Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a

(Foto: Roger Joakimsen, Trick Medialab)

Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet - undersøking 2011

Ulik senterstruktur og fordeling av ressursane mellom sentrum og periferi

19.01.2012

Vestlandsfylka har mange likskapsstrekk knytt til geografiske tilhøve; så som kystbasert næringsliv, spreidd busetnad og vanskelege forhold for samferdsel. Dei har og felles utfordringar knytt til å rekruttere nye innbyggarar, enten for å oppretthalde folketalet eller for å rekruttere kompetanse og arbeidskraft til ein landsdel som totalt sett har god vekstkraft.

INNHALD PÅ DENNE SIDA:

Fylka har likevel ein del ulikskapar som kan føre til ulik politikk for fordeling av bygde- og lokalsamfunnsressursane – så som folketal, aldersstruktur, busetnadsmønster og næringsstruktur.

I dette avsnittet tek vi for oss spørsmålet om fylka har ein uttalt strategi for korleis midlane skal fordelast internt i kvart fylke, og ser dette i forhold til busetnadsmønster og senterstruktur i kvart fylke.

  • I kva grad er det slik at bygde- og lokalsamfunnsutvikling er noko som skal avgrensast til utkantstrøka?
  • I kva grad ønskjer fylka å målrette midlane i tråd med overordna strategiar for regional utvikling?
  • I kva grad ønskjer dei å spreie innsatsen slik at størst mulig delar av fylket blir dekt?

Det er nokre forskjellar mellom fylka på dette området, men eit fellestrekk er likevel at den geografiske profilen på arbeidet med bygde- og lokalsamfunnsutvikling er underordna innhald og andre kvalitetar ved utviklingsprosjekta.

Fylkesvåpen RogalandRogaland er eit fylke i vekst og har store utfordringar knytt til arealbruk.  Dei har eit sterkt press i høve bustadbygging og næringsareal. Samstundes har dei ein tydeleg strategi på å utvikle seg som mat-fylke. I Rogaland er dei derfor opptekne av å få til ei funksjonsdeling mellom ulike stader (jf. ABS-regionar): jordbruksareal og matrelatert næringsliv har prioritering, og elles har dei satsa bevist på å utvikle infrastruktur slik at folk skal kunne bu i utkantane og i randsonene rundt byane, og jobbe i byane. Det blir og satsa på å utvikle byar og tettstader som attraktive bu-område, mellom anna fordi ein ser at dei som flytter til fylket ønskjer å busetje seg i slik område.

Rogaland har heilskaplege mål og klare strategiar for den regionale utviklinga i fylket, og har valt å integrere dei små bygde- og lokalsamfunnsutviklingsressursane i det mykje større arbeidet med å nå desse måla. Dette er med på å gjøre bygde- og lokalsamfunnsutvikling til eit lite synleg satsingsområde i fylket – men midlane blir nytta målretta mot mat-sektoren eller mot utvikling av ABS-regionar.

Fylkesvåpen HordalandHordaland har eit stort sentrum, Bergen med omland, som har god vekst. Det gjeld og ein del av dei andre kystkommunane. I kontrast til dette har Hardanger og ein del andre kommunar, særleg i indre delar av fylket, ei negativ utvikling i sysselsetjing og folketal. Stor avstand til Bergen gjer det mindre aktuelt å dagpendle frå desse områda, sjølv med betre vegsamband.  I samband med dette er det ein diskusjon om kva som kan gjerast for å utvikle regionale sentra som er sterke nok til å demme opp for fråflytting og samstundes generere vekst i sine områder. Ein kan tenke seg at arbeidet med bygde- og lokalsamfunnsutvikling kan bli trekt inn ein strategi for å utvikle slik regionale sentra, men foreløpig har ikkje dette vore tilfelle.

Det er ingen overordna strategi på korleis ressursane skal fordelast geografisk i fylket, bortsett frå at det no stillast krav om at ein del av midlane skal brukast i bynære område – i tråd med signal frå Kommunal- og regionaldepartementet. Så langt har det vore vanskeleg å få opp gode prosjekt lokalisert i slike områder, men ein antar dette vil kunne endrast etter kvart som ordninga (særleg LivOGlyst) vert meir profilert og kjent i slike områder også. Mesteparten av ressursane til bygde- og lokalsamfunnsutvikling har soleis blitt brukt i små lokalsamfunn i utkantane.

Fylkesvåpen Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane har ikkje noko stort sentrum som har vore naturleg å satse på. Sogn og Fjordane er eit “småskalafylke” i dei fleste samanhengar, med unnatak av reiseliv, der dei er blant dei største. Sogn og Fjordane har blitt trekt fram som det fylket der få tar sitt eige liv, få skilsmissar, få konkursar osv., med andre ord eit “trivselsfylke“ med bakgrunn i rurale kvalitetar.

Å satse på livskraftige lokalsamfunn som kan oppretthalde dei rurale kvalitetane ser ut til å vere eit viktig bakteppe for bygde- og lokalsamfunnsutvikling i fylket. Dette ligg kanskje til grunn når dei vel å innrette bygde- og lokalsamfunnsutviklinga med tilnærma lik satsing over heile fylket.

Fylkesvåpen Møre og RomsdalMøre og Romsdal har sterk vekst, og mangel på kompetanse til næringslivet er ei stor utfordring. Fylket har samarbeidd tett med næringslivet, og har tidlegare valt ut programsatsingar som har vore spissa inn mot prioriterte område. Dei vel no å kombinere ei satsing for å dra med førstelinjetenesta (kommunane) i heile fylket, med ei satsing på sterkare by-område inklusiv randsoner for å styrke dei som attraktive bu- og arbeidsområde.

Korleis blir bygde- og lokalsamfunnsutvikling operasjonalisert?

Vi har sett at fylka har operasjonalisert arbeidet med bygde- og lokalsamfunnsutvikling hovudsaklig gjennom desse programma/satsingane:

  • Rogaland: Mat-fylket/integrert i regional utvikling
  • Hordaland: Trebeint program: Kom-an.no, LivOGlyst og Kommuneprosjektet
  • Sogn og Fjordane: Bygdeutviklingsprogrammet
  • Møre og Romsdal: HoppID

VESTLANDET

frå sør til nord:

Kart over Vestlandet


Fylkesvåpen Rogaland fylkeskommune

ROGALAND

Folketal: 441.000

Kommunar: 26

Mest folkerike kommunar:

  • Stavanger (127.000)
  • Sandnes (67.000)
  • Karmøy (40.000)
  • Haugesund (35.000)

Areal:  9.377 km2


Fylkesvåpen Hordaland fylkeskommune

HORDALAND

Folketal: 489.000

Kommunar: 33

Mest folkerike kommunar:

  • Bergen (263.000)
  • Askøy (26.000)
  • Fjell (23.000)
  • Stord (18.000)
  • Os (17.600)

Areal:  15.441 km2


Fylkesvåpen Sogn og Fjordane fylkeskommune

SOGN OG FJORDANE

Folketal: 108.000

Kommunar: 26

Mest folkerike kommunar:

  • Førde (12.300)
  • Flora (11.600)
  • Sogndal (7.300)
  • Stryn (7.000)
  • Vågsøy (6.100)

Areal:  18.623 km2


Fylkesvåpen Møre og Romsdal fylkeskommune

MØRE OG ROMSDAL

Folketal: 256.000

Kommunar: 36

Mest folkerike kommunar:

  • Ålesund (44.300)
  • Molde (25.500)
  • Kristiansund (23.700)
  • Ørsta (10.400)
  • Fræna (9.500).

Areal:  15.115 km2


Kjelde: SSB okt. 2011
Ill.: Wikipedia CC-BY-SA-2.5)

Felles for alle fire fylka er at dei innrettar arbeidet og satsingane på ein måte som skal stimulere til lokalt engasjement (dvs. lokal mobilisering) og til å styrke den kommunale førstelinjetetenesta.  Når det gjeld lokal mobilisering er programma nokså like i måten dei set ytre rammer gjennom pengar, tidshorisont og krav til organisering og lokal forankring på.

Når det gjeld styrking av førstelinjetenesta er arbeidsmåtane nokså like i Hordaland og Sogn og Fjordane der dei har eigne kommuneprosjekt med vekt på næringsutvikling. Møre og Romsdal har “overlete” dette til dei kommunale Hoppid- kontora, medan Rogaland (fylkesmannen) har sine distriktskontaktar.

Ut over dette varierer det noko korleis den regionale partnarskapen bidrar med kompetanse og nettverksbygging – og ikkje minst kor aktive dei er i høve til å komme i dialog med kommunane og lokale utviklingsaktørar.

Kommunane er gjennomføringsleddet for det regionale nivået. Det blir tydeleg slått fast både frå fylkeskommunane og fylkesmenna.  For å kunne utvikle ei felles forståing av kva som er utfordringa, og ikkje minst, kva som er mogleg å gjere noko med, må det vere tilstrekkeleg dialog mellom aktørane og gjennomføringsleddet (kommunane). Vi ser forskjellar mellom aktørane og mellom fylka i korleis dei vel å nærme seg dette.

Medan nokre ikkje ser samanheng mellom regional planlegging, areal- og transportplanlegging og lokalsamfunnsutvikling, ser andre at dette heng tett saman. Medan nokre kommuniserer med kommunane berre på epost, reiser andre rundt og besøkjer kvar enkelt kommune for å få innspel på lokale utfordringar. På mange måtar handlar det mest om kva perspektiv ein har på utviklingsprosessar, korleis ein vel å legge opp dialogen, om ein gjer det i kraft av posisjon og mynde eller ut frå eit brukarperspektiv.

I Rogaland ser vi at fylkesmannen har ein direkte kontakt med lokale utviklingsaktørar gjennom at dei har distriktskontaktar plassert ute i regionane. Desse er tilsett på landbruksavdelinga til fylkesmannen og er eit viktig ledd i Rogaland til å gjennomføre arbeidet i praksis. Dette er stillingar som vart helde att då landbrukskontora gikk frå staten til kommunane. I Rogaland er dette ein slags “lyttepost” mot det som rører seg ute i kommunane, i tillegg til at dei er ein del av førstelinjetenesta. På den andre sida har fylkeskommunen ei meir tilbaketrekt rolle, og kommuniserer helst med utviklingsprosjekta pr epost. Men fylkesnivået arrangerer også søkjarkonferansar der dei presenterer strategiar, trendar og utviklingstrekk som er av regional interesse, og der ein inviterer dei lokale aktørane til å søkje prosjektmidlar i tråd med desse føringane. Fylket prøver med dette å vere meir proaktiv enn før, og kome i dialog gjennom mellom anna å delta i styringsgrupper og liknande for prosjekta.

I Hordaland er dei opptekne av å komme seg ut av Statens hus og Fylkeshuset og i fellesskap møte dei lokale utviklingsaktørane der dei er – enten det er i forbindelse med LivOGlyst eller kommuneprosjektet. Dei ønskjer å stimulere til utvikling gjennom mellom anna å komme tidleg på bana i forhold til potensielle nye prosjekt og dei ønskjer å bidra med eigen eller formidle andre sin kompetanse. Dette gjer dei mellom anna ved å reise på besøk til kommunar og til prosjekter og ved å arrangere kurs, seminar, konferansar, kompetansehevingstiltak og andre møteplassar for dei som deltek i prosjekta.

I Sogn og Fjordane har dei foreløpig ei litt meir tilbakelent rolle, og ventar i større grad enn dei andre fylka på at prosjekta skal kome til dei – utan at dei treng vere pådrivarar. Fylkeskommunen opptrer  meir som støttespelar og instans for fordeling av økonomiske midlar og støtteordningar enn ein utviklingsaktør/pådrivar for kommunar og lokalsamfunn.  Fylkesmannen ser det som viktig å myndiggjere dei som skal drive tiltaka ute i lokalsamfunna, og ønskjer ikkje å blande seg for mykje inn. Fylkeskommunen er oppteken av å styrke kommunane i deira utviklingsarbeid gjennom å auke deira kapabilitet.  Denne tilbakelente haldninga kan henge saman med at det er få konkurrerer til dei fylkesnivået i Sogn og Fjordane om rolla som utviklingsaktør. “Alle” veit at det er fylkesnivået dei må innom om dei skal få støtte til utvikling.

Møre og Romsdal er i likskap med Hordaland oppteken av å vere ein kompetanseinstitusjon for kommunane i fylket. Dei ønskjer ikkje berre å bli sett på som ein bank eller ein pengesekk, men vil først og fremst vere etterspurt på grunn av kompetansen. Pengane dei disponerer, skal smørje systemet. Dei ønskjer å vere ein aktiv og tydeleg medspelar i arbeidet med å sikre bærekraftig vekst, verdiskaping, nyetablering, forsking og utvikling, attraktive og dynamiske lokalsamfunn. For å oppnå dette ser dei det som naudsynt å vere i dialog med kommunane og avdekke både kva som er felles utfordringar og kva som er spesifikt for den einskilde kommune. Arbeidet med bygde- og lokalsamfunnsutvikling i Møre og Romsdal blir fronta under ein felles paraply – Hoppid – som partnarskapen har definert som eit felles ”varemerke”. Dei ulik avdelingane på fylkesnivå står samla om å ha ein tett dialog og samarbeid med kommunane.

Organisering og partnarskap

Fylkeskommunen og fylkesmannen har ulikt organisatorisk utgangspunkt for korleis dei tilnærmar seg tematikken bygde- og lokalsamfunnsutvikling. Fylkeskommunen har det siste tiåret har fått større legitimitet og ansvar for å opptre som ein regional utviklingsaktør, men har heile tida oppfatta seg som ein brubyggjar mellom staten og kommunane. Fylkesmannen er staten si forlenga arm ute i regionane. Fylkeskommunen ser seg sjølv som ein formidlar og kommunikasjonspart mot kommunane av den regionale politikken, medan Fylkesmannen som ein upolitisk byråkratisk organisasjon, legg mest vekt på forvaltning og tilsyn på oppdrag frå staten. Han vil i større grad kunne opptre i kraft av lover og føreskrifter, enn fylkeskommunen, som i tillegg må ha politisk legitimitet. Dette kan vere ei utfordring, men vi ser at det mogleg å få det til.

I Hordaland har dei valt å samle mykje av verkemidlane under LivOGLyst- paraplyen. Poenget med dette er å framstå som koordinert over for brukarane, og at det berre skulle vere ”ei dør” å gå inn gjennom.

Alle fylka jobbar med bygde- og lokalsamfunnsutvikling gjennom det formelle partnarskapet (Fylkeskommunen, Fylkesmannen og Innovasjon Norge) i samsvar med statlege føringar. Kor tydeleg partnarskapen er i det praktiske arbeidet med bygde- og lokalsamfunnsutvikling, varierer noko.

Felles for fylka er at utviklingsmiljøa som inngår i samarbeidet er relativt små og oversiktlege, og det gjer det lett å snakke på tvers av organisasjonane. Eit anna kjenneteikn er den meir uformelle samhandlinga med aktørar både frå næringslivet og frå FoU- miljø som finn stad når det er tenleg for saka. Her ser vi at Møre og Romsdal og Rogaland meir enn dei andre to fylka har hatt tett dialog med næringslivet i lang tid, og at dei offentlege aktørane konkurrerer med store private aktørar som ynskjer å spele ei rolle i samfunnsutviklinga.

Hordaland har kome lengst i å operere som ein partnarskap, her er både folk og pengar frå dei tre hovudpartnarane lagt i ein felles pott. Sogn og Fjordane har også langt på veg gjort det same, men då berre med Innovasjon Norge og Fylkeskommunen som del av partnarskapen.  Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har ikkje valt å legge pengane i ein felle pott slik dei gjer i Hordaland.

Rogaland har ein låg profil på sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling.  I dei andre fylka er arbeidet synleg i RUP- ane, og dei har ei arbeidsdeling internt mellom aktørane. Hordaland er det fylket der fylkeskommunen har innteke ei klar rolle som utviklingskoordinator. Saman med Møre og Romsdal er dei er også komne lengst i å trekkje saman næring, lokalsamfunnsutvikling og entreprenørskap.

Kommunane si rolle i partnarskapen er noko ulikt vektlagt. I Møre og Romsdal blir kommunane helde fram som den viktigaste partnaren.  Fylkesnivået reiser ut og møter kommunane på deira heimebane. Rogaland held meir avstand til kommunane som målgruppe og har valt å halde kontakten vesentleg ved hjelp av e-post. Hordaland har, som einaste fylke, inngått formelle samarbeidsavtalar med kommunane. Rogaland og Sogn og Fjordane opptrer meir som eit “sørvistorg” der dei kommunane som har behov, tar kontakt. Møre og Romsdal har starta med oppsøkjande verksemd ved at dei reiser ut til kommunane.

Møte i Fylkestinget i Sogn og FjordaneMAKTFORDELING I FYLKET: Mange har vanskar med å skilje fylkeskommunen frå fylkesmannen som institusjon. Her frå møte i fylkestinget i Sogn og Fjordane. (Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune, CC2.0, flickr.com)

Å gå gjennom ei dør og tale med ei tunge

Vi ser at Hordaland har lagt mykje vinn på å stå fram som ein aktør ut mot brukarane. Også i Sogn og Fjordane ser vi at dei finn tettare saman. Mellom anna har Innovasjon Norge og næringsavdelinga hos fylkeskommunen både samordna søknadar om midlar og reiser saman ut i felt for å møte kommunane nettopp fordi dei opplever at det er stor forvirring ute om kven som gjer kva. Også FMLA deltar i dette samarbeidet, men kanskje mest på det formelle planet. I Hordaland såg dei at arbeidet med matrelaterte oppgåver, entreprenørskap og samfunnsutvikling hang saman. I staden for å snakke kvar for seg om sitt tema, fann dei ut at det var meir hensiktsmessig å snakke ilag fordi nede på brukarnivå (prosjektnivå) heng dette som oftast tett saman. Eit matprosjekt vil gjerne handle om at ein eller fleire har utvikla ein ny måte, eller eit nytt produkt som dei ynskjer å få testa ut. Går det bra vil det kunne bety nye arbeidsplassar og utvikling av lokalsamfunnet, går det ikkje bra, har dei lært noko som kan takast med til neste prosess. Om midlane desse treng, kjem frå fylkesmannen eller fylkeskommunen, om det er relatert til strategi for mat, reiseliv, LUK eller anna satsing er av mindre interesse. Viktigaste for brukaren er at dei får midlar utan å måtte skrive lange søknadar, leite etter kvar den skal sendast, for så å vente i lang tid på eit svar.

Folk flest har problem med å skilje fylkesmannen frå fylkeskommunen som institusjon. Dei skil neppe mellom dei ulike pengesekkane heller, om det er RUP, BU, næringsselskap eller kommunale næringsfond som er rette mottakar, er for dei mindre interessant. Difor er det å opptre som ein aktør eit viktig moment, både for at informasjon ut og signal tilbake lettare skal kunne bli oppfatta og tolka av mottakar. I tillegg vil det å få til denne eine døra der alle kan gå inn utan først ha definert klart kva dei går etter, vere eit viktig grep.

Eit viktig trekk i dag er difor at det er lite samordning mellom aktørar. Korleis dette praktisk kan gjerast, vil sjølvsagt variere frå fylke til fylke, m.a. ut frå korleis den interne organiseringa er. Om pengesekkane blir samla fysisk eller ikkje, er ikkje det viktigaste, det viktige er at aktørane kommuniser seg i mellom og ikkje parallelt mot brukarane. Denne samordninga bør også omfatte det overordna nasjonale nivået.

Oppsummerande drøfting

Bygde- og lokalsamfunnsutvikling handlar om å mobilisere aktørar i lokalsamfunna til å ta i bruk eigne krefter og ressursar. Dei regionale aktørane kan velje ulike strategiar for å støtte opp om og ta del i denne utviklinga.

Det tydlegaste skilje går mellom Rogaland og dei tre andre. I Rogaland er ikkje bygde- og lokalsamfunnsutvikling eit eige tema, men kjem inn under det som vert definert som regionalt utviklingsarbeid.

Vi finn at det er to hovudliner i måten Vestlandsregionen driv bygde- og lokalsamfunnsutvikling på. Den eine er passiv og den andre er aktiv. Den passive rolla handlar om å overlate initiativet til dei lokale aktørane, medan fylkesnivået tek rolla som støttespelar og delfinansiørar. Den aktive rolla inneber at dei regionale aktørane sjølve tek initiativ og driv oppsøkjande verksemd der dei sel inn verkemiddel som kompetanse, pengar og nettverk. Rogaland og Sogn og Fjordane er døme på det første, og Hordaland og Møre og Romsdal er døme på det andre.

Eit anna skille er om dei regionale aktørane opptrer samla eller kvar for seg. Sjølv om alle dei fire fylka opererer gjennom den formelle partnarskapen så er dei ulike i forhold til grad av samhandling og samordning. I Hordaland har dei aktivt gått inn i den nye utviklingsrolla gjennom å samle alle ressursar, både folk og verkemidlar, i ei satsing. I Møre og Romsdal har dei samordna ressursane gjennom Hoppid, medan dei opptrer kvar for seg i høve til LUK- satsinga. Dei to andre fylka har halde fast ved den gamle arbeidsmåten med ei klar arbeidsdeling internt i partnarskapen.

Eigarskapet til bygde- og lokalsamfunnsutvikling har tradisjonelt vore todelt. Fylkesmannen har eigd bygdeutvikling, medan fylkeskommunen har eigd lokalsamfunnsutvikling. Etter kvart som staten har tydeleggjort endra roller for dei regionale aktørane, er dette bilete i ferd med å endre seg. Også her finn vi klare skilje mellom fylka. Ytterpunkta finn vi med Hordaland på den eine sida og dei andre på motsett side. I Hordaland har fylkesmannen og fylkeskommunen delt begge rollene mellom seg, medan i Sogn og Fjordane har fylkesmannen halde på rolla som bygdeutviklar og fylkeskommunen som lokalsamfunnsutviklar. Møre og Romsdal og Rogaland er tradisjonelle i den forstand at dei har halde på den gamle rolledelinga (i den grad Rogaland har definert bygdeutvikling som eiget tema).

Synet på bygde- og lokalsamfunnsutvikling er i ferd med å endre seg. Tradisjonelt har arbeidet vore oppdelt og fragmentert. Fylkesmannen, landbruksavdelinga, har drive med bygdeutvikling innretta mot landbruket, medan dei ulike avdelingane hos Fylkeskommunen har drive lokalsamfunnsutvikling ut frå kvar sine fagsektorar. Vi ser at Hordaland og Møre og Romsdal, i større grad enn dei to andre fylka, aktivt har gått inn for å samordne aktiviteten på tvers av avdelingane. I desse fylka samarbeider fleire avdelingar hos fylkeskommunen og fylkesmannen om bygde- og lokalsamfunnsutvikling for på denne måten å stå fram som “ei luke” for brukarane.

Frå at bygdeutvikling har vore sett på som noko som skulle kompensere for stagnasjon og manglande utvikling i dei mest grisgrendte områda, så fokuserer ein no på at det er viktig å utvikle gode buområde også i byer og deira omland. Tanken er at dette skal gje ringverknader og skape bulyst også i utkantane. Denne dreiinga kjem dels av ei erkjenning av at folk etterspør urbane kvalitetar, og dels av ei overordna målsetting om å utvikle funksjonelle regionar.  Sogn og Fjordane manglar større byar, og er i mindre grad opptekne av denne problemstillinga. Dei opererer heller ikkje med klare prioriteringar med omsyn til geografiske satsingsområde.

Behov for meir kunnskap

I denne studien av fylkesmannen og fylkeskommune sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling, har vi i liten grad sett på korleis kommunane oppfattar måten dette arbeidet blir gjennomført på. Dei to aktørane peikar på kommunen som si viktigaste målgruppe for dette arbeidet, og arbeidsmåtane er på ulikt vis lagt opp til å levere kompetanse, gje støtte og legge til rette for lokale utviklingsprosessar. Vi veit lite om korleis kommunane oppfattar dette oppdraget, korleis dei opplever at det blir utført eller kva dei eventuelt ynskjer å endre på. Samstundes ser vi at staten peikar på kommunane som den viktigaste utøvaren i dette arbeidet og regionalt nivå som den viktigaste medspelaren.

Vi har også peika på enkelte område der informantane ser at det ligg forbetringspotensiale når det gjeld det interne samarbeidet i det regionale apparatet og mellom aktørane. I tillegg ser vi at samarbeid med regional stat, ut over fylkesmannen, skjer i nokon grad og på enkelte område.

Denne studien viser at det er behov for meir kunnskap på fleire område;

  • Korleis opplever kommunane at arbeidet med bygde- og lokalsamfunnsutvikling blir lagt til rette på lokalt nivå
  • Kva er det som hemmar eller fremjar samarbeidet internt og mellom dei regionale aktørane
  • Korleis samhandlar regionale aktørar i den “nye” regionale modellen med regional stat.

INNHALD PÅ DENNE SIDA (teksten ovanfor):


Studiet “Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet” - innhald:

  • Fullstendig rapport i PDF-utgåve (utan illustrasjonar og eksterne lenker)

Publisert: 19.01.2012    Endret: 21.01.2012