Gå til hovedtekst
  1. a
  2. a
  3. a
Tindesenteret teikna av Reiulf Ramstad Arkitekter AS, vil tilføre Åndalsnes ein spennande arkitektur og ny møteplass.

Tindesenteret teikna av Reiulf Ramstad Arkitekter AS, vil tilføre Åndalsnes ein spennande arkitektur og ny møteplass. (Foto: RRA)

Artikkel

Lokalt engasjement og bulystmidlar bak Tindesenteret

Av: Oddrun Midtbø, 01.02.2012

Eit næringsliv med grenselaust engasjement, er gull verdt for eit lokalsamfunn. I Rauma er arbeidet med realiseringa av Norsk Tindesenter eit døme på dette.

Samarbeidet mellom leiande næringslivsaktørar med stort samfunnsengasjement, eldsjeler og utviklingsselskap har vore avgjerande for den positive utviklinga.

Næringsliv med samfunnsengasjement

- I Rauma snakkar dei om ”å posisjonere seg til flaks”. Kreativiteten, galskapen, utviklingskompetansen og dei langsiktige utviklingsstrategiane regissert på ein god måte, ser likevel ut til å vere den aller viktigaste innsatsfaktoren, seier Torbjørn Wekre. Rådgivaren ved Distriktssenteret kan syne til ei grundig kartlegging på nettopp Rauma-samfunnet.

Frå begeistring til realisering

Styret i Norsk Tindemuseum er initiativtakarane til tindesenteret. Stiftinga forvaltar arven, den store private samlinga med dokumentasjon, brev og foto frå lokal og nasjonal klatrehistorie etter fjellmannen Arne Randers Heen. Nordveggen AS, Rauma kommune og det lokale næringslivet har det økonomiske ansvaret.

Kva når engasjement og dugnadsånd ebbar ut?

- Dei fire millionar kronene frå Bulyst var heilt avgjerande for at arbeidet vart vidareført etter første prosjektperiode, seier Solveig Brøsta Sletta, dagleg leiar i utviklingsselskapet Nordveggen AS. Ho har vore med sidan 2008, og har sett all dugnadsinnsatsen folk i ulike heiltidsstillingar har lagt ned. Tida var komen for å gjere nokre val for framtida. Bulyst-midlane opna opp for at dei kunne tilsetje ein prosjektleiar.

Levande senter i sentrum

- Det skal bli eit levande og aktivt senter, eit opplevingssenter, med klatrehall av høg kvalitet, ei interaktiv utstilling om norsk klatrehistorie, filmrom og auditorium med plass til 100 personar, kafé, restaurant og bibliotek, fortel prosjektleiar Laila Hjellvoll. Like før jul fekk ho stadfesta at Møre og Romsdal fylkeskommune går inn med åtte millionar kroner. Ho er optimistisk til at det lokale næringslivet blar opp dei resterande 10 millionar kronene for å kunne starte bygginga i august 2012, og med opning året etter.

Tindesenter for alle?

”Verdens beste kommune for naturglade mennesker” er slagordet til Rauma kommune. Målgruppa er småbarnsfamiliar, men naturen og fjella har stor tiltrekkingskraft på single frelst på bratt friluftsliv. - Det er ikkje noko negativt i det, men vi arbeider målretta for at visjonen skal famna og ha appell for  flest mogeleg, seier Sletta.

- Skal Rauma og regionen lukkast med både etableringa og drifta av Tindesenteret vil det vere avgjerande at senteret appellerer like mykje til lokalbefolkninga  som turistar og andre besøkande. Det ligg godt til rette for at Tindesenteret kan verta ein spennande og ny møteplass for til dømes ungdom og næringsliv, seier rådgivar Marianne Solbakken i Distriktssenteret.

Rauma er eit godt døme verdt å forske på

Distriktssenteret meiner utviklingsarbeidet i Rauma er systematisk, heilskapleg og langsiktig. I Rauma som i mange andre kommunar, er det gjort lite for å dokumentere eventuelle samanhengar mellom korleis sentrale utviklingsaktørar i kommunen har jobba og kva resultat og effektar dette har gitt.  Det er difor lyst ut ei utgreiing på dette arbeidet på Doffin. Utgreiinga har som mål å få god kunnskap om eventuelle slike samanhengar. Resultatet vil gå inn i Distriktssenteret sin kunnskapsbase. Der skal funna liggje lett tilgjengeleg for andre som vil lære meir om samanhengar mellom ulike delar av lokalt samfunnsutviklingsarbeid og kva effektar dette kan gi.

Publisert: 01.02.2012    Endret: 02.02.2012