrasjonar og eksterne lenker)

Sjå også: Skildring av rapporten og lenke til fullstendig PDF-versjon

Føremålet har vore å auke kunnskapen om korleis regionale aktørar arbeider med bygde- og lokalsamfunnsutvikling (BLU).

Distriktssenteret er opptatt av at utgreiinga skal kunne ha læringsverdi. Resultata frå undersøkinga var mellom anna eit bidrag inn i det faglege programmet for konferansen «Vestlandsk vidsyn – nyskapande lokalsamfunn i vest», 26.-27.1 oktober 2011. Eit mål for denne konferansen var å styrke læringsnettverk og samarbeid om temaet lokalsamfunnsutvikling. Det er difor eit mål at samanstillinga av dei ulike måtane fylka driv lokalsamfunnsutvikling på, skal gje grunnlag for diskusjon og læring på tvers av fylke og aktørar.

Bakgrunn

Bakgrunnen for oppdraget var at Distriktssenteret sakna kunnskap om mangfaldet i måten det regionale nivået driv bygde- og lokalsamfunnsutviklinga på.

Medan det på nasjonalt nivå etter kvart er blitt ein lang tradisjon for å stimulere til og drive slikt arbeid innanfor klart definerte program og satsingar som t.d. Utkantsatsinga, Miljøvenlege småbyar og tettstader, Småsamfunnssatsinga og Bulyst, så synes det vere meir variasjon i måten dei regionale aktørane driv lokalt utviklingsarbeid på.

Frå regjeringen.no
Levande og attraktive lokalsamfunn

Oversikt over ulike tiltak som skal bidra til at kommunane si rolle som samfunnsutviklar vert styrka:

På det regionale nivået er fylkeskommunane og fylkesmennene sentrale utviklingsaktørar, med kvar sine spesifikke oppdrag, og begge med ei rolle i bygde- og lokalsamfunnsutvikling. Difor er det interessant å få undersøkt korleis dei ulike utviklingsaktørane arbeider på området, og i kva grad og på kva måtar dei samarbeider seg imellom. Ein ønskjer såleis kunnskap om føremål, kjenneteikn og kvalitetar ved ulike arbeidsmetodar.

Arbeidsmetode og val av fokusområde

I rapporten er det fokusert på kva arbeidsmåtar, inkludert kva former for samarbeid, dei tre aktørane Fylkesmannen, Fylkeskommunen og Innovasjon Norge nyttar for å nå ut til lokalsamfunna med sitt utviklingsarbeid.

Med utgangspunkt i at fylka får likelydande oppdrag frå departementa, der berre pengesummen er spesialtilpassa det einskilde fylket, har vi lagt vekt på å få fram i kva grad, på kva måte og kvifor arbeidsmåtane likevel varierer frå fylke til fylke. For å få fram dette er det intervjua representantar frå Fylkesmannen og Fylkeskommunen i kvart av fylka, og trekt inn representantar frå Innovasjon Norge der dei har vore sentrale samarbeidspartnarar (les meir om Val av informantar).


Studiet “Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet”:

  • Fullstendig rapport i PDF-utgåve (utan illustrasjonar og eksterne lenker)

Publisert: 19.01.2012    Endret: 21.01.2012