BLÅSKJELKOKKAR: Matnæringa er satsingområde i Rogaland. På Gladmatfestivalen i Stavanger lærer unge og gamle å ta i bruk lokale matressursar. (Foto: Gladmatfestivalen, CC2.0, flickr.com)
Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet - undersøking 2011
Rogaland - marginal og integrert del av ‘regional utvikling’
19.01.2012
Med ti byar av ulik storleik, sterkt press på infrastruktur og arealbruk og eit næringsliv som stiller store krav til offentleg tilrettelegging, har arbeidet med utvikling av bygder og lokalsamfunn hatt låg prioritet i Rogaland. Men fylket er det som ut frå ‘objektive kriterier’ knytt til befolkningsstruktur og omstillingsbehov – har fått færrast kroner frå departementa til dette føremålet.
ROGALAND
Folketal: 441.000
|
HOVEDANALYSE: Bygde- og lokalsamfunnsutvikling – Rogaland
OPPSUMMERING:
Rogaland nyttar ikkje omgrepet bygde- og lokalsamfunnsutvikling i sitt daglege arbeid. Regional utvikling blir nytta som samleomgrep på denne typen satsing i fylket. Det regionale nivået i Rogaland er oppteke av å utvikle alle delar av fylket, men legg særleg vekt på å auke attraktiviteten til byane og deira omland. Det er difor ei utfordring i å kartlegge arbeidsmåtar knytt til bygde- og lokalsamfunnsutvikling fordi det er vanskeleg å skilje ut som eige satsingsområde.
Hos fylkeskommunen er arbeidet med bygde- og lokalsamfunnsutvikling (BLU) eit marginalt arbeidsfelt som er vanskeleg å skilje ut frå arbeidet med regional utvikling i si alminnelegheit. Dei har såleis valt å bruke mykje av midlane på infrastrukturtiltak, mellom anna av di dei meiner at gode pendlingsmoglegheiter til byar og tettstader styrker busetnaden i landlege strøk.
Ein annan viktig strategi for Rogaland er å utvikle matnæringa. Så sjølv om bygde- og lokalsamfunnsutvikling er definert som eit eige innsatsområde hos Fylkesmannen, så er arbeidet i hovudsak knytt til å ta vare på og utvikle eit aktivt og effektivt landbruk. Dette fordi dei meiner bygdene kjem styrka ut av å ha eit solid tradisjonelt bein å stå på. Då blir det lettare å utvikle nye næringar også.
For å nå ut til lokalsamfunna med sine satsingar, arrangerer Fylkesmannen og Fylkeskommunen ein årleg konferanse for å invitere kommunar, regionråd og næringsliv til å søkje prosjektmidlar til bygde- og lokalsamfunnsutvikling. Dei stiller gjerne opp i styringsgrupper og liknande til dei prosjekta som vert finansiert. I dette ligg det potensiale for dialog og gjensidig læring.
Likevel sit vi igjen med eit inntrykk av at dei regionale aktørane, i alle fall fylkeskommunen, i liten grad er opptekne av å vere i dialog med, eller proaktive i forhold til, lokalsamfunnsentreprenørar.
Studiet “Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet” - innhald:
- Om denne undersøkinga
- Om bygde- og lokalsamfunnsutvikling (BLU)
- Fellestrekk ved BLU på Vestlandet
- Ulik senterstruktur og fordeling av ressursane mellom sentrum og periferi
- Tabell: Vestlandet sin måte å arbeide med bygde- og lokalsamfunnsutvikling
- SOGN OG FJORDANE:
- tilbaketrekt rolle som finansiør av utviklingsprosjekt (oppsummering) - Korleis arbeider regionnivået med bygde- og lokalsamfunnsutvikling i Sogn og Fjordane? (hovedanalyse)
- HORDALAND:
– «ei dør»-politikk i vel-utvikla partnarskap (oppsummering) - Korleis arbeider regionnivået i Hordaland med bygde- og lokalsamfunnsutvikling? (hovedanalyse)
- ROGALAND:
- marginal og integrert del av ‘regional utvikling’ (oppsummering - denne sida) - Bygde- og lokalsamfunnsutvikling – Rogaland (hovedanalyse)
- MØRE OG ROMSDAL:
- «Ei-dør»-politikk med proaktiv rolle i lokale utviklingsprosjekt (oppsummering) - Bygde- og lokalsamfunnsutvikling i Møre og Romsdal (hovedanalyse)
- Fullstendig rapport i PDF-utgåve (utan illustrasjonar og eksterne lenker)
Publisert: 19.01.2012 Endret: 21.01.2012

