KYSTBYEN: Florø var den første byen i Sogn og Fjordane, og feira 150-årsjubileum med kostymeopptog i 2010. (Foto: Arne Hjorth Johansen, CC2.0, flickr.com)
Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet - undersøking 2011
Sogn og Fjordane - tilbaketrekt rolle som finansiør av utviklingsprosjekt
19.01.2012
Arbeidet med bygde og lokalsamfunnsutvikling (BLU) i Sogn og Fjordane er organisert i eit partnarskap mellom Fylkesmannens landbruksavdeling, Næringsavdelinga og Planavdelinga i fylkeskommunen og Innovasjon Norge.
SOGN OG FJORDANE
Folketal: 108.000
Folketal er avrunda. Kjelde: SSB okt. 2011. Ill.: Wikipedia CC-BY-SA-2.5) |
HOVEDANALYSE: Korleis arbeider regionnivået med bygde- og lokalsamfunnsutvikling i Sogn og Fjordane?
OPPSUMMERING:
Midlane som blir avsett til bygde- og lokalsamfunnsutvikling i Sogn og Fjordane er ikkje slått saman i ein pott slik som i Hordaland, men vert administrert av kvar avdeling for seg.
Tilnærminga til BLU skil seg også mellom dei ulike avdelingane. Fylkesmannens landbruksavdeling driv størsteparten av sin aktivitet direkte inn mot bygder og lokalsamfunn, Innovasjon Norge i hovudsak mot bedrifter og etablerarar, medan næringsavdelinga og planavdelinga opererer meir i dialog med kommunar og organisasjonar, høvesvis med næringssaker og plansaker. Ein kan såleis slå fast at aktørane innan partnarskapen har ei klar arbeidsdeling – med ansvar for sine felt.
I føringar frå sentralt hald ligg det forventningar om at fylkesmannen si rolle skal vere meir tilbaketrekt, med meir ansvar for kontroll, medan fylkeskommunen skal ha rolla som utviklingsaktør.
For Sogn og Fjordane fungerer framleis den gamle rolleinndelinga. Representantar for fylkeskommunen opplever ikkje at dei har vore svært aktive i utviklingsrolla så langt, og dei har heller ikkje oppfatta at Fylkesmannen si landbruksavdeling (FMLA) si rolle har vorte meir tilbaketrekt. Som leiar i partnarskapet, er dei innforstått med at dei bør ha ei leiande rolle i utviklingsarbeidet, men det betyr ikkje at ikkje FMLA må vere med. I tillegg er dei klare på at også Innovasjon Norge må vere med.
Gjennom kartlegging av BLU-aktiviteten i Sogn og Fjordane sit vi igjen med eit inntrykk av at dei fire avdelingane meir opptrer som støttespelar og instans for fordeling av økonomiske midlar og støtteordningar enn ein utviklingsaktør/pådrivar for kommunar og lokalsamfunn. Fylkesmannen ser det som viktig å myndiggjere dei som skal drive tiltaka ute i lokalsamfunna. Fylkeskommunen er oppteken av å styrke kommunane i deira utviklingsarbeid gjennom å auke deira kapabilitet. Få konkurrerer med dei offentlege aktørane i Sogn og Fjordane om rolla som utviklingsaktør – det offentlege tek etter vår oppfatning ei litt tilbaketrekt rolle som støtteapparat for kommunane – dei er mindre proaktive enn dei andre fylka.
Studiet “Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet” - innhald:
- Om denne undersøkinga
- Om bygde- og lokalsamfunnsutvikling (BLU)
- Fellestrekk ved BLU på Vestlandet
- Ulik senterstruktur og fordeling av ressursane mellom sentrum og periferi
- Tabell: Vestlandet sin måte å arbeide med bygde- og lokalsamfunnsutvikling
- SOGN OG FJORDANE:
- tilbaketrekt rolle som finansiør av utviklingsprosjekt (oppsummering - denne sida) - Korleis arbeider regionnivået med bygde- og lokalsamfunnsutvikling i Sogn og Fjordane? (hovedanalyse)
- HORDALAND:
– «ei dør»-politikk i vel-utvikla partnarskap (oppsummering) - Korleis arbeider regionnivået i Hordaland med bygde- og lokalsamfunnsutvikling? (hovedanalyse)
- ROGALAND:
- marginal og integrert del av ‘regional utvikling’ (oppsummering) - Bygde- og lokalsamfunnsutvikling – Rogaland (hovedanalyse)
- MØRE OG ROMSDAL:
- «Ei-dør»-politikk med proaktiv rolle i lokale utviklingsprosjekt (oppsummering) - Bygde- og lokalsamfunnsutvikling i Møre og Romsdal (hovedanalyse)
- Fullstendig rapport i PDF-utgåve (utan illustrasjonar og eksterne lenker)
Publisert: 19.01.2012 Endret: 21.01.2012

